For ein gong skuld drygde eg frukosten til klokka åtte i dag. Eg føler mest eg treng ein unnskuldning for og sova so lenge på denne turen. Det var ein særs travel dag i går med avslutning med nordlys og kveldsanløp i Stamsund. So eg vart sitjande til nærare to på natta for og få ferdig blogg kapittelet.
So morgon anløpet klokka sju i Ørnes gjekk eg glipp av. Frukosten var som alltid - delicious. Med egg & bacon, skive med ost, fruktsalat, nokre fruktgodbitar, melk og juice og ikkje minst dei tre koppane med kaffe. Let the day (finally) begin.
Det var berre eit nattanløp i natt. Det var Bodø frå klokka 0230 til 0415. Her kan hurtigruteskipa få slumre nær to timar før dei hastar sakte vidare mot sør. Dette er og eit finfint anløp der hurtigruteskipa kan ta inn att litt tapt tid om det har vore forseinka ein eller annan plass.
Men "to see" og "to do" lista er lang på ein rundreise. I dag skal me møta MS Trollfjord som fyrste hurtigruteskip. Dette skipsmøtet finn alltid stad mellom Ørnes og Nesna. Og for eit flott møte det vart. Dei tuta dei vanlege tre tuta, og av og til kjem ein liten attpåklatt av ein tut, men so klarte ingen av "brututarane" og bestemma kven som skulle ha siste tuten. MS Trollfjord gjekk seirande ut til slutt. Ein flott seanse i strålande flott ver. Det er framleis so mildt ute ein får mest vårfornemming.
So var det ein ny polarsirkelfeiring. For me må jo passera denne sirkelen som ingen kan sjå når me seglar sørover og. Dette må feirast. Og det vert feira som vikingar der me skal få tran. Mmmmmm. Og kaptein Simonsen stiller med glede opp for og gje oss alle ei skjei med dette sunne kosttilskotet.
Akkurat før skipet ville passera den berømde globusen sa ekspedisjonsleiaren Martin "if you all go to the right hand side you will then see the globus on the island". Og alle som var der flytta seg samtidig som ein dressert saueflokk. Men akkurat då denne massen flytta seg so svinga skipet.
- "Ja nå krenga hele skipet", sa Martin til kapteinen. Som om det var menneskemassen som gjorde at skipet la seg over på sida. Det var ein veldig festleg situasjon.
Passeringa skjedden presis 0930. Veret var berre heilt fantastisk til og vere på denne tida av året. Moder Natur får toppscore 10 endå ein gong. Her var vindstille, 10 grader og lett skydekkje.
- "good visability", sa John.
Kven er desse bylgjepessimistane som alltid snakkar om hauststormar og kong Neptun so rører i gryta? Det er so stille her i polarsirkelens område ein mest kan høyre lusa hoste.
Inne i moltebaren og panoramasalongen sit folk og koser seg. Ei dame strikker på ein gensar. Nokon les. Nokon slumrar i stolane dei sit i, og nokon spelar kort medan andre sitt som flokkdyr rundt eit bord og prater.
Eg tek meg beint ein kaffekopp til eg og småpludrar litt med moltemor i cafeen. So set eg meg ned ved eit bord for og skriva litt på facebook. Plutseleg får me opplyst om at eit hus kjem svømmande forbi (?). Eg hiv meg opp av stolen eg sit i inne i multesalongen og fer ut fortare en svint. Ein båt kjem forbi med eit hus på slep. Artig, og utruleg kjekt når dei på brua gjer beskjed om slike ting som er verdt og sjå på ute.
Timar og minuttar har gått etter at eg stod opp og det er no klart for lunch. Eg går til restauranten og rett til disken med varme rettar. Køen kom so fort i dag at den starta frå to sider. Kem so ikkje kan køkultur hadde eg mest lyst og spørje om.
Eg finn meg eit bord og set meg ned. Eg har ikkje sitte lenge før ein servitør kjem til bordet. Klar til og ta imot bestilling. Eg ville berre ha vatn, og ikkje mange sekundane seinare kjem ein annan med vannkaraffelen. Eg føler behov for og skryte litt:
- "steike ta kor raske og koordinerte de er.", sa eg imponert. "Ein tek bestilling og ein leverar".
Hadde ein landbasert restaurant hatt slike raske, kjekke og smilande servitørar og trisar hadde dei nok hatt mange faste gjester. Onkel reisande Mac gjekk mett frå bordet i dag og.
![]() |
| mange knapper og handtak |
Det finst milliardar av knapper her i livet. Både den du har i buksa eller skjorta. Og du har eit utal andre knaper ein kan trykkje på. Om eg fekk velje ein einaste knapp eg ville ha trykkja på, so var det "tute-knappen" på hurtigruta. Det er som ein våt draum.Medan eg var på brubesøk hadde me og anløp i Sandnessjøen. Her skulle me liggje ein halv time. Og rett etter avgong frå byen som er omkransa av so flott historie skal me segle forbi dei berømde sju systrene.
Nytt point of interest. Under lunchen hadde John lurt på om han måtte skunda seg ut for og sjå på denne fjellformasjonen. "No, no, no" svarte eg, "You have about 20 minutes to enjoy it". Og de har me. Noko av det flotte med ei hurtigrute reise ar at me alltid skundar oss sakte. Skipet glei so fint so fint forbi desse berømte systrene.
Eg kan anbefale dei so les på bloggen og google Helgelandskysten og lese om historia til dei sju systre, Dønnamannen, Vågakallen, holet i Trollhatten, lekamøya og far hennar Lurøykongen. Du bør og lesa om Hestmannen og Skarvågsgubben. Trolla, derimot, dei finn du mest på vestlandet.
Klokka 1430 skulle ekspedisjonsteamet ha samankomst med folkedans. Ein ville her få læra grunntrinna i folkedansen. Eg burde jo ha gått der. Kanskje eg kunne fina meg ei møy i passande alder. Men sidan eg kalkulerte med at 90% av dei reisande var over snittet (mitt) droppa eg dette og tok meg heller ein powernap i lugaren. Eg trengde den.
Like før klokka fire, nærmare bestemt kl 1545 skulle me gjere anløp i Brønnøysund. Her bur omlag 8.000 innbyggjare som kan nyta godt av både lokalavis og ein flyplass. Byen er og godt kjend for Brønnøysundregistra. Me skulle liggje her ein god time. Her ville vere ein utflukt som var vandretur i sentrum. Eg tok meg ein tur på eigenhand, men fekk snart selskap av Jan Otto.
Etter avgong frå byen med eit av dei flottaste anløpa (etter mi meining) skulle me ha ein lita samling inne på dekk 7. Her serverte dei oss ein aperitif. So kunne me mingle litt med kapteinen og nokon av mannskapet hans. Flott påfunn og veldig kjekt. Det var ein lett og særs god stemning der.
Halv sju var det middag. No var det jubileumsmiddag de luxe. Feiring av hurtigrutens 125 års bursdag. Her banka kjøkkenet ombord fram ein 5 rettars middag.
- "Fri og bevare meg" sa ferdamannen og sette seg godt til rette i stolen.
Me var litt over velda der me sat ved bordet og den eine etter den andre av fine rettar var sett fram på bordet.
- "Compliments to the kitchen. This is work of art" sa John. "Look at the presentation of the food. Its brilliant".
Og vidare sa den særs omgjengelege australienaren: "I didn't want fish when i saw your food (eg fekk ein deilig kjøttrett), but this is the best fish i've ever tasted. Og dette er ein særs bereist kar.
Me var og imponert over å sjå servitørane der dei bar 5 tallerkar i slengen. "How do they manage that", sa John litt overvelda, "they can even serve 1 plate and still have 2 left on the same arm. im very impressed". Det var me alle. Eg spurte ein av servitrisane om dei kunne gjere det med neste rett og.
- "Nei det tør æ ikke. Det e suppe. Og den e levendes". Hehe. Eg måtte le av den beskrivinga.
Den flotte middagen gjekk mot slutten i passande tid (for min del). Me nærma oss no Rørvik. Dette er hovudstaden for den store øygruppa som heiter Vikna. Det bur omlag 4.500 innbyggjare i kommunen som kan skilta med meir enn 6.000 holmar, skjær og øyar. Her skal me liggje ein fin liten time. Og vil og ha anløp her med nordgåande MS Kong Harald. Dei var desverre lit seint ute so me kunne ikkje gå ombord på besøk.
![]() |
| Nordgåande MS Kong Harald klar for vidare ferd. |
| Den blide postmannen ombord. (Biletet er ikkje frå boksigneringa) |
Siste post på programmet om ein kan kalle det, det er overfarten over det opne havstykket Folda. Då var klokka blitt omlag 22. Det vart heller ikkje denne gongen noko stemnemøte med kongen av havet. Kong Neptun. Roleg sjø.
Onkel trøytte Mac var i seng før midnatt.
På menyen:
Forrett 1: spekemat.
Forrett 2: ertesuppe.
Middag: torsk.
Dessert 1: oster
Dessert 2: omelett norwegienne.
















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar