mandag 22. juni 2015

No er dagen komen. Onkel reisande Mac's er klar for ferie. "Jakten på hurtigruta" er i gong. 


Og for alle dei som ikkje leste statusen her godt nok då eg skreiv den fyrste gongen på Facebook ....... Eg skal IKKJE på rundtur denne gongen. I 17 dager skal eg og ein likesinna hurtigrute entusiast køyre rundt 8000 km opp og ned langs norges langstrakte kyst og ta bilete av alle dei ulike hurtigruteskipa. Dette blir moro!
Min medsamansvorne heiter Kjetil Wigen. Han e hakket kvassare enn meg. Han har kontakta alle kapteiner på dei ulike skipa i perioden. Dei har fått reiseruta vår og skal vere klare til møte!


Det vert mykje sprell undervegs. Reiseruta vår, m.m. er hemmeleg. Fylg med på facebook.




Fyrste fotoshoot vert i Måløy i morgon tidleg ca kl 04. Har me flaks får me nordgåande og sørgåande hurtigruteskip saman un der Måløybrua. Følg med på bloggen for og sjå korleis det går undervegs.

http://birgerro-fluenesherre.blogspot.no/







 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar