![]() |
| Flott morgonstemning |
Ein (ny) betre frukost vart unnagjort i langdrag. Vindaugsutsikten gav meg Trondheimsfjorden.
Halv ni skulle me som sagt leggje til kai. Her skulle eg møte ein annan hurtigruteentusiast, Elisabeth Fredriksen. Ho pleier komme ombord når eg kjem sjøvegen til Trondheim. Ho tilbaud seg og ta meg med på ein guida tur litt utanfor "hurtigruteområdet". Noko eg gladeleg sa ja til.
I Trondheim møtes og nord og sørgåande Hurtigruteskip, og ligg til kai samstundes. Då er det alltid kjekt og gå ombord i det andre skipet og sjå kossen dei har det der. I dag skulle me liggje til kai med MS Vesterålen. Det var eit av skipa eg hadde på topp 3 lista då eg skulle velgje meg eit skip til rundturen min denne gongen. Men sidan eg ikkje fekk svar (på nokre spørsmål) frå reiseleder der so vart dei strøkne av lista. Ein kan jo ikkje reise i uvissa heller. Veldig dramatisk begivenheit det.
So first things first. Fotoshoot av skipa. Då må eg over på andre sida av kaien. Der kan ein få fine bilete av begge skipa som ligg til kai. Det var strålande solskinn i dag so bileta vart særs bra.
Deretter køyrde me opp til Tyholttårnet. Dette tårnet er 120 meter høgt. Og rommer eit moderne radio— og telekommunikasjonssenter. Og i 74 meters høgde på dette tårnet ligg ein roterande restaurant. Me tok turen opp der og hadde ein god kopp kaffe og ein kjekk prat. Det var kjempeflott og sjå utsikten og Trondheim i fugleperspektiv. Dette er ein populær restaurant fortalte ho. Noko eg kunne sjå på dei mange borda med reservert lapp på.
Ellers verdt og nemne om Trondheim er at ved Nyhavna i sentrum ligg Norges største innandørs badeanlegg, Pirbadet. Der finn du både velværebasseng, boblebad, helsebad, idrettsbasseng, ungdomsbasseng, barnebasseng og bylgjebasseng. Stupeanlegget har fem plattformer og to sviktbrett.
Dette anlegget må på lista mi over ting og prøve ut.
Trondheim tilbyr og gratis lån av bysykkel til dei som måtte trengje det. Syklane står parkert i stativ på sentrale plassar i byen. For å få låna ein bysykkel, må du putte på ein 20-kroning på sykkellåsen. Mynten får du attende når du set sykkelen tilbake att i eit av sykkelstativa. Kanskje noko for Voss dette?
Medan me ligg til kai i byen med i overkant 180.000 innbyggjare har du mange mogelegheiter for å reise på utflukter. Som t.d. eit besøk i Nidarosdomen, byvandring i Trondheim, kajakktur på Nidelven eller verte med ekspedisjonsteamet på ein liten vandretur.
Då me forlot Norges tredje største by var klokka blitt tolv. Og det betydde lunchtid. Og mat for onkel reisande Mac. God mat. Eg et so mykje god mat ombord eg av og til lurer på om eg har sett anker når eg skal opp att av (god)stolen.
Etter avgong frå Trondheim passerer skipet det kjende landemerket Munkholmen. Dette er ein lita øy som ligg ca 2 km utanfor Trondheim sentrum i Trondheimsfjorden. Eg orker ikkje ta fleire bilete av denne severdigheiten no. Fotograferinga tok dei andre turistane seg av denne gongen.
Klokka 13 var det ein presentasjon på dekk 4. Denne gongen skulle det ve "bakom kamera" som tema, med ein kjent person. Eg trur det var noko naturforedrag. Eg valde og stå over det. Litt trekk i karakterboka til vedkommande som lager dagsprogrammet ombord. Det er mykje som ikkje står i dagsprogrammet, og noko som står der er feilannonsert mht tidspunkta. Denne presentasjonen stod heller ikkje i det ellers so praktiske dagsprogrammet. Det burde vere ein enkel sak og lage eit slikt dagsprogram. Skuffande.
Kvarteret over klokka to var det Norways coastal kitchen. Der kokkane kom ut på dekk sju for og gje oss ein smak av blåskjell. Eg var med på det. Eg må jo ve litt kultivert. Men eg takka høfleg nei då eg vart tilbydd ein kopp med dei blå skjella.
Medan denne seansen føregjekk passerte me og eit anna kjent landemerke. Nemnleg Kjeungskjær fyr. Dette fyret har eg tatt mange, mange bilete av so no droppa eg det. Fyret er tatovert inn hovudet på meg.
Klokka fire var det ein ny presentasjon på dekk 4. Tema denne gongen er "Norwegian outdoor life". Og klokka halv 6 var det jammen meg endå ein presentasjon på dekk 4. Denne gongen var temaet "get to know Norway". Og det var det og Ekspedisjonsteamet som stod for.
Og so kom eit av dei store høgdepunkta på ein rundtur. Gjennomfarten av det trange Stokksundet. Her må alle skip segle gjennom ein 90 graders sving. Og skipa må tute for og varsle motgåande skip.
Det seies at då Keiser Wilhelm den andre segla gjennom her i forrige århundre, mista han besinninga då det vart trangt og kronglete og manøvrere. Han trudde skipet ville gå i fjæresteinane og ville overta roret frå losen. Då sa losen: "Her hjelper det ikkje og vere keiser, for her er det jeg som er los". Og losen fekk seinare ei gullklokke for bragda.
Ikkje lenge etterpå, nærare halv sju var det middagstid. Det er fleire bordsete for middag. Eg har fått plass under det andre bordsete. Då eg kom til bordet "mitt" hadde dei to som eg var bordsett med bytta plass. Og slikt no må ein jo ta opp som eit tema under middagen. Ellers hadde me både flatbrød, hurtigrute og menyen som samtaletema under bordsete. Kultiverte emne med andre ord.
Rundt oss var det høge snakkelyder. Meir som summing. Heilt normalt, men vanskeleg og høyre kva dei andre "borda" snakker om. Men like greit det so slepp eg forhalde meg til det som vert sagt.
- "sukkertare?", spurte min nye bordkavaler, "Kor e taren?"- Han såg på alt det lekre so låg på tallerkenen.
- "Ja, eg ser etter dill på min", svarte ho, "dill og dall".
Kor sukkertaren var veit eg ikkje. Må vere noko tanggreier, og slikt no har eg overhovudet ikkje greie på. Eg fekk noko anna i staden for. Indrefilet av svin. Nam! Nam høyrer du! Det var so godt at eg hadde reinskrapt tallerkenen før dei to andre hadde ete ferdig.
- "Dette var eit herremåltid", kunne min kvinnelege samtalepartner konstantere. Og DET var det.
Desserten kom som prikken over den berømte i'en. Innertier. Pudding på tjukkmjølk frå Røros med rørte solbær. Eg kunne glatt ha ete 3 til av innholdet i dei dessertglasa.
Medan me inntok middagsmåltidet var det passering av rundturens tredje opne havstykke. Folda. Dette havstykket er vel so berykta og omtala som sine to naboar lengre sør. Men det var linjalflatt og vel so det då me passerte det.
Like før kl ni ankom me Rørvik. Her skulle me ligge til kai med systerskipet MS Richard With. Det var mogeleg og besøke dette skipet sidan me skulle liggje til kai samstundes ei tid. Noko eg tok meg tida til. Dette skipet står snart for tur til og skulle moderniserast. D.v.s. skifte ut mykje av møblementet og interiøret. Noko som har vore høgt diskutert.
Her strides dei lærde om kva som er fint og ikkje fint. Det er på dekk 7 og dekk 4 dei største forandringane har vore på dei andre skipa. MS Nordkapp har og vore inne til slik oppjustering. Eg synes ikkje Multebar og cafeen på dekk 7 er so gale som hylekoret vil ha det til. Cafeen på dekk 4 derimot har eg ikkje so mykje til overs for. Den er kjedeleg med "Ikea" preg. Kanskje derfor det er so få medreisande so sit her. Dei heldt seg mest på dekk 7. Koselegare der. Og der finn du meg og.
Etter avgong Rørvik segler me inn mørke natta og inn i Helgelandskysten sitt rike. Eg var ute på dekk og gjekk den obligatoriske kilometeren på dekk 5. Ein runde rundt skipet her er 250 meter. So fire runder vert då ein kilometer. Fin måte og få mosjonert vekk litt av den gode maten.
Då klokka gjekk over til ny dag sov nok onkel reisande Mac godt nøgd i senga si på lugar 304.
På menyen:
Forrett: Sodd fra Inderøy slakteri med skjenning.
Middag: Laks fra Aukra med sukkertare, persillerot og saus laget av blåskjell fra Snadder og Snaskum
Dessert: Pudding på tjukkmjølk fra Røros med rørte solbær














Titanium Blade Sledgehammer - stainless steel - titanium-arts.com
SvarSlett› 바카라 사이트 유니88 titanium-arts › titanium-arts Steel plated steel. Titsanium blades provide a smooth micro touch titanium trim but reliable blade. Plated. The metal backbone is made of fallout 76 black titanium solid titanium with ion titanium hair color an open comb blade. The Material: Steel platedSteel platedSteel platedSteel platedSteel platedSteel platedSteel titanium septum ring platedIron platedSteel plated