lørdag 25. oktober 2014

Dag 7:

Eg ligg frampå litt i dag. Søv ein halv time ekstra. I løpet av nattens mulm og mørket har me hatt eit anløp i Vardø. Det var kl 04. Då er det vel berre dei på brua og eit par andre av mannskapet so er vakne. Eg er nede til...... eller oppe til frukost ti på halv åtte. Eg bur under restauranten so rett skal vere rett. Opp til frukost i dobbel betydning. MS Lofoten forlet akkurat Vadsø då eg set meg ned med bordet mitt.

Det var kome ein del andre svoltne mennesker allerede. Sikkert mange av dei so skal gå av i Kirkenes. Det er og eit spenningsmoment i seg sjølv. Sjå kva mennesker eg sannsynlegvis aldri skal sjå att resten av livet mitt. No etter den sjuande dagen ombord er det berre og bekrefte for meg sjølv at det ikkje er råd og få ein dårleg start ombord her om du har frukost inkludert i turen. Eg trur min personlege rekord er 5 runder i "frukostfatet" dei har sett fram. I dag nøyer eg meg med 4. Mjølk, juice og kaffe vert fylt opp eit par gonger. Egg og bacon, ørten ulike påleggstypar og mykje meir. Ja, eg stjal av pynten til ost og kjeks fatet.

- Dei blodraude druene so låg der gjekk til ein svolten landkrabbe på bord 8.

Eg sat til godt over kl åtte. Me nærmar oss rundturens vendepunkt, Kirkenes, no. Me skal komme til byen so ligg klemt inne mellom to tidssonar, Helsinki og Moskva ca. kl 09. Kirkenes har rundt 5000 innbyggjarar inkludert dei små plassane so ligg rundt. Kirkenes er og vegs ende for E6. Gjett om det har vore eit mål i seg sjølv for meg? Eg tok den bilturen i 2006. Då køyrde eg heile vegen frå Voss via Oslo og til E6 enda opp i ein grusveg i Kirkenes. Tommelen opp.

Medan me glir inn i Bøkfjorden får me opplyst over høgtalaren at det skal vere markering av 70-årsjubileet for frigjøringen av Øst-Finnmark i Kirkenes i dag og kong Harald kjem til og vere der for og markere det. Det skulle eg sjølvsagt få med meg. DÅ kystens dronning tutar for og melde sin ankomst er eg ute på dekk. Øverste dekk. Det er alltid so mykje rart og sjå på i Kirkenes. Det fyrste eg ser er eit av kystvaktskipa so ligg til kai der.

- knips, knips, knips. Dokumentert!

Eg går i land so fort me legg til kai. Det står to bussar på kaia og ventar. Den eine går til flyplassen, medan den andre skal til sentrum. Ikkje i min villaste fantasi kjem eg til og ta buss frå kaia her og til sentrum. Den 15 minuttars spaserturen inn er berre oppfriskande, og faktisk noko eg kan anbefala og gjere. Det er mykje og sjå på veg inn.  

Eg tipper det er eit par minusgrader her. Snøen er so vidt komen. Den ligg so eit holete teppe på bakken. Mest ingen vind gjer det heilt ok og gå inn til sentrum. Eg går alltid langs kaiane og nede med sjøen. Med kai i Kirkenes ligg det alltid Russiske fiskebåtar og trålare. Rustholkar er vel passande beskriving på mange av skipa.

Dette er ein av Kirkenes sine viktigaste næringsgrunnlag. Skipsreparasjonar og anna handel med den store naboen i nord. Det er det nordvestlege Russland denne handelen gjeld for det meste. Eg går ned og ser på eit par av båtane so ligg fortøygd. Det rare er at delane skipa treng er billigare i Russland, men der får dei ikkje tak i delane. Delane kan dei få her i Norge, men dei er so dyre at skipa kan verte liggjande her i månadsvis. EG har stilt spørsmålet før. Korleis tenar dei peng til og kjøpe desse dyre delane når dei berre ligg her.

Kunstnerisk motiv
Eg ser ein einsleg motorbåt ligg so godt som på land i ein liten molo. Det såg stusseleg ut. Ute i havna ser eg ein Russisk fiskebåt på veg inn til havna. Sikkert i same ærend so dei andre skipa so ligg her. Det er meir folk og sjå alle plassar i dag pga. markeringa. Masse politioppbud er det og. Her må ein oppføra seg! Det hadde vore kjekt og teke bilete av politisperringane, men det tør eg ikkje.



Her i Kirkenes står alle gateskilt på Norsk og Russisk. Trudde eg. Reiselederen vår kunne fortelje at det står på "tullerussisk". Det er skreve slik Russarane seier det Norske namnet på gata. Kult.


Eg går til storplassen der markeringa skal vere. Kongen skal kome der og halde tale. Under denne seansen får eg sjå korleis heile sikkerheits- og vakthaldet fungerer ved eit slikt storfint besøk. Det var både spennande og intressant. Oppe på eit hustak står ein politimann med kikkert. Eg tipper han har våpen der oppe og. 




So begynner det og skje noko. 1 politibil, 6 personbilar og 1 minibuss kjem køyrandes inn mot plassen. Dei stoppar opp og mange folk kjem ut. Eg speidar etter kongen. Eg har aldri sett han live faktisk. So dette er kjekt for meg. Men eg ser han ikkje blandt dei so kjem ut. Det er masse folk her so eg har den typiske sensasjonsbilde stillinga. Held begge hendene opp og tek bilete med kamera. Ikkje heilt sikker på om eg får noko bra på det men sjanser på at lukko e med meg. Eg fann ut denne kortesjen var kun beståande av sikrings og anna vaktmannskap. Dei skal sikkert sjekke at alt er i orden. Etter eit par minutt forsvinn dei att.

Det går nokre minutt so kjem 7-8 nye køyretøy inn. Ein av dei ser ut til og vere bilen med kongen i. Den bilen stopper opp med den raude løparen. Og ut kjem Hans Majestet Kong Harald. Han går opp til podiet med resten av fylgjet sitt. Nasjonalsongar for Norge og Russland vert spelt. Talar vert haldne. So fer dei vidare til ein annan markering. Trur dei skulle opp til ein av gruvene der 2500 mennesker søkte tilflukt under krigen. 10 born vart og fødd der. Det hadde diverre ikkje MS Lofoten sine reisande tid til og overværa.




Eg gjekk attende til hotellskipet mitt. Ho låg der so flott, omkransa av det kvite gullet. Ein særs velfortent pust i bakken. Eller i sjøen. Ho kan få kvila seg i 2 timar til. Då skal me nedover kysten att.

Vel ombord att ser eg att klokka snart er 12. Det betyr lunch. Og lukka står den heldige bi i dag og. Den franske prinsessa kom inn til lunch samtidig. Eg var vel litt meir på hugget i dag. Ho sette seg ner med bordet mitt. Passiaren kom fort i gong. Ho kunne fortelje ho hadde vore på utflukt til den russiske grense. Den utflukten har eg vore på før. Den kan anbefalast kanskje spesielt fordi guidane der er enormt dyktige i jobben sin. Det kunne ho bekrefta. EG kunne fortelle ho mangt og mykje om Kirkenes.

Ho hadde ein ting ho spesielt ville sjå under sitt Norges opphold. Reinsdyr. No er det vel akkurat litt for tidleg til og sjå dei meinte eg. Eg hadde ikkje hjerte til og fortelje ho at det einaste reinsdyra ho vil få sjå på denne turen er sannsynlegvis det som ligg på middagstallerkenen i kveld.

Klokka 1230 forlot MS Lofoten Kirkenes for denne gongen og me lunchbordet, og gjekk kvar til vårt. EG måtte beint ned i lugaren og tjuvsova to timar.

På veg mot Vardø passerar me so vidt over munninga til Varangerfjorden. Den er 95 km lang og 55 km breid i munninga. Inne i denne fjorden har arkeologar gjort sensasjonelle funn både på nord og sørsida. Dei har funne fleire hundre hustuftar so visar innvandring ca 9000 år f.kr. Det betyr Norge vart befolka austfra her like tidleg som i Sør-Norge. Historie frå Finnmark er særs inntressant lesning.

Teinar på kai i Kirkenes
Klokka 16. Eit tidspunkt og kjent som tippekamptid i gamle dagar legg me til kai i Vardø. Her skal me liggje ein time. Då er det tid for dei so vil og ta ein utflukt opp til Vardøhus festning 10 minutts gange frå kai. Denne festninga er vel bevart frå 1737 med sine 8 kantar, 4 bastionar, 10 kanonar og eit lite museumsrom. I Hurtigrute reisehandboka står det dette må være einaste festning i verda so har fylt si historiske misjon i 250 år utan og løysa andre skot enn for og helsa solskiva kvar januar. Eg har teke denne utflukta ein gong tidlegare. Kan trygt anbefalast.

Seinare på ettermiddagen og før begge visarane står rett opp og ned skal det vere ettermiddagsmøte i Baren. Då kan ein få seg noko godt og drikka, og kanskje har reiseleder bakt kake? Den som møter opp får sjå. Eg meiner det var på dette møtet reiseleder Asgeir Larsen fortalt oss om Finnmarks krigshistorie. DET var faktisk intressant. Særs intressant. Eg må innrømme eg ikkje er so bokkultivert at eg har lese so mykje om Norges krigshistorie. Men dette foredraget skal Asgeir ha skryt for.
Det var mange folk i barsalongen og høyrde på dette. Foredraget gjekk både på Engelsk og Tysk.

Middagen var sett til klokka 19 i kveld. Då var skipet inne i Båtsfjorden. Ein lun liten fjord midt mellom Aust og Barentshavet. Dette vart sikkert gjort i tilfelle Kong Neptun ville overraske oss og visa krefter. Han hadde ikkje meldt sin ankomst og kom heller ikkje. Sjøen var roleg og fin. Nett slik eg eigentleg vil ha den. Eg trur og det var færre passasjerar med oss no so alle fekk plass på ein bordsetjing. Me hadde sjølvsagt bordet vårt inntakt. Bord 8.

Dei fantastiske 4 møtte fram til ny god mat. Reinsdyrplomme til middag. Lurer på om ho fine franske gjer seg sine tankar om dette. Ellers er det so fine namn på menyen i kveld eg tør mest ikkje ta dei i min munn. Og maten var god. Særs god atter ein gong. Og desserten, Pavlova med arktiske bær måtte eg berre google seinare. Det er visst noko med sprø marengs, silkemjuk fløytekrem og friske bær. Smelter på tunga og lesa slikt. Middagsmenyen var ofte eit samtaletema med bordet. Kor godt og variert det var.

Me sat til bords heile tida medan me låg til kai i Båtsfjord. Heilt greitt spør du meg. Eg fekk med meg livet på kaia her frå vindaugsbordet mitt ved bord 8. Etter middag hadde eg 2 timar til fri disp før me skulle komme til Berlevåg. Der er det og skipsmøte, so den so legg seg før det er dum.

Aust og Barentshavet har vore stille og roleg både på opp og nedturen. So langt. Ingenting og skriva heim om.

Me ventar på tur i Berlevåg.
MS Midnatsol er inne ved kai.
Det er vanlegvis sørgåande skip so gjer anløp i Berlevåg fyrst. Då ligg nordgåande skip eit stykke utanfor moloen og ventar. Ventar på tur. Men i dag hadde me anna og gjere. MS Lofoten ankra opp utanfor moloen og gjestane fekk gå ned til fyrste dekk og prøve fiskelukka. Fantastisk moro og vere med på.






Det virka litt surrealistisk for meg her folk stod og fiska. Mange av mannskapet for nyskjerrig rundt og lurte på om det beit. Kaptein Lande kom ned og. Om han fiska veit eg ikkje. Etter det eg fekk med meg var det fire stykk so fekk fisk. Me tapte plassen vår til nordgåande MS Midnatsol men det gjorde meg ingen verdens ting.




Ho fine franske prøver
fiskelukka.
Anløpet i Berlevåg gjekk kjapt. Det var laurdag i dag og laurdagskvelden feira eg i baren. Der var og kjekke bartender Ronny. Ronny meinte omsetninga ville gå drastisk ned i baren no. Dei to tyskerane so kjøpte so mange cognac gjekk av i Kirkenes. Høyrtes rett ut. Dei hadde alltid 1-2 glas med cognac foran seg på bordet dei sat med. Eg trur ikkje eg kan gjere noko med det sa eg og bestilte ein ny øl. Eg vurderte om eg skulle bestille meg eit glas av djevelens te for og hjelpa på omsetninga men gjorde ikkje det.







Kvelden min ebba ut like før me kom til Mehamn. Då hadde kvelden akkurat blitt til ny dag. Det var midnatt. Onkel reisande Mac la seg godt nøgd med ennå ein flott dag på rundreisa. Fiskeeventen i Berlevåg kjem nok inn på topp 5 lista mi over store opplevingar med Hurtigruta.



På menyen hadde dei dyktige kokkane til:
Forrett: Kongekrabbe og laksekaviar med nysteikte blini og rømme.
Middag:  Bakt reinsdyrplomme med pelmeni og kålrotpure.
Dessert: Pavlova med arktiske bær.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar