Eg reiste frå Voss og tok ferja frå Gudvangen ved midnatt. Eg kom til Nor-Cargo på Kaupanger litt over kl. 02. Der skulle eg overta lastebilen etter den andre sjåføren.
No skulle eg til Bama i Florø, losse der og vente på beskjed om opplasting att. Bama venter varene inn før klokka 6 om morgonen og er du ikke der då ringjer dei til bilen. Klokka 0550 ringde telefonen. Det var frå Bama. Då var eg 100 meter frå bygningen.
Eg lossa bilen, køyrde 200 meter bort på ein kai og la meg til å sove. Eg sov frå kvart over sju til ca. halv ti. Då ringde telefonen. Eg skulle reise til Fure som ligg i nærheiten av Dale i Sunnfjord for og laste fisk.
Om å halde sida si.
Noko eg ikkje liker med vestlandsvegane er at ein ikkje kan sjå kva eller kven som kjem rundt neste sving. Og på vinterføre må ein ofte "gje på litt" for å kome opp enkelte "kneiker" og bakker. Og eg kan love deg at det ikkje er noko stas når ein ikkje kan sjå dette. Bilistar skjøner ikkje dette. Om det er glatt, og smalt so køyrer dei seint og helst litt inn i vegen. Nett for sikkerheitsskuld. Nokre bilistar skjøner slike situasjoner, men desverre so alt for få. No møtte eg ein av dei som IKKJE skjønte det!
Eg hadde kjettinger på, og gav på for å kome opp ein liten bakke med ein uoversiktleg venstresving midt i bakken. Full spiker! Eg kom halvvegs, so kom det ein personbil - ein - %%%% - personbil som ikkje heldt sida si. Bilen låg nesten midt i vegen. Eg får full stogg. Eg hadde mest lyst til å gå ut og snakke med sjåføren, men gjorde det ikkje.
Eg sette på nødblinken og ryggja ned bakken att. Og ryggje ned ein bakke på glatta med vogntog/-semi er ofte eit "sjansespel". Ein liten feil og tilhengeren "slår" ut. Då får ein saks og vegen er blokkert.
Vel, eg kom meg ned der vegen flata ut, fekk sleppt dei andre bilane forbi (det vart sjølvsagt kø) og fekk prøvd bakken på nytt. Slik eg stod no hadde eg ein bakke både foran og bak meg. Det var ca 40 meter med flate mellom dei to. Eg ryggja ned att, og so langt bak og opp den andre bakken eg kom, og gav på igjen. Kjetting, sperr og løfta aksling på tralla og eg fauk opp bakken.
Ein bonde til hjelp.
Vegane var smale her ute og det var glatt. Eg var nesten framme ved fabrikken, berre ein liten "kneik" att. Eg kom nesten opp, hadde berre 5 meter att, men so var det stogg. Eg hadde kjettinger på enno men det hjalp ikkje noko. Det regna og blas ganske godt. Regnet rann nedover isen, og sjølvsagt i enden av denne bakken (bak meg) var det ein sving. Ein slak høgresving frå der eg stod som sjølvsagt hella feil veg.
Litt etter kom det to personer ut av eit hus frå ein gard like ved. Det var ein bonde som lurte på om eg trengde hjelp. Eg spurte om han kunne dra meg opp på toppen. Han henta traktoren som hadde grovkjetting på alle hjul og fekk dratt meg opp dei siste metrane. Takk for hjelpa til han!
Eg fortsette turen. Eg stogga ein forbipasserande, ein eldre mann, og spurte om vegen. Han peikte og forklarte. Eg kom ut til fabrikken men fann fort ut at det var feil fabrikk. Eg spurte ein på nabobutikken om vegen til det andre fiskebruket.
Smale bruer og store bilar.
Eg fekk snudd og køyrde vidare på leit. Plutseleg stod eg foran ei bru. Ei stor og smal bru. Og det blas kraftig no. Eg hadde tom tilhengjer so eg var ikkje lysten på å køyre over. Eg følte det mest som uansvarleg og risikabelt å køyre over denne brua slik vinden blas.
Alternativet var å ryggje tilbake. Nærare ein kilometer. Det var eg ikkje so lysten på. Eg fekk berre våge meg over brua og håpe det var ein plass å snu på andre sida. Eg kom til enden av brua og so var det stogg. Full stogg! Det gjekk ned nokre barduner som heldt brua oppe og brua svingte so det gjekk ikkje an og køyre forbi her med ein semitrailer. Eg måtte ut å sjå. Då eg lukka opp døra var det som om vinden "greip" tak i ho og flekte ho opp. Eg var skråsikker på at no for døra av. Men det "heldt". Men ho vart litt skeiv.
Vinden var skikkelig sterk no. Her ute var det ope landskap, ikkje noko som "heldt att". Og her stod eg med ein tom semitrailer oppå ein bru totalt overgjeve til Moder Natur. Eg var ikkje noko høg i hatten der og byrja sjå svart på det. Eg kom ingen veger. Eg fekk ringt til ein på fabrikken og han sa at det var ingen plass å snu lengre framme om eg kom forbi. So einaste mogelegheit var å ryggje.
Men eg var svært lite lysten på å ryggje over brua med den styrken vinden hadde. Men måtte eg so måtte eg. Det fekk stå til. Eg kom meg tilslutt tilbake og ned bakken på andre sida.
So kom det ein bil. Det var han som venta på meg på fabrikken og eg hadde snakka med på telefon. Han meinte me skulle klare å snu tralla her me stod. Eg tvilte. Men me fekk gjere eit forsøk. Og det gjekk. Jammen meg. Om ikke dette var å snu på ein femøring so veit ikkje eg.
Me kom oss til fabrikken og fekk lasta inn dei 33 pallane, men no såg eg svaret på for dårleg stuing. To cm stakk utanfor bak. Me fekk ikkje trua dei inn so pallane måtte ut att. Alle saman! Eg var ferdig opplasta ca. kl 2030.
"La grande actione"
- "NO, endeleg", tenkte eg, "ferdig opplasta og klar for det store utland". Eg hadde lasta full bil med ein levering i Barcelona og ein i Valencia. Men problema var ikkje over enno. Det var ein saleg blanding av snø, is, regn og glatte vegar eg hadde framføre meg.
Men eg tok laus frå fiskemottaket og satte i veg. Det var ikkje lange stunda før eg kom til det mest kritiske "punktet" på denne vegen. Ein bratt bakke med ein "stygg" venstresving midt i bakken. Kjettingane var sjølvsagt på. Men uheldigvis møtte eg brøytebilen på det trangaste punktet. So vart det stogg igjen. Sjåføren "skjemdes" då han rulla ned vindauget i det me passerte. Han sa han burde ha stogga lengre oppe.
- "Kjem du igang att?" lurte han.
- "Eg satser på det" svara eg.
Eg kom ca. 50 meter lengre opp so byrja det å spinne. Eg hadde sperren på, lyfta aksling, men det vart for seigt. Full stogg og NO trengde eg hjelp. Hadde eg flaks kom brøytebilen tilbake att her eg stod. - "Han kunne kanskje dra meg opp", tenkte eg og prøvde og sjå ljoset i tunnellen". Sjølv om eg ikkje var i noko tunell her. Alternativet var og ringje etter bergingsbil. Men brøytebilen kom den - etter ca. 15-20 minutt.
Eg lurte på om han kunne dra meg opp. Det kunne han men han måtte ned att og fylle på med sand so han hadde "noko å fare med". Han køyrde forbi, opp på toppen, snudde att og kom att omlag 20 minutt seinare. Han greide og slepa meg opp dei siste 30 metrane til toppen.
Han sleppte meg av og litt lengre nede i lia sleppte han meg forbi. Like etter kom eg til vegskillet RV607-57 ved Flekke. Eg hadde ikkje stor fart. Eg var bortpå bremsen ein gong og då "sleppte" det. Eg hadde kjettinger på og det var strødd her, men det hjalp ikkje. Det gjekk rett fram. Farten var so liten at eg var viss på at bilen kom til å stogge mot autovernet. Men der tok eg feil - skammeleg feil. No fekk eg sjå kva slags krefter som er i gang, og ikkje minst kor mange tonn eg hadde bak på tralla.
Ulukka.
So kom smellet, og like etter stod bilen på "halv åtte" i grøfta. Eg ringde sjefen og fekk gjeve beskjed om kva som var skjedd. Eg gjekk ut av bilen. Vinden gjorde at det var skikkelig surt og kaldt her. Det regna og det var mørkt. Det var strødd her men regnet gjorde at sanden rann vekk etter nokre få minutt.
Klokka var litt over halv 11 på kvelden no. Det kom ein del biler forbi og ALLE stogga for å høyre om eg trong hjelp. Det kom ein bil forbi med ein mann og ei dame i rundt midnatt. Dei stogga. Dama strakte seg over mot vindauge på sjåførsida og sa:
- "Jeg synes dere er flinke jeg. Kjører i all slags vær". Slikt er godt å høyre og hjelp på humøret om ikkje anna.
Bergingsbilen kom halv 3. Me prøvde med ein slepekrok i fronten på bilen. Den sleit ved eit trykk på 6 tonn! (Slike kroker skal halde 30 tonn. Dei er tross alt til for lastebiler). Bergingsbilen hadde berre den vetle slepewiren so no kom ikkje me lengre. Det måtte bestillast ny krok frå Oslo. Den ville verte sendt med fly til Førde og kom ikkje før i morgon ettermiddag.
Sjefen kom ut på plassen i 8 tida. Og han er ikkje rådlaus når det står på. Me såg det stod ein lastebil på trelastområdet rett nedanfor havaristen so han ringde til eigaren for å høyre om han ville ta ein omlast. Det kunne han, men han kunne berre dra det (lasset) til Førde.
Like etterpå var det full aktivitet her med omlasting av to vogntog. Det var ein traktor til å ta pallane og me var ein fem-seks mann til å gjere jobben. Pakka frå Oslo vart henta i 14 tida og eg tok ein bil og køyrde attende til Sogndal for å få meg noko søvn. Eg fekk eit krypinn hjå sjefen. Klokka var litt over 18 då eg kom her. Noko mat fekk eg og (!). Eg hadde tross alt ikkje ete noko på over eit døgn.
Den andre bilen i firmet ville kome frå Oslo ved midnatt. Då ville me koble over trallane og eg ville reise med den bilen til Spania. Litt over klokka 01 var eg klar til å reise. No var det over Hemsedalsfjellet og mot Oslo og so ut (utanlands). Men eg var framleis ikkje ferdig med "dramatikken" - om ein kan kalle det det.
Hjort til besvær.
Eg var på veg gjennom Lærdalsdalen då det plutseleg kom ein hjort og for ut i vegbana. Eg kjende kor kuldegysningane "jog" gjennom meg og heilt ut i fingertuppane. Hjorten var berre eit par meter foran lastebilen, og det einaste eg hadde i tankane var å styre bak han. Hjorter (og andre dyr) har det til felles at når dei fyrst er på veg over vegen so er dei på veg. Dei snur skjeldan (aldri) og går tilbake. Eg gjekk klar av han, men kjende lenge kor det "satt i". Det var ikke noko god følelse.
Halvtimen seinare var det til å byrje på oppstigningane til Hemsedalsfjellet. Eg kom ein hundremeter opp i bakken, før det var stogg. Full stogg. Eg hadde full pinne opp bakken, men det var for glatt. Kjettinger måtte på. Mens eg stod å la på kjettinger kom det ein personbil forbi. Han stogga og kom ut for å hjelpe. Medan me stod der, so "reiste" bilen hans. Den sklei 6-7 meter bakover og stogga mot brøytekanten. Det var glatt her. Vegen var snødekt og mest polert.
Eg takka han for at han hadde tilbode hjelp men sa eg greide meg sjølv. Eg fekk kjettingane på og klatra og "gnog" meg opp bakkane til toppen. Eg køyrde med kjettingane på heilt til Gol. Eg kom til Oslo 10.30. Det - var ein lang og hard natt på vegen.
Eg fekk rygga meg inn til ein rampen på Nor Cargo terminalen, gav nokre ordrer til terminalarbeidarane og gjekk for å sove i bilen. Eg fekk like etterpå telefon om at 2. sjåføren ville komme på i Helsingør. Kor tid kunne eg vere der?
Sidan eg hadde hatt eit uhell og lasta var meir enn 12 timar forsinka måtte eg ha "byfahrer" eller ekstramann på bilen. Og kalla to-manns løp. Eg sa det var ein 7-8 timers køyring til Helsingør frå Skårer. Eg var ikkje so lysten på å køyre meir i dag, men kunne ikkje stå her heller. Eg hadde ikkje køyretid at, so eg måtte jukse litt for å få det til. Eg sov eit par timer etter eg hadde lossa før eg køyrde mot Helsingør.
Ein Dansk byfahrer.
På veg ned på ein to fils motorveg, medan dansken køyrde, kom ein liten lastebil opp på sida av oss. Han låg godt over mot den kvite midtstreken (mot oss). Det såg ut som han ville presse oss. Dansken utbryt:
- "Det va fæn til du breier dei ut mænn".
Om og finna fram.
Me skulle losse i Barcelona fyrst. Ingen av oss var kjent der. På denne etappen var det eg so sat bak rattet. Me køyrde ned til eit industriområde, sette på nødblinken og for ut for å leite etter folk å spørre om retning. Det kom litt etter ein bosbil som stogga.
Han fekk forklart med teikn og nokre halvengelske gloser at han kunne vise oss veg. Han skulle berre hente personbilen sin. Like etter kom han attende, like fort som han forsvann. Me kom ut på motorvegen att, køyrde eit lite stykke, men so mista me han i trafikken.
Han lurte nok litt då me køyrde av motorvegen for tidleg. Det kom nokre velfarga gloser frå min danske ven. So hard var orda som kom ut frå min nye kamerat at eg fekk latterkrampe.
Det var mykje trafikk her, og me hadde fyld etter ein feil bil på feil avkøyring. Me kom oss inn att på motorvegen og plutseleg kjende me oss att på kartet og den henvisninga me hadde fått. Me stogga utanfor ein bensinstasjon. Losseplassen måtte vere i nærheiten. Me parkerte på fortauet for å stå der for natta.
Mat må ein ha.
Dansken hadde tydelegvis vore på slike "tokter" før. Han sa me skulle ta t-bana til eit meir befolka strøk so me gjekk etter skilt til næraste t-bane. Me tok bana til neste stopp. Og der var det mykje meir liv og leven. Me fann oss ein MacDonalds. Der fekk me oss noko mat og ikkje lenge etter bar det tilbake att same vegen til der bilen stod. Neste morgon køyrde me dei 400 metrane til leveringsplassen.
Me måtte stogge midt i gata med nødblinken på. Gjekk ned til mottaket. Men me fekk forklart via teikn og fingerspråk at det ikkje var her, men rundt kvartalet. Ein kar ville vere med oss for og vise veg. Me køyrde litt til. Inn i nokre trange smale gater før me enda opp ved ein port. Lossing av 8 paller og so var me ferdige her.
Ferda bar vidare til Valencia. Køyreturen mellom Barcelona og Valencia tok knappe 4 timar. Eg beit meg merke til dei enorme fruktmarkane me hadde på høgre side medan me køyrde ned solkysten av Spania. Eg trur det var appelsin me såg heile vegen ned.
I Valencia skulle me til ein fiskemarknad. Dansken hadde vore her før so me fann fort fram. Me parkerte inntil ein rampe og gjekk på ein bar. Det var siesta her so me fekk ikke lossa noko her enno.
Medan me sat på baren kom det ein mann inn og spurte høgt "Norwegia - Norwegia?" Han såg seg rundt og venta på svar.
Me skjønte det var oss han ville ha tak i. Eg gjorde teikn til han. Han sa me var på feil plass. Sjølv om adressa me hadde parkert på var rett, var det feil (!). Me skulle til ein bygning 6-700 meter lengre borte. Like etter ringde Nor-Cargo og. Dei kunne fortelje meg det var ein mann som for og leita etter oss.
Eg gav beskjed om at me hadde snakka med han og at alt var i orden. Eg fekk samstundes og beskjed frå Nor Cargo kontoret om kor lasteplassane var for lasting heim att.
Me køyre til ein plass i nærheiten, lasta på 5 paller og køyrde videre til ein plass som heitte Nules. Der måtte me stå til neste morgon. Me stogga på ein Truckstop litt over 18 om kvelden. Dette var ein truckstop med alle "fascilitetar" for oss sjåførar. Bokstaveleg talt.
Lasting i Nules, Valencia.
Det var eg som skulle starte køyringa neste morgon. Firmaet me skulle laste på heitte "Maasfruit". Eg rygga inntil rampen litt før klokka 10. Det var ingen her no. Det var nok ein liten siesta på gong. Me gjekk ned på ein liten bar for å få noko mat og litt kaffe.
Medan me traska nedover desse små sjarmerande gatene ringde telefonen min. Det var frå NRK Hordaland. Det hadde sett at eg hadde gjeve ut bok. Og ville lage eit intervju om det i ettermiddagssendinga. Kunne dei ringje meg opp att seinare?
- "Heilt i orden", sa eg.
Me var ferdig opplasta klokka 14. Me hadde fått fullt lass her. Det hadde dei nok berekna for då var det siesta (att). Og folka på plassen forsvann like fort som dugg for sola.
Før me kom ut i bilen kom ei dame bort til meg og lurte på om eg kunne ta med to pakker med sprit opp til dei i fruktkontrollen på grensa. Det høyrdes ikkje so fint ut. "Smugling", tenkte eg. Ny som eg var i langtransportyrket.
- "Ta det med", sa min erfarne sjåførkollega, "Ta det med!" Me sette dei to kassane inn bak på bilen.
Punktering.
Då me gjekk ut til bilen såg me at eine dekket på tralla var flatt. Punktering. Ein liten "piff" i kvardagen for ein yrkessjåfør. Kva no? Dansken for inn og henta ein mann. Dei kom ut og det vart pekt på dekket.
- "si, si", sa den lokale karen.
Han gjorde teikn at han skulle ringje og forsvann inn att. Han kom ut etter nokre lange minutter, peikte på bilen sin og me skjønte at me skulle fylgje etter han. Det var enno to heile dekk att på den sida der det punkterte dekket var, so me kunne køyre med bilen, men det burde sjølvsagt ikkje vere for langt. Og det var det ikkje heller.
Me køyrde ned mot sentrum i den vesle landsbyen. Det var ein liten "by" men husa var bygd tett i tett, so gatene var tronge. Mannen køyrde inn ei gate som stod forbudt for lastebil over 3.5 tonn. Eg tenkte ikkje over det, berre fylgde etter bilen. Og under minuttet seinare merka eg blålysa bak meg.
- "Dei skal nok ha tak i oss" sa eg til Ib.
Og halv minuttet seinare kom det ein politibil til foran oss. Han sperra vegen med bilen og kom ut. Eg skulle til å gå ut men vart stogga av min rutinerte danske sjåførkollega.- "Sit, sit.....la de årne op sel", sa han.
For og komme inn til denne vetle bilverkstaden måtte me ryggje ut frå ei bakgate og over den svært travle "hovudgata" for å komme dit.
Like etterpå forsvann politibilane og dansken sa: - "Jei tipper de køer ut og ståper trafiken".
Og han fekk rett. Trafikken vart stogga i begge retningar og me fekk ryggje over til den neste bakgata. Det var der den lokale verkstaden var.
Medan me stod der og venta på hjulskift ringde telefonen min. Det var frå NRK Hordaland. Det var det intervjuet ang. boka eg hadde skrevet. Du veit boka "Livet på landeveien" eg skreiv og som eg no fekk erfare at var so mangfaldig og utfordrande. Og ikkje minst fasinerande. Seint på ettermiddagen var dekket fiksa, og me kunne setje nasen heimover.
Før me forlot Spania måtte me ta fruktkontroll på lasta. Den skulle me ta ved grensa mellom Spania og Frankrike. På ein plass som heitte La Jonquera. Det skulle verte en ny oppleving og erfaring å ta med for meg. Ei oppleving som gjer dette livet som yrkessjåfør so utruleg fascinerande og utfordrande. Me kom til grensa i elleve tida om kvelden.
Ein spansk ein i Spania.
Før me kom so langt ville me ha oss ein lita matbete. Me passerte ein cafe og den såg so bra ut at dansken svinga over på feil side av vegen, nødblinken på, ryggja tilbake og inn på plassen. Og ikkje før me hadde kome inn der so var det ein politibil opp ved sida på oss.
Eg sa: "Dei likte visst ikkje at me tok ein spansk ein her i Spania".
Me gjekk ut. Dei var franske desse politimennene. Kor dei kjem frå desse politibilane må gudane vete. Men kjappe er dei når det er noko som skjer. Dei kunne ikkje engelsk. Me skjønte godt kva dei prøvde å forklare oss. Men dansken visste kva han gjorde då han spelte "dum".
Politimennene berre rista på hovudet av slike tullingar og forsvann inn på cafeén. Det gjorde me og. Me kunne ikkje reise derfrå før dei var reist. Sidan me måtte ta ein (ny) liten spansk ein for å kome tilbake same vegen me kom frå. Dei hadde vel kome etter oss att hadde dei sett det. Og då hadde det vel ikkje hjulpe og spele dum.
På "Club" i Spania.
Etter å ha funne ut kor me skulle ta kontrollen neste dag køyrde me for å finne ein plass å stå for natta. Me køyrde forbi ein "club" og parkerte 6-700 meter bort i gata. Me gjekk tilbake for å "undersøkje" denne "club´en". Me gjekk inn. Det var stille i lokalet. Mange nyskjerrige blikk møtte oss. Det var ein sju-åtte personer her inkl. personalet bak disken. Eg såg fort at alle var frå det lokale miljøet.
Ein trengde ikkje vere professor i mattematikk for å skjøne at dette var ein nattklubb av den meir lugubre typen. Ein blanding av bar, horehus og kanskje hotell.
Me fekk oss noko å drikke og stod inntil bardisken. Det gjekk eit minutt og so var det to damer som kom og "hengde" seg over oss. Og dei klådde. Det var vanskeleg å drikke noko sidan ein hadde fullt nok med å halde ivrige hender vekke.
Dama som "dreiv på" med meg, ei nydeleg negresse, var so fin at ein gladeleg kunne krabba etter ho inn på........ja..... Ho kunne ikkje vere meir enn 20-25 år. Ho kunne litt engelsk og det var ikkje måte på kva ho fortalde og sa for å lokke meg med inn på eit rom.
Eg snudde meg for å sjå korleis det gjekk med min danske kollega. Eg kjem - ALDRI - til å gløyme det synet og utrykket hans so møtte meg. Han hadde nemleg "enda opp" med ei dame som garanert var 50 år. Minst. Ho såg hvertfall slik ut. Mykje make-up og sminke gjorde at ho var nesten bleik i ansiktet. Ikkje var ho spesielt fin heller.
Ib såg svært misfornøgd ut og sa til meg at han fekk omtrent kulemage då ho dreiv og fikla med han. Eg hadde vanskeleg for å halde meg. Kanskje var det litt misunning når han såg dama som stod ved sida av meg.
- "La oss drikke ud å smi herfra", sa han.
Kollegial som eg var sa eg meg einig. Kanskje "galskap" å forlate dama eg hadde rundt meg, men jungelloven (Og kameratskapen) er hard og må fylgjast. Me drakk ut og forlot lokalet. Eg humra og lo heile vegen tilbake til bilen.
Min danske kollega sa dama vekte morsfølelsen i han. Eg lo lenge etter me hadde lagt oss. Han spurte meg om "du ha hygætt dei?"
Fruktkontroll.
Neste dag var det fruktkontroll som stod på dagsordenen. Me parkerte utanfor ein bygning og det gjekk toppen 2-3 minutt før det kom ein bil og stogga brått foran oss. Dansken skjønte fort at det var sprit-pakkene mannen var ute etter. Ib opna opp bakdørene på tralla og tok ut dei to kassane. Han gav dei til mannen. Han tok fornøgd imot dei og la dei fint ned i bagasjerommet på bilen sin.
So sa han berre "Control - ok!"
- "Det var fruktkontrollen sin det!", tenkte eg.
Men me måtte vente på tolldokumenta. To timar tok det, men me slapp billig unna. Det stod 20-30 andre lastebiler her på plassen so tydelegvis hadde stått her lengre enn kva me hadde gjort. Halv 12 fekk me papira og det kosta 3000 pesetas.
Dirección noruega.
NO, var det strake vegen heim mot Norge og Oslo. Ca. 36 timer i rein køyretid. På veg ned ein bakke, medan dansken køyrde, låg me bak ein annan lastebil. Den byrja og bremse, og bremsa kraftig då dansken tilslutt utbryt:
- "det va fæn te du va svær med dit bremseri".
I Padborg gjekk han av bilen. No ville eg greie resten sjølv. Eg kom til Hirtshals 2 timer før ferja gjekk. Eg skulle til Moss. Det ville verte trangt om tida når eg kom til Oslo. Eg skulle heim til nyttårsafta. Det var fredag og 16 timer att til det nye året skulle ringjast inn.
Tollkontrollen i Moss gjekk kjapt, og på veg mot Oslo fekk eg ringt til nokre slektninger i Asker og lurte på om dei kunne hente meg på Skårer og køyre meg til togstasjonen. Det kunne dei.
Eg parkerte på skårer kl 0950. Og vart henta der av tante Imma. Me kom til stasjonen og neste tog - det einaste toget den dagen gjekk kl 1047. Det toget skulle eg med om eg so skulle sitte på taket heim.
Ved midnatt stod eg heime og såg på rakettane som for opp og ynskte det nye året velkommen.
On the road again
Goin' places that I've never been
Seein' things that I may never see again
And I can't wait to get on the road again
---------------------------------------------
Kart over køyreturen:
![]() |
| 1. etappe: Askvoll - Helsingør. |
![]() |
| 2. etappe: Helsingør - Valencia. |
Historien vart opplevd i perioden 1999-2001













Har lest det før, men like facinerande reprisen! God påske, Birger!
SvarSlett