fredag 24. oktober 2014

Dag 6.

Me nærmar oss toppen av Norge no. Dei so vil opp før fuglane fis, rekk og få med seg anløpet i Hammerfest. Men fortvil ikkje. Vert du skremd av tidspunktet kan du få med deg liggjetida her på sørturen. Då ligg me her 2 timar om formiddagen. Det gjer eg. Denne dagen er eg oppe til vanleg tid. Litt før kl 07. Frukosttid. Ein frukost eg kan skikkeleg langdryga. Det skjer ikkje noko for min del før kl 0815. Då begynner me og nærma oss møte med sørgåande hurtigrute. Det skal vere MS Trollfjord. Og det må ein jo få med seg.

Medan eg sit med frukostbordet legg eg merke til fleire jenter og damer so kjem inn i restauranten med skjerf og sjal rundt halsen? Kvifor gjer de dette? Me er "innomhus" og her er slettest ikkje kaldt. Då me var born lært me at det var uhøfleg og gå med sko inne. Og lue. Kvifor er det plutseleg greit når ein er vaksen? Ei av damene so kjem inn er liten av vekst. Det vetle hovudet ser ut som eit eple som er pjåta oppi eit fat. Tåpeleg. Kva skjedde med oppdragelsen?

Nærmare halv ni er det møte med MS Trollfjord. Dette skipet fekk eg jomfruturen min med under hurtigrutens flagg. Eg har seinare hatt ein rundtur til med same skip. So Trollfjord ligg på ein god 2. plass bak MS Lofoten med sine 3 rundturar. Veret er fint her, tross den bitande vinden. Den flotte morgonstemninga set humøret mitt på topp. Upåklageleg ramme frå naturen si side er det og. Var det nokon so snakka om hurtigruten på blå resept? Det er ei kulerund sol ute no so skulle vare heilt til Havøysund. Eg er på nederste dekk for og ta dei nødvendige bileta og video av MS Trollfjord der ho kjem. Kun eg so veit om denne plassen. Her er fritt for snytetrengjande mennesker. Brent barn skyr ilden veit du.


Namnet Havøysund har fått ein evig positiv klang hjå meg. Berre tanken på det gjer meg namn so Magerøysundet, hurtigrutetreff og dei karakteristiske vindmøllane rett før me kjem til dette anløpet. Alle skipsmøta so har vore i åtte tida om morgonen på denne turen har vore flotte til no. Det var og dette treffet. Eg er sjølvsagt ute på dekk og får dette med meg. Det er bitande kald vind her so eg har godt med kle på meg.


Etter anløpet i Havøysund og hurtigrutetreff i rom sjø er det berre og vente på det som er høgdepunkt nr 1 på lista mi. Magerøysundet. Det var juling te mykje vind her i dag. Tipper det var 20-25 m/sek. Eg stod no på toppdekket med mine to Australske medreisande. Eg har skrytt felt av dette sundet, so dei er forventningsfulle. Eg var ikkje sikker på at det vert like majestetisk i dag sidan vinden er so sterk.


Laura ser ut på høgre side. Hovudet kjem fort inn att.


- "I can't do that. Can't breathe".


Eg og Russel humrar lett. Det er ikkje alle hurtigruteskip so annonserar passering av dette sundet. Det er synd. Det burde hvertfall stått i dagsprogrammet. For på rette dagar kjem nasjonalfølelsen fram her.

Halv ti er det møte for avstigande passasjerar i Kirkenes i morgon. Det gjeld heldigvis ikkje meg. Eg sit i cafeteriaen og skriv på gamlemåten. Med penn. Det føles mest litt uvanleg og skrive so mykje på denne måten. Det kan umogeleg vera bra. Turisten med same laptop so meg kjem inn og set seg sjølvsagt ned med nabobordet. Me må dela på dei to uttaka i stikkontakten. Eg lurer framleis på om eg kan eg kjøpe det batteriet. Lurer på kor smertegrenso hans går.

Arkivfoto frå 2013 turen
Eg snikstuderar dei andre gjestane her. Eg har merka meg at mange mennesker so er passert dei 50 trur skikk og bruk ikkje gjeld dei sjølv. Kvifor? Er det slik at dei har levd so lenge under høfligheitens strenge regime at dei no kan ta den heilt ut? Ikkje veit meg. Men det er lov og tenkje slik når ei eldre dame gjespar høgt. Ho sit aleine og skriv postkort då gjespen kjem. Det var som lyden av ein dinosaur som nektar og døy. Litt facinert vert eg sitjande og tenke over hendinga. Eg sit eigentleg genialt til her. Plassen er strategisk slik at eg alltid kan påvirke nokon.

Den unngåelege lunchen kjem i dag og. I dag er den tidlegare enn vanleg pga Nordkapp utflukten i Honningsvåg. Den pleier og vere populær. Det var han denne gongen og. Mange so ville vere med. Eg har vore der 3 gonger tidlegare so eg droppa det på denne turen. Det var og mykje vind ute, eg vart litt overraska at utflukten gjekk so planlagt. Nordkapplatået kan vere tøft i vind.

Eg tok lunchen kl 12. Bingo. Full klaff. Den flotte franske frøkena kom til bordet mitt. - "May I join you?", spurte ho. Det var ikkje nett nei i min munn der nei. Me hadde eit fint bordsete. Den lunchen var helt topp! Ho vil sikkert ha ein roleg lunch sukret med ømme ord, tenkte eg. Under konversasjonen fekk eg vite litt meir om ho. Men det gjekk ut da eine øyret og inn da hitt so han sa.

- "I don`t even know her name", ropte kallen desperat.


Ingen av oss to skulle til Nordkapp. Det var for mykje vind for ho og. Ho hadde allerede booka 5 andre utfluktar. Det skulle eg visst tidlegare, tenkte eg. Tross vinden so var det eit fint landligge her. Eg fekk teke mine bilete. Nede på kaien er det ein liten cafe so er verdt og besøkje om du kjem hit på tur. Gå forbi Narvesen kiosken og til venstre. Den heiter Corner Cafe. Her i Honningsvåg er og ein fin plass og hamstre nødvendigheiter til lugaren. Du veit kort veg attende til skipet.

Utfluktsbussen kom ikkje til Nordkapp. Ein bubil hadde blitt blåst overende på Nordkapplatået og vegvesenet stengde vegen. So dei kom attende uten og ha vore ute med verdas ende.

MS Lofoten hadde avgong kvart på tre. Nett passe tid spør du meg. Klokka tre var det kakao og eplekake i baren. mmmm. Godt i sjela for frosne turistar. Og meg sjølvsagt. Det var ikkje vanskeleg og lokke folk i baren til slikt. Ikkje det at eg har problem med og finna vegen uansett.




- ""Den tilårskomne bryggesjauaren sat på stamkro si. Han såg på det tomme ølglaset på bordet. Han pitla borti det ekle, overfylte askebegeret med den skitne pekefingeren sin. Han hadde fått sparken i dag. Kva skulle framtida bringe? Han la i ein ny pris snus og skar ein grimase då han kom på kor den same fingeren hadde vore. Han bante og svor so jenta i cafeteriaen måtte tilkalle sedelighetspolitiet. Det var berre ein utveg på denne ubehagelige situasjonen.............""


Etter avgong Honningsvåg skulle me over Porsanger- og Laksefjorden. Porsangerfjorden er breid og mektig. 120 km lang og 19 km breid i munninga. Laksefjorden er med sine 80 km lange og 22 km breidde ikkje langt unna og matche dei tala. Ikkje rart det var litt bølgete over munninga med slike tal. Eg får neppe godkjent meir enn 5-7 meter høge bølgjer. Allikevel heilt greitt for min del. Men det var nok til at eg vart skeptisk til Aust og Barentshavet. DER kunne det vere mykje sjø der. Men alt kom an på vindens retning. Bylgjene over desse to munningane varte i to timar. Eg synes det var moro eg. Eg hadde ingen problem og føta meg.




Ronny i baren hadde sett kjelen med kakao på bardisken. Den hadde 3 bein.

- "Skal den stå der e veddemålet i gang" sa eg optimistisk.

Ronny skjønte fort kva eg sikta til. Kor tid den ville velte! Han sette den ned på golvet. Eg humra for meg sjølv der eg stod sjøbein i baren og såg på dei andre turistane so kom og gjekk.



Mellom dei to fjordane finn ein det store fuglefjellet Sværholtklubben, med godt over hundretusen fuglar. Mange potensielle ofre og velgje mellom for havørna so og er og finna her. Før me kjem til Kjøllefjord passerer me den flotte fjellformasjonen Finnkjerka. Den vart ikkje bestege før i 1955. Reiser ein med hurtigruten om vinteren vert denne fjellformasjonen so ser ut so ei kyrkje tent med ljos. Det er flott og sjå på. Desverre var ikkje ljosa på i dag. Eg var med på fyrste rundtur so kom hit og hadde prøvetenning av ljosa på dette vetle fjellet.


Då me la til kai i Kjøllefjord måtte eg ut og sjå. Nyskjerrig som eg var. Mi franske tilkomne på denne turen var og på dekk. Det var mørkt her no, men gateljosa gjorde det enkelt og sjå kva som skjedde på denne vetle plassen. Kjøllefjord er nær sagt, sjølvsagt eit fiskevær, og sentrum for Lebesby kommune med rundt 1400 innbyggjarar. Eg ser nokre måker flyg optimistisk og grådig bak skipet. Dei er jo vant til at fiskesloe og anna svineri vert kasta ut frå fiskebåtar so kjem heim med fangsten sin. Men frå oss kjem ingenting.

Middagen er både utsett og framsett. Alt etter kva bordsete ein har. I kveld er det kun eitt bordsete. Klokka 19. Eg er som sagt på 1. bordsetjing so for min del er den utsett. Då middagen skal begynne er me inne i hamna til Mehamn. Etter Mehamn er det ut på ope hav (Aust og Barentshavet) til i morgo tidleg. So i tilfelle det bles opp og bylgjene kjem tek me middagen i ro og mak inne i Mehamn. Heilt greitt for min del. Middagen var vodkamarinert entrecotè. Say no more.

Og so ........

Like før kl 21 gjekk alarmen. Nordlysalarmen. Eg tipper eg hadde utrykningstid ein brannmann hadde vore kry av. Ned i lugaren og rappa med seg nyopplada kamera og telefon og ut på dekk. Det er rett og slett uråd og beskrive eit nordlysshow. Det må berre opplevast. Det var fantastisk.



Eg hadde ikkje fått opplæring i og ta nordlysbilete med nye kameraet mitt so eg var redd det skulle verte null bilete, men kameraets "nightheld hand shot" innstillingar fiksa biffen. Showet var fantastisk og eg fekk nokre supre bilete. Gjett om eg var fornøgd. Endå ein gong skryt til Bjørn Senderud i fotograf Senderud på Voss so anbefalte dette kamera. Tusen takk!!




Karlsvogna.

Eg var so oppesen etter denne hendinga so varte ein liten time at eg veit faktisk ikkje om me gjorde anløp i Berlevåg. Då MS Kong Harald passerte oss var eg annan plass på skipet. Trur eg. Sikkert i baren med Ronny.

I ellevetida var det og finne loppekassa. Berre rett og rimeleg og leggje hovudet på puta og studere innsida av augnelokka etter alt eg hadde opplevd.




På menyen:
Forrett: Sjømattallerken, med gravlaks "sashimi" med tyttebær, kongekrabbe og urtemarinert klippfisk.
Middag:  Vodkamarinert entrecòte, med savoykål, potet- og sellerisuppe.
Dessert: Sjokoladeterrine med cognac, krekling og sorbet av bringebær.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar