torsdag 30. oktober 2014

Dag 12:

Siste dag. Det er alltid vemodig. Uansett kor ein er. Eller kva ein er på. Stort sett i hvertfall. I dag "må" eg tidleg opp. Eg vil ha mest mogeleg ut av dagen. Me kjem til Florø cirka halv åtte, og innseglinga der pleier og vere fin so den må eg ha med meg. Eg vil ha unnagjort frukosten før det. Godt med alt so er gjort.

Eg var inne i restauranten litt før tida. Det får våga seg. Det var berre eit par andre morgonfriske sjelar so kom tidleg so meg. Frå mitt vindaugsbord hadde eg full kontroll på kor i leia me var. Sånn cirka i hvertfall. So eg nytte frukosten min fullt ut.

Etter vomba var fyllt opp var det ned på lugaren og hente fotoutstyr og nødvendige med-seg-ha. Me nærma oss Florø no. Litt etter skjema, men godt i rute. Det var flott ver ute no. På Voss var det visst eit pusterom frå alt regnveret fekk eg høyre. Men det skal visst begynne att på fredag. Her i leia var veret som sagt bra. Eg trur eg har hatt bra ver på mesteparten av innseglingane mine til Florø.


Det bur rundt 6000 individer i Florø sentrum. Florø er administrasjons-senteret i Flora kommune, som er Norges vestlegaste by. Florø fekk bystatus i 1860, og var då senter for sildefisket både på 1800-talet og i 1950-årene. Kommunen er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet.


Byen har ein strukturell oppbygging so ein storby, sidan den frå starten av var planlagt som ein by i staden for å verte utvikla som ein etter kvart. Eg var her ein god del gonger då eg køyrde langtransport i tida 1999-2001. Det var mykje rart og sjå på i Florø i dag, so eg heldt meg for det meste ute på dekk og langs skipsrekka.




Klokka 10 måtte ein ut av lugarane. Fy for eit kjedeleg gjerande. Det einaste kjedelege på ein rundtur spør du meg. Ein treng ikkje stresse og ha "nazistil" for og komme seg ut til presis klokka 10. Men av respekt for reingjeringspersonale so er vel dei fleste ute til den tid. Sjekk, sjekk, dobbeltsjekk at eg ikkje har gløymt att noko på lugaren. Det hadde eg ikkje.



Det var tid for quizz i baren. Klokka var halv 11. Eller 1030 om du vil. Eg gjekk til baren. Måtte jo få det med meg. Sjå kva det var for noko. Ho fine Franske var der. Eg fekk lokka ho bort til bordet mitt. Ho meinte eg ikkje hadde lov og vere med sidan eg var Norsk. haha. Eg fekk det so skulle verte den siste passiaren med ho der og då. Ho skulle vidare med fly frå Bergen. Det vert vel som ut av syne ut av sinn.

Tidspunktet for quizzen var ein stor tabbe reiseleder. Big mistake! For på dei tider skal me segle gjennom vakre Steinsundet. Noko som eg ser på som eit av høgdepunkta på ein rundtur. Steinsundet er ei øygruppe so ligg i Solund/Sula utanfor innløpet til Sognefjorden. Det trange sundet er ganske spektakulært. Quizzen var godt i gong då me segle gjennom her.



Og eg merka fleire av gjestane mista konsentrasjonen for heile quizzen når dei såg kor nære fjell og øyane utanfor skipet var. Fleire lot quizz vere quizz og for ut. Eg mista og konsentrasjonen min til slutt. Eg følte meg so ein gutunge so sat på skulebenken. Quizzen er sjølvsagt frivillig, men eg følte liksom eg måtte bli her. Konsentrasjonen forsvann og plutseleg var gamle Johan i tankane mine att.....


Han sat på den nedslitne benken utanfor Kiwi butikken. Han pirka i grusen med den nye stokken sin. Varmen var uutholdeleg. Ei innmari flue surra rundt han. Han la i ein pris snus og slo etter flua igjen. Ein måke flaug over hovudet hans og ein kvit klatt landa på skuldra. Han svor og kristna fedrelandet. Stygge ord kom ut av den tannlause kjeften. I han sitt miljø nyttar det lite med eit mjølkeglas og guds ord. No hadde ekspeditrisa i butikken fått nok. Døra gjekk opp men då ...........

Eg er tilbake i kvardagen. Ombord i MS Lofoten. Det er quizztid. Men poenget mitt var --- Reiseleder --- skal du ha quizz på neste tur (etter og ha lest dette) so vent til Steinsundet er passert.

Lunchen i dag vart sett til ein halv time før 12. Og no gjeld det. Ein sjøfarars siste måltid på denne turen. Då pleier eg og ete til det pressar på bukseknappen. Ingen bønn. Må liksom gå i land med den følelsen at ein har ete godt. Ho fine Franske glimra med sitt fravere i dag og. Snufs. Skitt la gå so kråko sa då den sat ytterst på den morkne greina. Men ete skulle eg. Banna bein. Skal du på tur med hurtigruta so gled deg til festmåltida. - å da e so godt!


Etter lunch er eg ein del ute på dekk. Må få med meg det siste av leia. Me får Øygarden på høgre side. Der ute har eg og vore med lastebil. Eg har køyrt mykje lastebil rundt om i Sogn og Bergen. Men det er ein annan historie.





Halv eitt vart eg oppropt over høgtalaranlegget. Eller romnummeret mitt vart oppropt. Kva no då? Hadde eg gjort noko gale? Men nei. Det var berre klart for omvisning på brua. Jippi. Eg trudde dei hadde gløymt det. Det var 4-5 andre so og ville vere med på dette. No kunne eg få mine siste signaturar i boka mi og. Det var kapteinen og sikkerheitsoffiseren so var på vakt då me kom opp. Dei signerte villig vekk. Mission complete.

Eg pleier og melde meg på bruomvisning på alle turane. Det er grueleg kjekt og sjå kvar gong. Det er imponerande og høyre dei fortelje om utstyret og livet langs leia. Og dei svarer på alle spørsmål. På norsk, engelsk og litt tysk. I teorien skal skipa kunne gå på autopilot frå havn til havn. Kor kult er ikkje det? Men sjølvsagt "rattar" dei inni mellom. Dei so er på brua. Eg har forstått det alltid er ein på vakt. Stort sett to. Og skulle alt dette moderne utstyret svikte, kan dei styre og navigere med gamle hjelpemidlar. No hugsar eg ikkje kva alt var men eg veit dei har det på lur.

Godt fornøgd etter bruomvisninga gjekk eg ned att i salongen. Men det gjekk ikkje lang tid før lugarnummeret mitt vart oppropt att. Kva no då. Hadde eg allikevel gjort noko gale. Eller skulle eg få ei belønning? Kanskje det var ho fine Franske so ville ha kontakt? Spent gjekk eg ned til resepsjonen.

Der fekk eg vete det skulle være omvisning i maskinrommet. Åh Gud! Det aller heilagste. Hjertet til kystens dronning, MS Lofoten. Eg har vore nede her og sett ein gong tidlegare. Men då var det so stort for meg at alt gjekk ut det eine øyret og inn da hitt. No var eg forbredt. No var eg klar. Det var fire andre so og skulle vere med på denne eventen. Alle tyske. Sjølvsagt ho so eg personleg hadde bannlyst frå mitt åsyn. Men da fekk gå. Ho skulle få vere med ned og sjå. So snill var eg.

Ein kjekk maskinistlærling kom og møtte oss i resepsjonen. Han viste veg. Nedover og nedover i skipet. Før me skulle inn fekk me alle øyreproppar. Kjekt og ha. For i maskinrommet var det ikkje øyrens lyd og få. "Turguiden" vår peikte, teikna og forklarte so godt han kunne. Me kikka og såg. Eg fekk godfølelsen berre av og vere her.

Motoren som står i er den orginale motoren frå 1964. Gangtid på denne motoren er rundt 234.000 timar eller jorden rundt ved ekvator 134 gonger. Ikkje dårleg. Det er sikkert meir pr. i dag. Då me var ferdige og kom ut i dagslys att var det spørretime for oss "landkrabbar". Etter ein 10-12 minutt var me godt nøgde og utspurte. Dei tyske gjekk. Eg skulle til og gå då maskinisten "pikka" meg på skuldra og lurte på om eg ville inn att og ta bilete av hjertet til MS Lofoten. Ekstra service. Fantastisk. Ja klart eg ville det!! Me for inn att.

Øyreproppar på.

Me hadde gått forbi hovudmotoren i stad men no peikte han og sa "Der! Der e hjertet".

Bilde, bilde og bilde.



Eg gav han tommelen opp og me for ut att. Det tok berre eit par minutt men eg var superfornøgd. Eg takka han aller hjertlegast og for opp att i barsalongen. No måtte eg ha ein 5 minutts pause. Summe meg litt. Men eg hadde ikkje tid til meir. Plutseleg kom det kvinneglam fra trappa. Onkel reisande Mac spissa øyrene sine. Det kom inn to søte jenter. Kor kom dei frå? Eg vart heilt forvirra eg. Omtrent so den gongen eg sat i baren på steikhouse'n (på Voss) då døra gjekk opp og inn kom ei søt jente samtidig med ein frå biltilsynet. Like fort so jentene kom so forsvann dei. Men fine var dei. Eg såg dei ikkje att. Merkeleg.

No begynte det og dra seg til og me nærma oss styggjeleg Bergen. Eg for og surra overalt på skipet no. Ville liksom sjå alt so var her ein siste gong. For denne gong. Eg prata litt med Ronny i baren og med ho so var i cafeteriaen. Måtte jo det.

So glei me fram mot tuppen av Nordnes. MS Lofoten tuta sine flotte tut for og helse byen mellom dei sju fjell velkommen. Den gamle dama gleid inn til kai litt etter skjema, men allikevel so presis so det går an og verte. Hurtigruteterminal lyste det på bygget ved sidan av. Eg somla meg sakte ned til landgangen. Kaptein Lande var der for og takke sine gjester farvel. Eg har sagt det før og kan sei det igjen - det er so god atmosfære, so god service og ikkje minst so god mat ombord at ein vert reint flau. Flau for ikkje og kunne gjere noko attende til dei.

Eg takka for meg. Fekk henta bagasjen minn i ankomsthallen. Tuska meg bort til bussen so stod og venta. Eg fekk sagt hadet til mine bordkollegaer; Renè, Russel og Laura. Kjekt. No Bergen togstasjon next. Det vert spennande og komme heim og sjå på herjingane etter flaumen. Då me kom til Dale måtte me frå tog over i Buss. Vegen var framleis sperra.

Her var det kaos. Trur eg telte 7 bussar so stod og venta. Du veit; alt so skal til Oslo måtte jo av her og. Mennesker over alt. Det var eit samansurium av folk. Som ein maurtue. Med kakling frå mange stressa mennesker. Eg fann ut eg måtte gje gass for og sikre meg eit sete. No ville eg heim. Eg for inn i ein stor buss. Fullt. Nei vent. Eg ser eit par ledige seter bakerst i bussen. Eg baksa meg bakover og fann eit sete. Eg glei ned i det. Godt nøgd med og ha sikra meg det, kunne eg no ta meg tida til og sjå på alle dei andre menneskene utanfor bussen so enno ikkje hadde gjort det same. Det kom inn fleire folk i bussen. Og plutseleg.......

Plutseleg stod ho der........

Ikkje ho fine franske desverre. Nei, kvinnemennesket so kom bakover i akkurat denne bussen, var ho som eg personleg hadde bannlyst på rundturen min. Ho tyske. Er det mulig? Pina deg. Jaja. Onkel Reisande Mac er på tur. Ho kjende meg att.

- "Hello!", sa ho med lystig stemme.

Eg måtte jo svare like hjertleg tilbake. Måtte jo det. Eg tenkte for meg sjølv at ein kjem til eit punkt der korta er delt ut og dei er i spel. Eg får godsnakka med ho. Ho sette seg ned i nabosetet. Praten kom i gong. Ho hadde med seg ein liten gut. Eg hadde sett ho med denne guten ombord i Lofoten, so eg rekna med ho var på tur med familie. Men det var berre ho og guten. Mannen hadde ikkje lyst fekk eg vete. Me småkonverserte heilt til me kom til Voss. Der skulle alle av på togstasjonen. Det gjekk tog vidare derfrå. Me sa farvel og eg tok pikk-pakket mitt og gjekk heimover. Eg kunne bruke apostlenes hester til dette formålet. Det var berre rundt 3-400 meter og gå til heimen min, Birger's Penthouse.

Vel innanfor døra heime kunne eg fastslå at min 9ande rundtur med Hurtigruta var vel gjennomført og turen stod fullt ut til forventningane. Og meir til.

Eg håper de so har fulgt Onkel Reisande Mac på heile turen via bloggen har vore nøgd med det eg har hatt og berette.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar