tirsdag 21. oktober 2014

Dag 3:

I dag byrjar dagen i Trondheim. Dette var Norges fyrste hovudstad heilt fram til år 1217. Me skal legge til kai halv ni. Eg inntok ein betre frukost tidleg som vanleg. Eg må jo vere klar på dekk for og få med meg innseglinga til denne byen so har gøymt seg inne i Trondheimsfjorden. Elisabeth Fredriksen skal komme ombord for og helse på og ta to kopper kaffi. Ho er og ein av hurtigrutens mange entusiastar og ho pleier og komme ned på kaia og besøkje meg når eg er på tur. Det set eg veldig pris på.


MS Nordkapp skal liggje til kai samstundes med oss. Ho er på veg sørover. Eg skal nordover. Nordover med hurtigruta. Trondheim er ein av dei plassane der hurtigruta ligg lengst. Mykje og sjå her i byen. Nordgåande skip ligg her frå 0830-1200. Sørgåande ligg her frå 0600-1000. 

Eg er klar ute på dekk ved ankomst. I dag er det fint ver. Endeleg. Sola kjem pike deg fram bakom skyene og. Skikkeleg flott haustver. No byrjar det gå rette vegen tenkte gamle Johan og drog fram pipo si frå den kolstengte jakkelomma si. Eg står oppe med brua. Eg skal filme og ta bilete. Ein mann har absolutt behov for og snyte seg eit par gonger rett der eg står og filmar. Eg må byrje omatt. Bilete og video skal eg ha som minne i all ettertid, og har ingen spesielle behov for og ha snytelyder på videoen.

- "Gå og snyt deg ein annan plass", tenkjer eg og banner i mitt indre sinn.

Der ser eg Elisabeth på kaia. Ho har med seg kjekt fylgje. Dotter og to borneborn. Dei vil vel alle sjå og helse på ein entusiastisk landkrabbe frå ekstremsportbygda Voss. Dette vert kjekt. Me sitt lenge i cafeen og berre slabbedaderar om mangt og mykje før eg plutseleg kjem på eg må "jobbe". Eg må over på andre sida av kaia og ta bilete av dei to skipa so ligg side ved side. MS Nordkapp og MS Lofoten. Det er unnagjort på 15-20 minutt. Snart må mine besøkjande reise. Eg fylgjer dei ut til bilen. Dei har ein liten hund so venter spent der.

- "Den må eg få helse på", seier eg. No sakner eg Oscar. Vetle godguten min.

Lunchen er kl 12-1430 kvar dag. Med små avvik. Eg er som regel på plass kl 12. Mat skal ein ha! Mat er kjekt på hurtigruteturar. Ein gler seg til alle måltid. Eg nyt lunchen medan me passerar Munkholmen. Den har eg fått med meg mange, mange gonger før so i dag står eg over beskuinga av den. Tidlegare var her eit kloster frå middelalderen på den vetle øya. Det er brent forlengst. I det 17 århundre vart det bygd ein festning her. I den vetle reisehandboka alle rundreisande får står og lese at den festninga ikkje fekk noko millitær betydning. Kanonane var for små til og forstyrra dei svenske erobrarane både i 1658 og i 1718. Då dei tyske krigsskipa kom under 2. verdskrig var det ingen kanonar der. I dag er Munkholmen eit utfluktsmål.  





Medan eg et lunch sit eg og studerar dei andre medreisande. Det er lov so lenge ein ikkje stirrer. Det har mor lært meg. Eit flott tidsfordriv.

Før klokko har blitt 15 passerer me Kjeungsvær fyr. Eit særs vakkert fyr. Det har eg og sett tusenvis av gonger før so eg prioriterar andre gjeremål ombord. Då er det meir spennande ut og sjå når me skal passere Stokksundet i fire tida. Dette er eit av dei mange høgdepunkta vel verdt og få med seg på ein rundtur. Her segler me under ei flott bru medan kystens dronning, MS Lofoten, svingar seg elegant mellom holmar og skjær. Inne på land ser ein mange små hus og hytter. Naust og rorbuar. Godt og fint haustver her. Litt vind. Eg kosar meg no. For og kome ut av Stokksundet må ein gjennom ein 90 graders sving og alle skip må tute her for og varsle evt. motgåande skip. Litt kult.




I reisedagboka står det ein historie om då den tyske keiser Wilhelm kom her med sitt skip og vart so nervøs han greip rattet. Men los Nordhus fjerna han med orda: "Jeg er sjefen her", og fekk eit gullur som takk frå ein angrande keisar.

Innimellom måltid og andre gjeremål surrer eg rundt på skipet. Pratar litt med dei i kafeteriaen og Ronny i baren og fyller opp den raude kaffikoppen. Det gjer eg heile tida. Den koster skarve 345 kr når ein kjøper den so eg må få kaffi verdt pengane mine. Når eg reiser på rundturane mine går innskjekk og kjøp av denne kaffikoppen hand i hand. Ein slik kopp gjer deg rett til gratis kaffe og te under heile turen. Sutalaust spør du meg. Eg småkonverserar og med dei andre medreisande og spesielt ei fin fransk frøken når eg ser ho. Ho har nokre forsvinningsnumre av og til so eg reknar med ho er på lugaren då. Eg fann og ein flott liten trykkleif i dagsprogrammet. Ein utflukt i Bodø i morgon so heiter: Saltstraumen med buss. Im in on that! Det hadde vore noko og vere med på for ein tidlegare raftingsjåfør.

Når klokkevisarane står rett opp og ned er det middag. No får eg sjå og møte alle dei eg skal dele bord med under middagane. Det var som sagt Renè frå Holland eg vart presantert for i går og no kom dei to andre. Laura og Russel frå Australia. Kult!! Dei var alle veldig kjekke og gode og ha som reiseselskap på ein slik 12 dagars tur.

Ein viktig ting for meg på alle mine rundturar er og ta ein telefon til David Monaghan når me er i Honningsvåg. David er ein tidlegare kollega frå Voss Rafting Senter og han er og frå Australia. Eg pleier og ringje han i Honningsvåg kun for og sei til han :"This is the furtherest I can get away from you". Dette er det lengste eg kan komme vekk frå deg. Det set han pris på. Eg tipsar mine to Australske bordgjester om og gjere det same. Ikkje ringe David, men ringje sine nærmeste eller andre.

Ein ting so forundra meg var at det ikkje gjekk an og få ei mugge med vatn til middagen. Skulle ein ha vatn måtte ein kjøpe flaskevatn til 25 kr flaska. Det føltes mest litt småleg. I kafeteriaen og baren kunne ein få vatn gratis, men ikkje i restauranten. Tipper dette slår godt an hjå utanlandske turistar so klager og syt over kor dyrt det er i Norge. Dette vil eg gjerne ha eit fornuftig svar på.



Medan middagen pågjekk skulle me segle over Folda. Det var meldt storm og dårleg ver når me skulle over rundturens 3 opne havstykke. Dette er eit havstykke so kan gje dei reisande ein særs uggen oppleving om Kong Neptun er der. Men han er ikkje her i kveld, so sjøen er forhaldsvis roleg. Det var hard vind her, men ikkje noko meir.

Eg synes det er flott og segle over ope hav når det er lyst. Då kan ein sjå kor flott det er. No var det mørkt so ein såg ikkje noko som helst. Eg får alltid mange meldingar og "helsningar" når veret er meldt dårleg på turane mine. Spesielt når det er meldt høg sjø. Då har eg mange gode vener og familie so ynskjer og fortelje dette til meg. Men som sagt Folda var roleg. Dvs. Birger 3 - Opne havstykke 0.





Då me skulle ha dagens siste anløp i Rørvik skulle me liggje til kai med MS Finnmarken. Eg hadde fortalt mine medreisande under middagen at MS Finnmarken var det hurtigruteskipet so vart brukt som hotellskip i Australia for nokre år sidan. No kunne dei gå ombord og sjå på det i Rørvik. Men det skar seg desverre. Det var for mykje vind der og den kom feil veg so Finnmarken kunne ikkje leggje til. Dei kan vel leggje til men dei ville ikkje komme frå kai pga den sterke vinden. For Lofoten er ikkje det noko problem. Skipet har mindre vindfang og kan bruke anker og trosse til og dra seg ut att med. Det er flott og sjå på når dei gjer det. Og godt sjømannsarbeid.  

So MS Finnmarken segla forbi oss før me la til kai. Omtrent samstundes rauk batteriet på laptopen min. - "Skriiik". Det skulle vise seg og vere eit irritasjonsmoment mange dagar framover før eg fann ut det var faktisk veldig godt og ve uten den. Då slapp eg "kontortida" for og skrive reisebrevet og kunne bruke tida til og gjere andre ting. Sjå på naturen ute. Noko for meg og tenke på til neste rundtur.


Det siste so skulle skje denne dagen var eit lite moteshow i baren. Då skulle dei ansette vise fram det dei hadde av kle frå souvenirbutikken. Eg har ikkje råd og kjøpe dei flotte kleda, men eit moteshow ville den farande fanten ikkje la gå frå seg. Då kunne eg kikke på jentene veit du. Tommelen opp! Nokre tyskare med nabobordet er meir opptekne av og diskutere den spennande ankeropplevinga dei var vitne til i Rørvik.


I kafeteriaen sit ein eldre mann med laptop og skriv og ser på bilete han har teke frå turen. Han virkar særs nøgd der han sit. Ein øl har han kjøpt seg og. Han har - sjølvsagt - same laptop som meg. Dvs. same batteri eg no manglar. Eg lurer på kor smertegrenso hans går for eit salg av det batteriet. Skal eg? Typisk nok kjem eg til og sjå denne mannen med laptopen både titt og ofte under heile denne rundturen. Eg lar mann vere mann og fyller ut lappen for Polarkreis wettbewerb. Eller på godt norsk - Polarsirkelkonkurranse. Me skal passere Polarsirkelen i morgo tidleg og gjestane får ein sjanse til og gjette kor tid dette skjer.

Ein flott og spennande dag for onkel reisande Mac vart avslutta i baren med Ronny. Han er barsjef på denne rundturen. Han har tidlegare jobba på Fleichers Hotell på Voss. Ny tommel opp og kryss i margen.





På middagsmenyen stod det:
Forrett: Hitra krabbecocktail med salat, toast og vår eigen norske cocktailsaus.
Middag:  Kveite med dampa kål, seierslauk, ovnsbakte potetar, gulerøtter og smørsaus.
Dessert: Tjukkmjølkspudding frå Rørosmeieriet med tindved og akevitt-is frå Gangstad Gårdsysteri.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar