lørdag 10. november 2018

Dag 12.

Eg står opp rekordtidleg for denne rundturen. Klokka var berre 0630 då beina hadde kontakt med golvet i lugaren. Det er siste dag på denne rundturen og eg ville ikkje gå glipp av noko som helst.

Eg tok ein kjapp luftetur på dekk før eg gjekk inn att til eit dekka frukostbord. Det var ikkje mange sjelar her i dag. Mange hadde sikkert gått av i Trondheim og dei andre valgte vel og sova frampå litt til. Men ikkje eg.


Frukosten drygde eg ut i det lange og det breie. Heilt til klokka åtte. Eg sat (sjølvsagt) med eit vindauge og nytte frukosten og fekk då sjå både innsegling og kaianløpet til Florø.




Florø er administrasjonssenteret i Flora kommune, og er Norges vestlegaste by. Byen fekk bystatus i 1860 og det bur omlag 9.000 innbyggjere her. Kommunen er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet og fekk Miljøbyprisen i 1998.

Det var to nattanløp i natt. Torvik kl 0215 og Måløy kl 0515. Like utanfor Måløy møtte me og på nordgåande MS Nordlys. Men det var tussmyrke ute og hadde vore vanskeleg og sett noko. Det er stort sett berre tusser og troll som er oppe so tidleg. Og so fuglane som fis då. Eg sov.

Bilete frå ein namnlaus plass i leia. 
Me har og passert det siste av dei 6 opne havstykka på denne turen. Det er Stadthavet. Og endå ein gong til alle de bylgjepessimistar der ute. Det var null bylgjer og finna her. Ein rundtur med hurtigruta er IKKJE som verken Englandsbåten eller Danskebåten. Dei seglar over åpent hav. Hurtigruta gjer det (nesten) ikkje. So endå ein gong måtte eg nesten skuffa konstantera at eg ikkje fekk prøva ut bylgjer. Men eg klagar ikkje.


Anløpet i Florø var fint. Dei gulorange fargane på himmelen var svært fengjande og sjå på. Eg vart ståande mest som fjetra og sjå på det.

Det var nok den godaste kaptein Simonsen som hadde bestemd seg for at rundturen skulle gå ut med stil. Det var mildt, flott morgonver, opphald og ingen vind medan me låg her i Florø.


Klokka 10 var det utsjekk frå det som hadde vore min "hybel" i desse 12 flotte dagane ombord i MS Nordkapp.


Da det var gått ein halv time etter dette litt kjedeleg tidspunktet (kl 10), hadde ekspedisjonsteamet klassisk musikk på programmet oppe i multebaren på dekk 7. Ein særs passande ting og ha på denne dagen og dette tidspunket spør du meg.



Utanfor skipet er me no byrja og få vestlands natur rundt oss. Etter og ha forlatt Florø er det mykje fint og sjå på ute på dekk. Me segler no inn i Askvoll kommune. Her vil me etterkvart få eit flott og særs dominerande fjell som heiter Alden på styrbord høgre side. Eg vert like imponert kvar gong kor dominerande og flott dette fjellet er.

Og bakom dette fjellet ligg Værlandet. Dette er ei øy ytterst i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Den ligg midt i munninga av Vilnesfjorden. Det bur skarve 200 mennesker her ute på den forblåste øya. Denne øya har gjeve meg varige minner. Gode minner frå ein svunnen tid då eg var langtransportsjåfør.

Her fekk eg ut og laste fisk i 1999. Ferja som skulle ta meg frå Askvoll og ut til øya var so liten eg måtte sleppe ut luft av lastebilen og ryggje ombord på ferja. På den tida var det vanskeleg og finna fram på øya fekk eg beskjed om, so alle lastebilar som skulle laste fisk her MÅTTE ha fylgjebil med seg. Slik at dei ikkje kom på avveger. For det hadde skjedd var skremselshistorien eg fekk høyre. Om ein semitrailer som køyrde seg so fast dei måtte ha mobil heisekran for og snu den rundt.


Sidan me var sjekka ut av lugarane sat dei fleste oppe på toppdekket. Det var mange som var her no. Den flotte musikken stod i fin stil til den litt dramatiske naturen som gleid sakte forbi dei store vindaugane i skipet. Skipet slynga og dansa seg mellom fjell, knausar og små skjær.


Medan musikken vart spelt kom me og til det siste "verdt og få med seg" høgdepunkt på turen. Me var no komen over i Solund kommune og skulle passera gjennom det vakre Steinsundet. Det er vanskeleg og beskrive kor flott seglinga gjennom dettet sundet er. Heile tida medan me har holmar og skjær rundt oss kan me samstundes sjå kjølvatnet slynge seg i sikk sakk bak skipet. Temperaturen heldt seg som ved anløpet i Florø med milde 13 gradar på stokken, vindstille og opphaldsver.

Lunchen tok eg klokka 12 so eg var sikker på og få med meg dette sundet. Alle har me reisande rett på eit siste måltid. Det vart denne lunchen. Eg kjende på matleiheita men åt no det eg var god for.

So tok eg ein runde og samla underskriftar frå nokre av dei tilsette og dei av passasjerane eg hadde hatt mest kontakt med på turen. Det synes eg er lurt for min eigen del og veldig kjekt og ha tilbake og sjå på. Det er og lettare og skilje dei ulike rundturane frå kvarandre då.

Passasjen over Sognefjorden pleier ofte og gje små duvande bylgjer. Det vart opplyst over høgtalar kvifor det var litt bylgjer her. Sognefjorden er Norges lengste og djupaste fjord med sine 205 km og 1303 m på det djupaste.

Sognefjorden vart til Fensfjorden og deretter Fedjefjorden før me segla over i Hjeltefjorden. Her har det vore mykje action dei siste dagane. Det var her fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS». Me kunne sjå den havarerte fregatten langt inne med land då me passerte ulukkestaden.


Resten av turen før me kom til Bergen tilbragte eg oppe i multebaren. Me som hadde hatt bord saman under middagsmåltida samlast rundt eit bord og fortalde åssen me hadde hatt det på turen og kva livet skulle bringe vidare no for kvar og ein av oss. Nye venskap er stifta der me utveksla adressar m.m.



Me nærmar oss Bergen no. Siste destinasjon på denne rundturen. Det byrjar og bli oppbruddstemning ombord. Eg prøver hardt og få ferdig dag 11 av reisa, og skriv so mykje og bra eg kan. Der eg sit kan eg ikkje unngå og overhøyre litt av praten frå eit nabobord. Der sit Becky og Peter med kona si (fann eg ut under samtalen deirans). Dei høyres særs nøgde ut.

- "Becky nice to meet you. Why have'nt we met before the last day on the ship?".



Vel attende i Bergen gjekk eg i land saman med dei andre passasjerane. Eg fann ryggsekken min som kom so fint ut holdet i veggen og gleid mot meg på det svarte samlebandet. Deretter tok eg ein taxi og for til Flesland. Der skulle eg ta med meg ein Hertz leigebil som skulle til Voss.


Eg hadde ringt både Hertz og Avis på Voss for og høyre om dei hadde leigebil som skulle tilbake dit. Hertz hadde ein. To fluger i ein smekk. Dei får bilen heim og eg får gratis transport.




Lengselen etter og møte min trufaste vetle fylgjesven var til og ta og føle på då eg passerte Dale.


Og litt over klokka fem på ettermiddagen var onkel fornøgde Mac vel heime på Voss. Borte bra men heime best. Takk for turen.










Litt facts:
- Min 11 rundtur.
- Eg har enno ikkje opplevd bylgjer.
- Eg har reist med Lofoten 3 gonger, Trollfjord 2, Richard With, Finnmarken, Nordstjernen, Nordkapp, Polarlys og Midnattsol alle ein gong.
- Eg har teke 7 utfluktar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar