tirsdag 28. oktober 2014

Dag 10:

I dag 10 av rundreisen skal MS Lofoten passere det meste av Helgelandskysten. Langs Helgelandskysten er det mykje historie og sagn og lesa om. Til dømes fjellkjeda dei 7 systre, Vågekallen, Suliskongen, Lekamøya og Skarvågsgubben. Eg har lest om dei. Har du? Er du med på ein hurtigruterundtur bør du ta deg tid til og lese litt i hurtigrute reisehandboka eller den store bibelen "Verdens vakreste sjøreise" skreve av Berit Liland. Sistnevnte ein bok so kan anbefalast som jolapresang.

I dag sov eg jammen meg frampå litt. Var det pga sjøsjuketabelettane eg tok i går? Pinglefakter eller eit snev av pessimisme? Eg hadde ein følelse at Vestfjorden skulle vetta eit beint helvete på denne overfarten. Men det vart den sjølvsagt ikkje. For eg har jo aldri høg sjø på turane mine. Om du hugsar so var eg på bølgejakt i går kveld. Det gjekk heller dårleg.

Når eg kom opp i restauranten var bordet mitt teken sidan eg var sein. Som om det var ein big deal. Tenk og hatt slik ein frukost eg har ombord på ruto kvar dag! Heime vert frukosten stort sett ete i ein arbeidsbil eller i ei heisbu på jobb. Då e da stort sett og gafle den i seg. På hurtigruta kan eg nyte den. Skjeldan vare for onkel reisande Mac.

To par kjem inn rett etter meg. Dei er i godt vaksen alder begge par. Og endå ein gong -- Kvifor set dei seg på same side av bordet? E da noko so heng att frå - "til døden skiller oss ad"? Ungdom og folk ellers set seg jo vis-a-vis. Det er spesielt tyskere so har ein (u)vane for og gjere dette. Nokon so har svar på det so send meg ein epost. Dette er ein (u)sakleg undersøkelse so burde vore med i hurtigrutens spørreskjema. Spør du meg. Folks sittevanar var gløymt akkurat i det eg fokuserte på at MS Lofoten la frå land i Ørnes.

Etter ein god frukost er det duka for skipsmøte til havs. Eller fjords. Eg meiner me møter MS Vesterålen då me var i Holandsfjorden. Men eit trangt sund var det no. Møtet var flott og. To gamle travare møtes. MS Vesterålen er einaste skip att frå 80 tals klassen so går i hurtigrutens fargar. Skipet er bygd i 1983 og oppkalt etter det fyrste hurtigruteskipet DS Vesteraalen. For ordens skuld; MS betyr motorskip, DS betyr dampskip. Skipsmøtet foregår i lett regn og vind. Det kunne vore kor tid som helst på året og ein vilkårleg dag på kalendaren.


I dagsprogrammet står det at me skal krysse polarsirkelen ca. 0915. Nokre tidspinnar, og kalla minutt, før dette får me beskjed om at kapteinen vil ta ein avstikkar frå den vanlege leia. Ein avstikkar innom den vetle handelsstaden Selsøyvik. Ho fine franske dukkar opp ute på dekk. Ho ser ut som ho skal på polarekspedisjon so godt ho har kledt på seg. Eg har riktignok stilongs på meg men berre ei enkel fleccejakke. Dei to australske kjem og ut. Me står samla som ein andeflokk og skuer inn mot land. Ho fine franske bruker kikkert for ikkje og gå glipp av noko. Det var lurt for plutseleg set ho i eit opphissa rop med flott fransk aksent. Ho har sett 3 ørnar sitje på eit berg der inne. Ho var overlukkeleg. Ørnane var ikkje lett og sjå før ein såg dei. Det var vel planene deirans og. Men dei hadde ikkje rekna med ei fin fransk frøken med kikkert.

Minutter seinare lysnar det opp. Jippi. Det er opphaldsver. (betyr gode bilete for min del). Det varmar litt ekstra for meg so er slik ein entusiast når me dreier inn i den flotte avstikkaren. Ei gammal hurtigruteleid. Selsøyvik var anløpsstad for hurtigruta heilt fram til 1953. Eg reknar med det var Ørnes som tok over stafettpinnen etter det, sidan det ligg på fastlandet. MS Lofoten er som skapt til og ta turen innom her. Det er som henta ut frå farne tider.


Kystens dronning glir forbi små hus, naust og t.o.m. ein knøttliten ferjekai før me kjem til sjølve Selsøyvik handelsstad. Ein arbeidsmann i gul jakkeoverall jobber inne på kaia. Han stopper opp og ser på den gamle dronninga so glir forbi. Han vinkar. Skipet tuter attende. Eg får liksom godfølelsen av det eg.




Dei so ikkje hadde sett polarsirkelen før kunne sjå den i dagslys no. Ok - eg såg på den no eg og. Endå ein gong. Den hadde ikkje forandra seg mykje sidan sist. Kanskje ein ny fuglebæsj eller to. Då denne begivenheiten var unnagjort segla MS Lofoten inn i meir ope og beint farvatn. Trur ikkje skipet trengde gjere so mange kursendringar dei neste 40 minuttane, so kaptein Lande sette på autopiloten og kom ned i baren for og gjere ære på oss reisande. Eg trur allikavel det er safe bet og anta at det er minst eit befal oppe på brua medan kapteinen er her med oss. Just in case veit du.

Renè (i raudruta skjorte)
er litt skeptisk.
Men no - I begivenheitens sentrum, baren, var det lina opp 5 stolar. Eg høyrer nokon lurer felt på om det er dåp denne gongen og. Reiseleder kan beroe dei om at det er det ikkje. No er det berre ein slags uhøgtideleg markering der me skal få tran. Og ei skjei. Dette for og markere at me har vore i Kong Neptun sitt rike. Ja, for han bur nord for polarsirkelen. Men riket hans er som alle veit - på alle hav. 




Ho fine franske likte ikkje tran.

Det var mange skeptiske utrykk når reiseleder fortel kva me skal gjere. Eg føler mitt kall som nordmann og vestlending og er fyrst opp. Det er sjølvsagt frivillig og vere med. Både til dåp og tran. Eg ser mange gode utrykk når den sunne smaksgodbiten glir ned strupen på folk. Ikkje nett noko bombe at eg fekk festa prinsesso mi på film. Ho var forøvrig ikkje overvettandes nøgd med denne sunne smaksgodbiten.


Ingen kommentar
Me nærmar oss Nesna då eg får beskjed frå Ronny at det er storflaum på Voss. Storflaumalarmen har gått både på Voss og vestlandet ellers. Odda og Flåm er spesielt hardt ramma. Ronny set på tven. Ei tysk dame på min alder vett nyskjerrig og går fram og står rett framfor tv`en for ikkje og gå glipp av noko. Men det gjer alle me andre so er i cafeteriaen. Nokon reiser seg opp for og sjå. Eg banner i mitt indre og lager pistrelyder. Ho tek hintet og flytter seg. Dette er forøvrig same dame so eg personleg bannlyste etter dåpen på nordturen. Og ho er ikkje ferdig med meg enno.


Nesna
Eg har plass med stambordet mitt i cafeteriaen både før og etter dåpen. Dette er eit av borda so har 2 stikkontaktar like ved. Eg følte det berre rett og rimeleg og ta dene plassen når han er ledig. Eg stikk so vidt hovudet ut og sjekkar anløpet til Nesna. Det er enno opphaldsver ute. Det er nesten å beskrive som fint. Eit norsk kjærestepar sit tett omslynga i ein av sofasalongane i baren og ser ut vindauget. Eg misunner dei. Det såg godt ut. Eg går attende til bordet mitt og skriblar litt meir i mine notatar. Eg føler heilt klart dei andre her burde hatt meir sympati med meg. Eg er jo utan datamaskin no. Då burde dei so sit og skriv på dette moderne hjelpemiddelet lata det vere og. Felles skjebne felles trøst veit du.

No er begge visarane på klokko klatra heilt til topps. Klokka er tolv. 1 - 2. Det betyr lunch og mat. I dag må eg nyta lunchen aleine. Det var nesten litt rart her eg er på ferie i min eigen drøymeverden. EG gjer meg mine betraktningar om fråveret til ho fine franske. Eg tenker på andre (u)viktige ting som kvinner og mat. Spesielt ved lunch. Kvifor har enkelte slik eit behov for og dandere maten på tallerkenen når ein forsyner seg av lunchbordet? Er det nokon eg ikkje veit om so skal gje vurdering og karakter for koss det ser ut? Greit at det ser lekkert ut, men slik eg ser det er det ingen andre som får nyte "kunstverket" dei har laga på fatet før det er oppete. Bortkasta tid spør du meg. Legg på fatet og bli ferdig med saka.


Ein pust i bakken i Sandnessjøen.


Eg ser plutseleg ei rekke hus komme glidanes forbi lunchvindauget mitt. Det var kult og sjå det slik. Eg treng ikkje sjekke dagsprogrammet for og vite me har anløp i Sandnessjøen no. Eg avsluttar lunchen kjapt. Svisj - svusj so er eg i passande klede og står ute med rekka. Må ta bilete, berre må det. Når landgangen er nede tek eg ein tur i land. Må nett innom kiosken so ligg med kaien. Må inn og ha Donald Duck. Det er genial sengelektyre det.



Eit glimt av dei 7 systre
Cirka 2 1/2 time seinare skal me komme til Brønnøysund. Men før det vil me passere dei 7 systrene. Dei står som tause vitner rett etter me har forlatt dette anløpet som er omkransa av sagn, myter og historiske monument. Dei sju systre er ein flott og imponerandes fjellkjede. Dei sju fjelltoppane er namngjeve frå nord til sør og heiter Botnkrona (1072m), Grytfoten (1066m), Skjæringen (1037m), Tvillingene (980m), Kvasstinden (1010m) og Stortinden på 980 meter. Trur du desse damene har sett folkefantasien i sving? Du kan lese meir om Helgelandsfjellas historie her.

Og so kjem på rekke og rad - Alstadhaug kirke frå 1100 talet. Den er seinare påbygd i 1875. Dikterpresten Petter Dass hadde sitt sognekall her i 1689. Ein berømt krigskirkegård finn ein på den vetle staden Tjøtta. Eit minnesmerke med Sovjetstjernen viser kor 7551 russiske krigsfangar frå 2. verdskrig ligg begravd. Fangeskipet Rigel vart ved ein feiltaking senka utanfor kysten her og 2578 fangar omkom. 1100 av dei ligg på denne kirkegården. Til samanlikning omkom 1508 mennesker då Titanic sank. Trist lesning.

Over til meir kjekkare ting. Vevelstad er ein liten plass eg har flotte og drøymande minner frå. Det var på min fyrste rundtur med hurtigruten og MS Trollfjord i 2005 at kapteinen bestemte seg for og ta ein avstikkar innom denne vetle plassen. Det er eit trangt sund so ligg innanfor den store øya Vega. Det var etter denne opplevinga eg forstod hurtigruta var noko heilt spesielt. Reiseleder el. nokon hadde på førehand ringt inn til Vevelstad kommune og gitt beskjed dei kom. So den vetle befolkninga der stilte opp langs leia. Skulen tok fri. Då MS trollfjord kom inn i sundet tuta bilar, folk vinka, flagga var heist. Det var ein særs flott oppleving. Det ligg videoar på youtube av hendinga. Me hadde diverre ikkje tid til denne avstikkaren i dag.

Eg nemde Vega. Det er den store øya i vest. Det bur omlag 1400 nordmenn der ute blandt fisk og anna flygande fjærkre. Det er funne hustuftar og gravhaugar som er omlag 10.000 år gamle. I jorda er det og funne gjenstandar som er 280.000 (!) år gamle. Ikkje dårleg. Vega kom med på UNESCO`s verdsarvliste i 2004.

Og rett etter at MS Lofoten har passert Vega passerer me ein øy so heiter Ylvingen. Eigentleg ikkje noko spesielt med denne øya anna enn at ein tv-serie vart spelt inn her. Og det visstnok var noko hurtigrutemusikk med i den. Verdt og nemne berre det.

Litt før kl 16 er det Brønnøysund so står for tur. DETTE er ein flott innsegling. Både inn og utseglinga er flott. Kanskje den beste spør du meg. I hard konkurranse med Kristiansund. Her skal me liggje over ein time so eg tek ein rusletur i byen. Eg tek sjølvsagt bilete av den erverdige gamle dama so fort eg får sjansen til det. Og det vert det her.

Me legg til kai i Brønnøysund. Mange vil vel leggje to og to saman her og sei Brønnøysundregisteret. Det var det einaste eg kunne om plassen før eg begynte mine reisar med hurtigruta. No er eg meir belest. Dei to bøkene eg har nemd tidlegare kan gje deg mykje god informasjon om staden. Her finst ein flyplass so har godt over 100.000 passasjerar årleg. Det byr rundt 5.000 i byen, og 7.000 i kommunen. Ein lokalavis med ca. 4.800 abbonentar kan dei og skilta med.

Eg får ein skikkelig kul video på veg ut frå Brønnøysund. Du kan sjå den på youtube her. Eg var sjølvsagt, hadde eg nær sagt, oppe på brua for og sjå. Stod på venstre side so eg hadde god utsikt. Det var ettermiddagsmørkt ute. Ein sjark kjem inn frå høgre og legg seg i den "linja" MS Lofoten har. Den vetle skuta ligg rett foran baugen. EG såg ho ikkje fyrst. Men vart oppmerksam på ho då dei på brua sette eine lyskastaren i ho. Ingen reaksjon frå den vetle farkosten. So tuta den vakre damo i 5 sekund og då såg eg sjarken skar ut til venstre og inn til kai. Det virka litt komisk. Enten var båtførar i sin eigen verden eller so skulle han berre tøffe seg. Som slike båtar gjer. Dei tøffer. Tøff - tøff - tøff.


Eg fekk ikkje bilete av holet i
torghatten, men eg fekk eit kult bilete
av MS Lofoten i Brønnøysund.
Då me var ute i leia att ville me om ikkje lenge passere Torghatten. Det kjende holet i fjellet. Om du kjem landevegen og er i Brønnøysund so kan du køyre over den 550 meter lange brua so tek deg over Brønnøysundet. Då kjem du inn på ein 8 km lang veg so tek deg til foten av Torghatten. Vil du bruke Apostlenes hestar og gå opp til holet tek turen ein liten halv time. Sjølve holet er 112 moh, 160 meter langt, 35 meter høgt og 15 meter breitt. I fylgje Hurtigrutens reisehandbok kunne ei Nordlandssjekte lett ha kome gjennom holet.



Vitenskapen har forklart at det var eit svakt punkt i fjellet der kor havet vaska mot det, den gang landet låg ca. 100-140 meter lågare enn det gjer i dag. Eg lenar meg meir til historien om at det var Hestmannes pil so fauk gjennom Brønnøykongens hatt den gong då Lekamøya flykta sørover.

Eg har sett holet med eigne auge so han sa. Eg har vore oppe i holet for og ta det nærare i betraktning tidlegare. Det var faktisk ganske imponerande. Eg var som ein liten muse den gongen. Nytt besøk er planlagd i juni neste år. Då skal eg og Kjetil Wigen ut på landevegen. Me har planlagt turne der me skal ta bilete av alle hurtigruteskipa minst 2 gonger mellom Aalesund og Kirkenes i løpet av 17 dagar. DET gler eg meg til. Det var for mørkt no til og kunne sjå det karekteristiske holet so MS Lofoten lista seg forbi.

Me er no so godt som midt i Norge. Impressive. "Ja du Birger, du Birger. Du fer no kringom aldlestadene du" sa ein bekjent ein gong eg kom køyrandes med lastebil opp til garden hans med noko varer.

Klokka 19 er det kapteinens middag. Då kjem alle befal ombord ned i restauranten for og gjere ære på dei reisande. Eg synes det er ein flott gest. Er du på tur med hurtigruta er det vertfall ikkje slik at dei tek pengane dine når du kjem ombord og let deg segle di eigen sjø. Eg sa det til reiseleder på min fyrste tur med MS Lofoten at me vert so godt teke vare på ombord ein vert beint flau. Har mest lyst og gjere noko att. Men det kan ein jo ikkje. Anna enn og bestille ny tur då. Og det har eg jo gjort.

Middagen i kveld var framskunda til klokka 1830. Tipper det var pga at me skulle gjere anløp i Rørvik klokka halv ni. Der skulle me liggje ein time i kveld. Og liggje til kai samstundes med MS Richard With. So det var høve til skipsbesøk begge vegar. "Den e brun som snus", tenkte gamle Johan og tok ein ny god sup av det kalde ølet. Han hosta tørt og såg ut I det halvtomme cafelokalet. Ved eine bordet kom det etelydar. Det knitra i papir ved eit anna bord. Ein ung gut sit der med slike nymotens greier. Ein bærbar PC. Gamle Johan hadde ikkje peiling på slikt noko.

Middagen var mekka for matmons. Andebryst med solbærsaus, poteter og bakt purre. Forretten tør eg ikkje prøve og nemne ein gong. Laksecarpaccio med nordlandsreker og dillkrutongar. Alt for fint for ein farande fant so meg so eg fekk noko anna. Sjølvsagt til stor misunning frå mine bordkavalerar.

Men til dei so lurer på kva kapteinens middag eigentleg er for noko. Det skjer på sørturen før me kjem til Rørvik. Ei hending so skjer på kvar tur. Då kjem befala som sagt ned for og gjere ære på oss. Dei tek oppstilling framme med matbordet. Då presanterar kapteinen resten av crewet sitt. Og han gjer ein ekstra ære til dei so lagar all denne fantastiske maten ombord. Sjefskokken og kjøkkenet. Eg skulle gjerne ha gått fram eg og takka dei. Kvar og ein. Det fortener dei.

Sørgåande MS Lofoten kjem fyrst til Rørvik. Rørvik er flott opplyst no i kveldsmørket. Eg skuer som ein vandt sjømann inn mot kai for og sjå etter livsteikn. Eg myser for og sjå betre. Eg ser (sjølvsagt) ein truck der inne. Eg ser og ein minibuss og eit knippe mennesker venta. Spørsmålet er kven dei ventar på. Oss eller MS Richard With. Om valgets kvalar kjem inn i biletet passar det godt her. MS Richard With har ein knallgod 2. plass bak MS Lofoten i favorittskip.

Ombord i MS Richard With
Begge skipa er flott i rute i kveld, so det var god tid til og gå i land og besøke kvarandres skip. Gjett om eg skulle det då! Skipet med namn etter hurtigrutas grunnleggjar siste av dei andre hurtigruteskipa eg tok rundtur med. Siste 3 turar har vore med kystens dronning. To gule arbeidsoverallar er på jobb. Arbeidskarar so skulle hatt si påskjøning dei og.




MS Lofoten og MS Richard With i Rørvik.
Tida går fort når ein har det kjekt. Klokka var plutseleg snart halv ti. MS Lofoten tuta for avgong. She got places to be. Det hadde eg og. Eg for ned i cafeteriasalongen for og sjå på kamp. Liverpool skulle spele. Mot Swansea på tv. Er eg på hurtigruta gir eg katten i tv. Og fotball. Men no var det ikkje noko anna og ta seg til. Ingen jenter i baren og elge seg innpå. Hvertfall ikkje ho fine franske. Trur ho la seg tidleg kvar kveld for ho var skjeldan og sjå etter middag. Det var eit par andre gjestar her no. Eg, cafeteria nattevakten og Ronny såg på kamp. Dei to var på jobb, so dei gjekk til og frå når dei måtte.

Slik ser det also ut -
når folk står foran tv'en.
Stillinga var 1-1 lenge. Ein manneturist kom inn på jubel til 1-1. Han hadde og slikt eit behov for og stå rett foran tven. "Forbanna egoist" skreik eg - lydlaust. Kampen var so inne i siste kvarter. Nattevakten gjekk og sekundar seinare scora Liverpool og gjekk opp til 2-1. Eg erta og lurte på kor han vart av.

"E mått gå og sell ein pepsi max" sa han. Det må ein seie og vere ein god fråversunnskuldning.



Eia var vi der.
Siste post på programmet er kryssinga av Folda. Eit av dei 6 opne havstykka. Me starta kryssinga rundt klokka 22. Eg digger dei opne havstykka eg. Frå slutten av Mars til godt ut i September er det lyst nok til at ein kan stå ute og sjå på kor flott det er og skue ut mot ope hav. For det er det. Skrekkhistoriar ein høyrer om frå dei opne havstykka skjer i ein av 1000 kryssingar. Trur eg. Eg var ute på bylgjevakt ved overfarten. Men det var berre skuffande minibylgjer her. Då har eg berre 2 sjansar att på denne rundturen til og oppleva kong Neptun. Det er Hustadvika og Stadt.

Hovudputa vart som deilige englevinger i kveld. Eg sovna godt nøgd før midnatt. Visste du forresten at englar er hyggjelege folk so døydde for lenge sidan?



Meny:
Forrett: Laksecarpaccio med nordlandsreker og dillkrutongar.
Middag:  Andebryst med solbærsaus, potetar og bakt purre.
Dessert: Karamellpudding med krokan og karamellsaus.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar