lørdag 3. november 2018

Dag 5.

For oss i overkant entusiastiske passasjerar må ein tidleg opp i dag. På dag 5. Eg er riktignok oppe tidleg kvar dag, men i dag bør eg det sidan me skal møte sørgåande hurtigruteskip her i Harstad like etter avgong ca kvart på åtte. Då er det godt og ikkje minst praktisk og ha frukosten unnagjort.

For morgonfuglar er det ein god anledning til og ta seg ein spasertur i byen. Me skal liggje til kai ein god time. Frå 0645-0745. Men eg har fått slike fine rutinar at eg heldt meg til dei - Frukost so sjå det innkommande hurtigruteskipet.

I dag var det MS Kong Harald so skulle gjere morgonanløp i byen med omlag 25.000 innbyggjare. MS «Kong Harald» er systerskip til MS «Nordlys» og MS «Richard With», og var det fyrste av den nye generasjonen hurtigruteskip. Skipet har gått i fast rotasjon i hurtigruta siden juli 1993.


Eg synes det alltid er flott og sjå når hurtigruteskip kjem glidande inn i denne hamna. So eg har fått med meg alle anløp her når eg har vore på mine rundturar.

Når eg no sit i restauranten og nyt frukosten min denne dagen sit eg bevisst på styrbord høgre side i skipet. Med eit vindauge. Langt framme i restauranten. Då kan eg helda eit auge ut om og når hurtigruta kjem. Om det skulle komme før oppgjeve tidspunkt. Eg fylgde og samstundes med på marinetraffic kor skipet var hen i terrenget. So eg hadde full kontroll.

MS Kong Harald kom då det skulle, og eg fekk teke bilete og video av innkomsten. Job done.

Ellers verdt og nemne. Det har vore 3 nattanløp. Stokmarknes, Sortland og Risøyhamn.


Då klokka nærma seg ti fann eg piske deg ut at eg trengde ein powernap. Eg må ha lov til det. Det er so mange inntrykk som må bearbeidast at eg gjer det skikkeleg. Med ein powernap. Eg drøymde om alle dei ulike presentasjonane skipet hadde på programmet i dag. Reindyrhald, birds of the UK, kongekrabbe presentasjon og nordlyspresentasjon på kvelden.

Det vart ein lang powernap. Eg hadde sett klokka til og ringe so eg ville vere klar til og overvære anløp Finnsnes klokka elleve. Her var det grått ver. +9 grader, mildt og ingen vind.


Ein viktigheit for min eigendel er at eg pleier og ha ein kort minnestund på dekk for den forrige bikkja mi, Lily, når me forlet Finnsnes på nord. Det var under ein rundtur med MS Lofoten for 6 år sidan måtte ta den tunge avgjersla om og la ho få sovne inn (pga sjukdom). So om nokon lurte - eg har grått mine modige tårer på hurtigruta. Fine, fine Lily.



So fer eg og tusler rundt på skipet. Opp og ned - ut og inn. Inne koser folk seg i dei ulike salongane. Nokon sit og strikker, nokon speler kort og nokon søv. Men ikkje sei det siste til kapteinen. Ein kaptein på ein av dei tidlegare rundturane mine sa at han likte fint ver, men når det var mange dager i strekk med sol og fint ver vart folk so døsige og sovna gjerne på dekk. Når det er dårleg ver er dei litt meir på vakt. Han ville jo at dei skulle få med seg den vakre naturen Moder norge har og by på.  :)

Og midt på dagen då begge visarane stod lukt i veret opp var det lunch. Det er sikkert ein hard jobb for magen og fylgje med rundt det svære matbordet som heiter Torget Coastal Kitchen.




Etter lunch hadde eg ein time til og sosialisere meg på før me skulle passere gjennom Rystraumen. Dette er eit sund lengst aust i Straumsfjorden mellom Kvaløya og Ryøya i Tromsø kommune i Troms. Sundet er berre omlag 500 meter breitt, relativt grunt, og danner ein tidevannsstraum som kan gå med ein hastigheit på opptil åtte knop. I dag var det vindstille, mildt og fint ver her.

Under gjennomfarten her tok att ein snedden fiskebåt. Eg var inne på marinetraffic.com og kunne sjå at den gjekk med 8 knops hastigheit. Sidan me fort tok innpå og snart var forbi det vetle fartøyet tipper eg at me hadde rundt 12-14 knop.


kl 1345 skulle det vere presentasjon av den mektige kongekrabba. Eg var med på ein slik presentasjon på ein tidlegare rundtur og fekk teke ein nærare titt på denne skapningen. Eg får litt ildt inni meg når eg ser hjelpelause skapningar. Menneske som dyr og fisk. Sjølv om eg er landkrabbe og liker meg veldig godt til sjøs er nok dette ein an type krabbe som helst vil vere under havoverflaten. Og berre der. So eg hadde uansett ikkje tenkt og overvære den presentasjonen.

Like før det angitte tidspunket vart det opplyst over høgtaler at no skulle det være presentasjon av kongekrabbe ute på dekk syv".

Det gjekk berre eit lite minutt før det kom kontrabeskjed og ny melding over høtaleren......  "Presentasjon av kongekrabbe utgår fordi vi er tom for krabbe". Hehe. Eg måtte berre le.


Livet ombord på MS Nordkapp gjekk sin vante gong, klokka nærma seg anløp i Nordens Paris. Tromsø. Her var det fleire mogelegheiter for nye utfluktar. Som t.d. Tromsø sightseeing, landskap og huskyer eller ein vandretur med nokon frå ekspedisjonsteamet.

Eg føretrekk og ta ein tur i land og vandre litt for meg sjølv. I mine eigne tanker. Eg såg litt på den nye Hurtigruteterminalen her. Med heis, turistinformasjon og souvenirbutikk. På nedsida av bygget var det eit sykkeltilbod. Ser ut som det same dei hadde tilbod om i Trondheim. At folk kan putte på ein 20-kroning og so leige sykkel for dagen. 20-kroningen får du att når du leverer sykkelen attende her eller ein annan plass i byen. Eg trur det er slik det fungerer her og. Ein ordning me på Voss må sjå på.

Når eg er med hurtigruta tek eg meg alltid ein tur inn på (nye) rorbua og gjer meg opp mine betraktningar om byen og tromsøværingane. Eller dei andre som måtte ta turen hit. Dette gjer eg over ein god kopp kaffe eller ein kald tromsø øl. Etter det tusler eg attende til skipet.



Middagsbordsetet mitt starta presis då nordgåande hurtigrute skulle leggje frå kai. Nemnleg 1830.
Då dei fantastiske fire som me har blitt, var samla rundt våre to bord kom praten fort i gong om kva me hadde gjort på denne dagen. Me hadde finfine temaer som fisken som etterkvart kom på bordet og kva denne heitte på engelsk. Me snakka om utfluktane to av oss hadde vore med på og me toucha innom telefonar og kor bra dei hadde blitt.

Vår nyankomne bordkavaler frå Australia hadde sidan sist funne ut kor mange kilometer det var frå Nordkapp til Nordpolen. Men han hadde gløymt det.

- "It's 21something, but I can't remember what the something is".


Ein vanesak for meg har blitt kor misunnelege mine bordkollegaer alltid vert når eg får kjøt på bordet og dei får fisk. På alle mine rundturar. Eg hugser på min aller fyrste rundtur i 2005 eg ikkje gav beskjed om at eg ikkje ville ha fisk på førehand fekk "kjeft" for det. For restaurantfolka vil jo berre vårt beste. At me skal få ete oss gode og mette. So etter den gongen har eg alltid fått "fiskekort" når eg går til middag. Og misunninga er stor.

- "Jeg spiser fisk", sa ein bordkollega på ein av turane ein gong, "men får jeg valget tar jeg kjøtt".

Fisk er fisk og kjøtt er mat spør du meg. Eg vart so forfjamsa då det kom ein ny kvinneleg (sort) serveringsengel at eg fekk ikkje med meg kva maten ho serverte heitte. Ja for dei seier alltid kva mat dei set framføre deg. Men det var godt so berre juling.


Etter den gode middagen var det berre og gle seg til skipsmøte med kystens dronning MS Lofoten. Eg kjente det stakk litt i meg då ho kom. Lenge sidan eg har hatt ein rundtur med den gamle dame nå. Den skal desverre snart ut av ordinær hurtigrutedrift, so eg MÅ prøve og få meg nokre turar før det er slutt.

Skipstutinga mellom skipa var flott. MS Nordkapp helsa med respekt og lyste veg for dronninga med over 50 års fart opp og ned norskekysten. MS Lofoten helsa andaktig og traust attende.






Me hadde eit anløp att på dagens program før det vart ny dato på kalenderen. Det var i Skjervøy. Her skulle me liggje eit kvarter. Det var travelt her i kveld. 5-6 bilar stod inne på kaia og venta på oss. Ein av bilane hadde full mundur med musikk i bilen. Eg høyrde mest berre dunk-dunk lyd. Ein klassisk rånebil. Lurer på om det er fleire av dei her på den vetle staden med omlag 2400 innbyggjere.


Då skipet har festa trosser og ligg i ro til kai ser eg eit par stykker gå av. Nokon går til dei ventande bilane. Ein har flotta seg og bestilt taxi. Nokon paller vert køyrt inn i lagerbygningen. Eg ser ein lastebil med hurtigrutelogo på. Det hadde vert jobben sin det, tenkjer eg med meg sjølv før eg plutseleg får auge på blålys. Ein politibil køyrer forbi. Litt kveldsaction let seg høyre. Eg lurer på kor den bilen skal. Kva han skal og kor han heldt hus når han ikkje er i bruk.

Kveldens- og nattas siste action var det han oppe i himmelen som stod for. Nordlys! Og det vart etterkvart eit suverent nordlysshow der me fekk sjå dansande nordlys på himmelen. Det er svært vanskeleg og ta bra bilete av slikt om ein ikkje har profft kamera.





So oppesen etter den supre slutten på dag 5 var eg, at eg fann det lurt og ta ein halv innsovningstabelett på størrelse med ein muselort. Nett slik at eg ikkje vert liggjande og gnure, lure og tenkje på alt det kjekke eg opplevde i dag.


Lurt var det. Eg sovna som ein stein.





På menyen:
Forrett: Spinatsuppe. Tørrsaltet bacon frå Mydland i Tromsø.

Middag: Arktisk røye frå Sigerfjord med brokkolipure, smørkokt kålrabi og nepe med eplesaus.

Dessert: Plommer med sjokolade og løvetannssirup frå Rolvsøy.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar