Når eg står opp litt før klokka sju og går til frukost er det med vissheit om at me har passert mesteparten av Helgelandskysten i natt. Det har vore tre anløp medan eg sov. Brønnøysund, Sandnessjøen og Nesna.
I restauranten er det (stor) kamp om å få vindaugsbord i dag. Beskjeden som eg er tapte eg den kampen. Men berre vent til i morgo. The game is on people. Men eg sat ikkje ildt te so han sa. Eg fant meg eit fint tomannsbord i nærleiken av matfatet. Den store disken der mesteparten av godbitane var. Torget.
Medan eg nytte frukosten høyrte eg plutseleg nokre tyske bannegloser. - "Scheisse". Det var ein mann som sølte kaffi på golvet. Han gjorde bevegelser som om han ville ta det opp. Men det går jo ikkje.
Eg skal innrømme at eg måtte google det tyske velkjende banneordet. Då eg såg gjennom søkeresultata kom eg over denne diskusjonen der ein person spør:
- "Hva er dette på tysk: En sau har akkurat kapret flyet?"
Nokon svarer "Ein Schaf hat gerade das Flugzeug entführt", og kjem med tilleggskommentar "Jeg tillater meg å spørre hvorfor du lurte på dette". Det gjer eg og.
Etter frukost rakk eg akkurat ut og sjå det velkjende landemerke for passering av Polarsirkelen. Klokka var omlag åtte på morgonen. Me er enno litt forseinka og er ca ein time bak skjema no. Sidan me ikkje kan sjå noko grense under vatn (som ubåtkaptein Harald Heide Steen jr sa det) so tuter skipet ein gong ved passering av globusen på den vetle øya. For og markere begivenheiten.
Gode to timar seinare skulle me ha anløp i strandstaden Ørnes. Her bur det ca 1.700 innbyggjare. Ørnes vert rekna som sentrum for lokale båtruter. Eg kaller Ørnes for plassen "det røde anløpet". Dette sidan det er so mange røde bygninger på kaia.
Dette er og eit anløp eg synes det er vel verdt ut og sjå på. Skipet ligg berre til kai her drøye kvarteret, so ein har ikkje so mykje tid til og gå i land. Då er det betre og stå ute på dekk 5 eller dekk 7 og sjå på det som rører seg på kaia. Det gjorde eg.
Etter dette anløpet var det ut i leia att. No skulle me snart møte sørgåande MS Nordnorge. Dette er eit av skipa eg ikkje har reist rundreise med enno. Eg var innom lugaren og henta fotoapparatet. Eg bruker dette ved skipsmøtet og ellers ved spesielle anledningar. Då kan eg ta video og bilete samtidig. Men bruker mest berre telefonkameraet. Enklare det.
![]() |
| Merkeleg farkost |
Halv elleve var det polarsirkelkonkurranse. Kvelden før kunne folk gjette på når me ville passere den vetle globusen som markerte polarsirkelgrensa. Det vart litt verre og gjette denne gongen sidan me låg etter skjema. Vanlegvis passerer skipa her rundt kl 07. I dag vart det nærare 08. Det gjorde meg ingen verdens ting. Eg gløymte dessutan vekk heile gjettinga i går.
I dag dukka han opp på taket over der me stod. Han ville blåse ein gong i hornet sitt for og ynskje oss god seilas vidare. Men det fekk han ikkje til. Trudde nok me. So prøvde han ein gong til. Og akkurat då han blåste so tuta skipet ein laaang tut. Haha. DEN hadde eg sansen for. Topp 10 i score for oppfinnsamheit.
Og for dei som lurte på det. Eg vart døypt denne gongen og. Eg har lært av tidlegare erfaringar og kle meg spartansk og nøytralt når eg går til dåpen. På min fyrste rundreise med MS Trollfjord gjekk eg med ei jakke som stod Voss Rafting Senter på ryggen. Det såg kapteinen og sa då eg stod foran "alteret":
- "du tar vel to slike du?", og gav meg to deilige auser med isvatn og isbiter nedover nakken.
Etter dåpen var det inn i Multecafeen for litt varm kaffe og deilig vaffle med multe på. Eg tenkte på og ta bilete av vaffelplata, men den var så god eg rakk berre og ta bilete av halvparten. Eg får prøve att ein annan dag.
Det er ikkje mykje dødtid ombord på hurtigruta. Eg hadde sitte ein stund og betrakta mine medpassasjerar, skreve litt stikkord til bloggen og drukke eit par kopper kaffe før klokka plutseleg slo lunchtid. Klokka var blitt tolv.
Det er berre og ta det som ein mann og lette på øverste bukseknapp når eg går inn til eit hurtigrute måltid. Ellers går eg på grunn. Trur no eg.
Då me kom fram til Bodø var me berre drøye kvarteret bak skjema. All heder og ære til dei på brua som har henta inn att nesten alt det tapte av tid. I Bodø ligg hurtigruteskipa omlag 2.5 timer til kai, so det er god tid til og gå i land. Det er og mange utfluktsmogelegheiter her. (kystvandring, opplev saltstraumen frå buss, havsafari med ribbåt til saltstraumen, vikinggilde og eit besøk hjå Lofotpils bryggeri).
Eg går alltid ein tur i land i Bodø. Her er råd og handle inn diverse nødvendigheiter til lugaren om ein treng det. Det finst ein kjekk bruktbutikk her som eg alltid pleier og besøke. Forrige gong eg tok turen innom der fann eg nokre Elvis godbitar. I dag var det ikkje noko for meg og finne.
Eg såg snurten av ein vikingbil på veg attende til skipet. Telefonkamera var opp av lomma fortare enn Morgan Kane trakk sin berømde seksløpar. Og fekk knipsa det nødvendige bilete av bergingsbilen.Etter avgong Bodø bar det ut på eit nytt ope havstykke. Vestfjorden. Vestfjorden er eit havområde mellom Lofoten og Salten i Nordland. I streng, geologisk forstand er ikkje Vestfjorden nokon fjord, men eit havområde. Vestfjorden avgrensast av Lofotveggen, og er ca 80 km breid. Utanfor Skrova er det er omlag 700 meter djupt. Denne fjorden har vore ganske so tøff på kryssa for mang ein reisande. Vestfjorden mellom Salten og Lofoten var tidlegare so frykta at båtane låg saman og venta på godt nok ver til å segle ut for å møta veggen.
Området like utanfor Stamsund-Svolvær er einaste gongen eg har hatt bra med bylgjer. Det varte berre litt over ein time og eg fekk det IKKJE godkjent av kapteinen på den turen som store bylgjer. Ja for eg MÅTTE bare gå heilt til topps i hirakeriet ombord og høyre om dette var store bylgjer. Men det var det ikkje. So eg er framleis på jakt etter opplevinga store bylgjer. Må jo få prøve det og. Men burde vel ha heve meg på danskebåten då.
Overfarten over Vestfjorden gav oss ingenting av bylgjer. Null, niks og nada. Det var flatt og atter flatt.
Ellers vert og nemne so har det vore ein del presentasjonar av ekspedisjonsteamet utover dagen med ulike tema. Eg synes dette er ein fin og bra måte for turistane og verte bedre kjend med Norge.
Då me kom over til hi sida var skipet snar om og finne landliggje i Stamsund. Her skulle det liggje og puste ut ein halv time.
Eg var alt komme til bords klar for middag då skipet festa sine fortøyninger på denne vetle staden. Til middagen i dag hadde me fått ein ny mann til bordet vårt. Eller borda våre. Eg har enno ikkje heilt skjøna den bordorganiseringen vår. Me har vore tre personer fordelt på 2 tomannsbord. Dei to andre reiser saman. Men sit med kvart sit tomannsbord. Fyrste kvelden sat eg med den kvinnelege delen. Andre kvelden sat eg med den mannlege delen. No kom det ein ny samtalepartner inn i biletet.
Det skal seiast at eg vart forespurt av hovmeisteren tidlegare på dagen om eg kunne ta imot ein ny person ved bordet mitt. But of course. Sjølvsagt kan eg (me) det. Den nyankomne hadde sitte åleine med eit firemannsbord og var litt lei seg for det. Han var velkommen her.
Me vart alle presantert på nytt for kvar andre då han kom. Han var frå Sydney Australia kunne han berette. Med seg til middagen hadde han ein svær, tjukk bok av den kjende forfattaren Robert Ludlum. Den heitte Bancroft Strategy. - "In case I sit alone", sa han.
Med ein nyankomen med borda hadde me mykje og snakka om. På temalista i kveld stod bucketlist, kveldens måltid og dei ulike presentasjonane ombord.
Dette måltidet stod til 10 i stil. Som alt det andre denne dagen. Eg er ikkje noko vegetarianar, men middagen i dag, som var vegetarmat, var so god ein kunne vurdert å konvertere til vegetarianerisme (eller noko slikt).
Min borddame sa - "dette var den beste vegetarmaten eg har spist". For den var god. Hadde det ikkje vore skambelagt hadde eg sleika tallerkenen.
Måltidet var ferdig i halv ni tida. Superdupert. Då ville eg rekkje ut og ta bilete av sørgåande hurtigrute MS Trollfjord. Og - det - var eit flott møte. Med både ljosbruk og mykje tuting mellom skipa. Score 10 her og frå ein lukkeleg entusiast.
Klokka ni var det anløp i Lofotens hovudstad, Svolvær. Her skulle me liggje ein god time. Her pleier eg og gå i land for å strekkje på beina. Det er stor forskjell og vere her sommer og vinterstid. Om sommaren kan det vere eit yrande folkeliv her med masse turistar og mykje båtar. No var det heller stille.
Då eg stod i køen for dei som ville i land førte køen meg saman med ein flott jente. Her må eg berre ve om meg, tenkte eg og starta ein dialog. Eg fekk vete ho kom frå Berlin og studerte i Bodø. Ho hadde fått ein straks-ide om og ta seg ein tur frå Bodø til Tromsø med hurtigruta som avslapping.
Sidan me begge hadde same ærend i Svolvær, ta seg ein runde og gå litt, heldt me fylgje ut. So kjekt var den vesle gåturen at då eg kom inn att på skipet var eg søkkande våt på beina. Sokkane heng til tørk på lugaren enno.
Etter avgong herfrå var det retning mot nok eit høgdepunkt, point of interest, på ein rundtur. Mektige Trollfjorden. Denne fjordarmen i Raftsundet er berre 2 km lang og ca 100 meter breid ute ved munninga. Og i dag ville skipet gå heilt inn i fjorden og snu. Magisk. Det er tøft nok når dei snur her på sommarstid. Då er det lyst. Men no i svarte natta er det mest utruleg at dei greier det. Ny toppscore til dei på brua.
Og ute på dekk sju var det ein presentasjon "Norways coastal kitchen". Det var servering av fiskekaker. Eg var alt for oppteken med og ta bilete av lysshowet so eg lot fiskekake vere fiskekake.
Etter denne oppleving gjekk eg jublande til sengs.
På menyen:
Forrett: Potet og brokkoliputer med asparges og saus med Himmeltind ost frå Aalan Gård.
Middag: Sopp og havrekake frå Jæder Ådne Espeland med cherrytomat, linsepure, spinat og bresert nepe og potetchips.
Dessert: Sjokoladefondant med jordbær og lofotpils is frå Svolvær.













Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar