Ein ny ting og sette på høgdepunkt lista for denne rundturen er at me (eg) var so heldig og få sjå MS Lofoten liggje til kai samstundes med oss i Trondheim. Men før eg skulle ut og nyte synet av kystens dronning var det frukost og ein, nei to koppar kaffe med Elisabeth Fredriksen so kom på besøk til meg.
Attende att ved kaien var det endeleg ein anledning til og ta eit besøk ombord i MS Lofoten. Mitt soleklare favorittskip i hurtigruteflåta. Eg har reist 3 fulle rundturar med kystens dronning tidlegare. Og ein tur strekninga Bergen - Kirkenes - Øksfjord. Det var og med MS Lofoten men eg tel ikkje den i rundtursamanheng. Ombord i Lofoten traff eg og på kjekke hotellsjef Petter Overå.
Då sørgåande MS Nordkapp la frå kai og glei opp på sida til dronninga tuta dei på brua 3 gonger i respekt for dette skipet som so trufast har gått opp og ned kysten i over 50 år. Og MS Lofoten tuta 3 gonger attende som takk.
Utseglinga var flott. Den kulerunde sola gjorde det ekstra flott med MS Lofoten som prikken over i'en. Me lot sola vere att i Trondheim då me segla ut Trondheimsfjorden. Eg sa til Petter før me forlot han at eg skulle sørge for at me drog finveret med oss sørover. Ein må jo ve litt egoistisk.
"Vil du ha fint ver ombord på Lofoten so ta med meg", sa eg til han.
Trondheimsfjorden er heile 170 km lang og 25 km breid. Som dei andre norske fjorder er denne og djup. Største djupn er på 577 meter.
Etter ein god times fart var det ut på dekk og kikke inn mot land på styrbord høgre side. Langt der inne på Fosen halvøya kunne ein sjå hurtigruteskipet MS Richard With liggje til kai på Fosen verft for og ta ein større oppgradering. Den største noko skip har gjort i hurtigrutas si lange historie. Inne til kai ville og tidlegare hurtigruteskip MS Nordstjernen liggje. Det skulle vere hotellskip for dei ansette på Richard With.
Her ombord var det nesten for varmt og vere inne. Ute passerar naturen i flotte omgjevnader. Eit tankskip vert forbikøyrt og deretter akterutseilt. De hadde ein fart på 9.8 knop. Me har marsjfart 14.9.
![]() |
| Merkeleg farkost |
Me hadde begge sett dette under heile turen. - "It's very commendable", sa John.
Klokka mi viste no tolv og det var klar for lunch for onkel mette Mac. No er matleiheiten påtrengjande. Tre store måltid kvar dag + eit par vafler med masse multe på gjer sitt. Eg lyt nok heim og vøla bunaden min att no. Då treng eg hjelp av ho mor.
Halv tre var det info møte for dei som skal av i bergen. Eg har vore på dette møtet so mange gonger no eg kan snart halde møtet sjølv. Men eg gjekk på møtet denne gongen og. Det var ikkje noko nytt og høyre. Eg likar no og vere med på dette nett for og ta ein siste samla titt på mine medreisande på denne rundturen.
Rett etter dette møtet skulle ekspedisjonsteamet halde ein presentasjon om Norsk mytologi. Eg følte ikkje mitt nærver var behøvd der so eg gjorde på andre ting ombord.
Utpå ettermiddagen ville dette flinke teamet halde ein siste presentasjon. "Get to know norway". Der ville dei og fortelje litt om livet ombord. DET ville eg vere med på.
So var det anløpstid i Kristiansund. Dette er ein by med i overkant av 18.000 innbyggjere i Møre og Romsdal. Denne tettstaden ligg på fire øyer og anløpet her er eit av mine store, store høgdepunkt på ein tur. Det er litt spektakulert og stå ute på dekk når hurtigruteskipa segler under brua og inn midt i sentrum med hus på alle kantar. Innseglinga i dag var spesielt flott. Video av det kan du sjå på facebook og youtube.
Klokka 1830 var det klart for rundturens siste middag. Og meire superlativer kom frå John:
- "This meat was cooked to perfection", sa han. "It's almost to good to eat, but I have to eat it". Både eg og Jan Otto var heilt einige i den karakteristikken. Nam! Nam - høyrer du?.
I halv åtte tida var det skipsmøte tid. Denne gongen skulle me få ta ein titt på eit av dei nyaste skipa - MS Spitsbergen. Me fekk endå ein gong berre tre minutts varsel om at nordgåande skip var i emning. Eg hadde beint gløymd og sjekke marinetraffic sida so det var det berre og hiva seg rundt på meldinga kom over høgtalaren. Godt ingen såg ein landkrabbe i fullt firsprang nede på dekk 3. Eg måtte jo ha med meg fotoapparatet mitt.
Og so godt som rett etter denne passeringa kom nordlysvarselet endå ein gong. For sjuande gongen på denne rundturen om eg har rekna rett. Det må vere ganske so bra nordlysvaluta.
Då klokka var tre timar frå midnatt var det anløp i jazzbyen Molde. Her ville eg få besøk av ein annan hurtigruteentusiast Geir Løvbugt. Veldig kjekt og treffe på han "live" for fyrste gong. Han er ein triveleg kar eg har blitt kjend med på facebook i samanheng med vår elsk for hurtigruta. Det vart deretter ein samling i kafeteriaen på dekk 4 der eg, Geir, kapteinen og to andre frå brua kom saman for eit kaffeslaberas.
Eg ville halda meg våken til me hadde gjort dagens siste anløp i Ålesund. Eg sette meg i baren på dekk 7 med ein avskjedscola. Der sat eg til ankomst Ålesund.
Og so gjekk onkel trøtte Mac og la seg ombord for siste gong på si 11 rundereise med Hurtigruta.
På menyen:
Forrett: Sjøkrepssuppe med purre, gulrot og selleri
Middag: Svineskank med bønner, perleløk og fikensaus
Dessert: Nyr ostekake med bringebærsorbet fra gangstad gård.












Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar