Det var ein gong tre små kinesere.
Hytto mi er utleigehytte via Novasol.no. Og rett før helga kom det inn ei booking for påfylgjande man-tors for tre vaksne kinesere. Dette var booka i frå Kina. Ho synes det var litt spesielt ho so ringte meg frå Novasol for og informere meg.
Eg skulle møte gjestane nede ved E16 på Oppheim mellom kl. 18 og 19. Fjellet var stengt so dei måtte køyre omveg for og komme fram. Dei kom litt før kl 21. Då eg svingte inn på plassen ved aldersheimen såg eg allereie at dei vinka frå bilen. Kona stakk hovudet ut av bilvindauget. Det er vel mannen so er sjef i Kina so det var han so kom ut for og helse på. Eg bemerka meg at dette var særs blide folk.
Me helste kort der og då og køyrte so opp der hytto låg. Ein liten km unna. Det regna og blåste ute. Ufyseleg ver.
Me stoppa på parkeringsplassen oppe ved gården. Då dei gjestene mine kom ut av bilen spurte mannen på gebrokkent engelsk: - "where is hotel?"
- "There", sa eg og peikte mot hytta. Hotell kan ein jo definera som so mangt. Alt etter kor ein kjem frå i verda.
Ein kunne ikkje køyre heilt fram til hytta, so ein må gå ca. 200 meter flatt over eit jorde. Eit jorde so var søkkandes vått. Snøen var vekke men bakken hadde enno ikkje klart og tørke seg. Det hadde låge 2-3 meter med snø her heile vinter.
Det hadde no begynt og demre for begge parter at noko var feil. Mine 3 gjester stod her i lette småsko. Mannen hadde dress på seg. Kona ei rutete sommerkjole. Dottera i eit antrekk eg vil tru var eit "transportetappeantrekk".
Kona snakka med mannen. Det kom ei lang remse på kinesisk medan ho peikte på den svære dammen so låg bak bilen. Dei hadde leigebil med tyske skilt på. HH. Dei hadde køyrt frå Gøteborg i dag.
Det vart litt fram og tilbake om at dei hadde bestilt hotell for 4 dager. Eg forklarte korleis booking fungerte. Du får som regel det du betaler for. Trur eg.
- "this is what you have booked and paid for. Lets go and look at it", sa eg oppmuntrande til dei.
Dei hadde 4 kofferter med seg. Eg tok den største. So for me øve jorde som eit fantefylgje. Eg prøvde og gå den tørraste vegen. So eg gjekk fyrst, sikk sakk, hit og dit. Dei fylgde lydig etter meg. Eg hadde fjellsko. Dei gjekk med sine lette småsko. I koffertane sine hadde dei sikkert med seg klede for og skifte til middag.
Vel inne i hytta viste eg dei rundt og svarte på spørsmål. Det mest esensielle spørsmålet kom frå faren i den vetle kjernefamilien.
- "what is password for wifi?", spurte han.
- "there is no wifi here", svarte eg kort.
- "what?, no wifi", nesten ropte han. "We cannot stay here 3 days with no internet. Are you crazy?"
Eg forklarte høfleg at dette er back-to-basic hytte. Det vart ei lang dialog på kinesisk mellom dei tre. Datteren konkluderte med at faren hadde booka feil.
- "so what can we do", sa mora undrande.
Eg sa: - "do like we do when we go to cabin. Play games or just talk".
Men faren so tydelegvis tok dette graverande problemet med mangel av gratis wifi hardt såg ikkje det som noko løysing.
Faren hadde booka overnatting frå Kina so språkproblemer kan dei ikkje skulde på.
- "It's your fault dad" sa dottera so eg skulle skjøne det.
Mora var no opptatt av andre ting. Huslege ting. Kokemogelegheitene i hytta vart godkjent.
- "Can i see the toilet?", sa ho.
Dette blir intressant tenkte eg. Me gjekk ut til toalettet. Det er ein snurredass. Det er vel utedo sjølv om doen er i same bygget so hytto.
Ho letta på dolokket. "How do you flush it?"
Eg svarte: "You do your business in toilet and use the bark over it after".
Ho nesten rygga ut att.
- "I can not do that. I can not do that!!" Ikkje mykje eg kan sei der og då. Men eg veit jo at må ein so må ein.
Me for inn att i hytta for end-of-discussion praten før eg sku reise. Det vart mykje fram og tilbake om kva dei hadde booka og ikkje. Eg tilbaud meg og bli med dei ned til Oppheim hotell for og sjå om det var ledige rom der. Men det ville dei ikkje. Dei hadde køyrt i 9 timer og var trøytte. Enden på visa var at dei skulle bu på hytto til i morgo og so bestemme seg. Eg viste dei korleis dei skulle fyre i ovnen. Slikt hadde dei aldri gjort før. Får håpe dei ikkje set fyr på hytto i natt tenkte eg for meg sjølv.
So tok me farvel......
Neste dag ringte dei litt før kl 10. Dei ville ikkje vere der meir.
- "We want to go bergen", sa mannen. "Can you come to cabin". Det kunne eg. Det var avtalen frå i går.
Eg køyrte rett opp til hytto. Eg banka på den låste døra. Mannen kom ut. Good morning good morning, sa han og såg smørblid ut. Eg tenkte for meg sjølv eg har aldri vore borti so blide misfornøgde gjester før.
Då eg kom inn såg eg at alle tre var reiseklare med ytterklærne på og koffertane pakka. Veden låg urørt. Tipper dei ikkje fekk fyr. Det var ein ribbeovn der so dei hadde ikkje hatt det kaldt. Me hadde ein kort prat før me var klare til og reise. Eg sjekka fort over hytto at alt var ok. Snill so eg var tilbaud eg lån av støvler til dei so ville ha. Kona tok gladeleg imot.
So for me mot parkeringsplassen. Dei måtte medgi at det hadde vore ein ny oppleving for dei. So tok me farvel. Eg ynskja dei lukke til på ferda vidare.
Epilogen er vel at då eg reiste stoppa eg på Esso Vinje for ein kaffiprat med Tore der. Det gjekk ikkje lang tid før den tyskregistrerte leigebilen med dei tre (små) kinesarane kom. Dei stoppa rett utanfor toalettet og alle 3 for på do. Say no more.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Jævlig bra Birger, du må utgi bok !!!
SvarSlettSKJÆRGODT 😂😂
SvarSlettVeldig kjekt for meg at folk liker det eg legg ut.
SvarSlettFlott forteljing Birger. Artig kinesisk besøk i hytta. Dei kjem nok aldri igjen, men har fått ei oppleving for livet. 😎
SvarSlett