torsdag 23. oktober 2014

Dag 5:

Morgonstund har gull i munn. Ny dag. Dag 5 om eg ikkje tek heilt feil. Mens dei uskuldige sov ombord har det vore anløp i Risøyhamn. Eit av anløpa me får på dagtid på sørturen so ingenting og fortvila over at ein går glipp av på turen nord. Og no medan eg tek morgonstellet mitt skal me vere midt inne i Toppsundet. Me nærmar oss Harstad. Her skal me liggje ein god time.

I dag er ein av dagane eg hvertfall ikkje kan liggje frampå. Kvart på åtte "MÅ" eg vere ute på dekk. Då kjem sydgåande hurtigrute til Harstad. I dag skal det vere MS Richard With. Harstad er ein flott plass og ta bilete av sørgåande hurtigruteskip. So frukosten er unnagjort i god tid. Eg får allikevel flott utsikt medan me ligg til kai i Harstad. Eit vogntog frå Kurt Simonsen stoggar opp rett utanfor frukostvindauget mitt.

- "Den e fin", tenkjer eg for meg sjølv. Eg er på dekk til klokka er halv. Klar som eit egg.



Harstad serverer frisk morgonluft og flott lys på himmelen. Og langt der ute ser eg noko kjem. Dette skipsmøtet gjer meg ein følelse av at det er ein stafett. Nokre gonger rekk begge skipa og liggje til kai samtidig. Men det meiner eg er skjelden om begge heldt ruta si. Eg er oppe på toppdekket og tek bilete. Eg tek video og men den vart kassert. Ein turist står plutselig bak meg og endå ein gong har nokon eit slikt innstendig behov for og snyte seg opp i øyret på meg. Ikkje ein men to gonger. Video deleted. Men eg fekk mange gode bilete at dei flotte fargane til skipet so har namn etter Hurtigrutens grunnleggjar; Richard With. I dag rekk sørgåande hurtigrute so vidt og touche kaien før MS Lofoten glir ut. Me må skunde oss langsomt vidare.



Fram til me har anløp Finnsnes klokko litt over 11 er tida til fri disposisjon. Eg er for det meste ute på dekk. Nydelig ver. (Sjå bileta).







I Finnsnes skal me liggje ein halv time. Her må eg ut og handle varme klede. Det gløymte eg før avreise. (Ref: festen på Malin). Eg trengte berre lue og hansker. Finnsnes er ein liten plass og sentrum er berre 3-4 meters gange unna. Eg hadde slik klokketru på meg sjølv at eg turte gå innom fleire butikker og sjå på både pris og design. Eg fann noko so gjorde susen. Særs fornøgd var eg då eg kunne stikke fingrane ned i varme hanskar. Luo stod det Bula på. Say no more.

Etter avreise Finnsnes passerar me under Gisundbrua. Ei bru so forbinder Norges nest største øy, Senja, med fastlandet.  Ei ferjeliknande doning driv med noko rart arbeid.






I det me passerar Gisundbrua pleier eg ha min eigen "minne-seremoni" på dekk. Det var akkurat her eg stod og grein då eg måtte gje den vonde beskjeden om å la Lily få sovne inn for 2 år sidan. Eg hadde flott musikk av Tore Ljøkjel på øyret. Han har spesiallaga musikk for Hurtigruten. The Artic Avakening. Det var nydelig. Eg hadde ein flott stund der oppe. Det var godt for meg og minne gode Lily. Alle dei fine stundane me hadde saman.   :)


Klokka 12 er det lunch. Nokon hadde teke plassen min. Det gjorde ingenting. Eg fann meg suppe og sette meg med eit tomt 6 mannsbord. Etter 10 minutt kjem det ei eldre dame og spør på gebrokkent engelsk om dei kan sette seg ned her. Det gjekk fint. Meir enn fint. Siste person so sette seg ned var den fine franske frøkenen. No har eg sjansen tenkte eg. Onkel Reisande Mac må spele ut sine beste kort. Ho kjem meg i forkjøpet.

- "Where are you from?", spør ho med nydelig fransk/engelsk aksent.
- "I'm from Norway", svarar eg og smiler.
- "Ah, so you are the real one", er kommentaren på den.

Tommelen opp til meg. Eg må få for den. Me småkonverserar på engelsk oss i mellom. Dei andre med bordet snakkar fransk. Skjønner ikkje ein døtt av det. Lunchen er av den sorten ein aldri håpar skal ta slutt. Men det gjer den jo. Eg tek det som ein mann. Rekner med sjansen er stor for at me omgåes dei neste 7 dagane me har att av denne turen.

Ein time seinare nærmar me oss Tromsø. Nordens Paris. Her skal me liggje nesten 4 timar. So her pleier eg gå i land. Gå ein tur opp i sentrum. Det er noko rart med Tromsø. Eg synes det er ein merkeleg by. Med merkelege butikkar. Som eg har skreve tidlegare so har dei verken Expert eller Elkjøp i Tromsø downtown. Eg har spurt etter det før. Då må ein ut av byen seier dei. So eg gadd ikkje prøve og sjå etter plass og spørre etter batteri ein gong.

Det er bitande kaldt her. Fysj. Eg har hatt det som eit punkt på lista og ta ein øl i Rorbua på kvar rundtur. Men dropper det i dag. Orker ikkje. So turen av skipet tek ein liten halvtime. Det var godt og strekke på beina. Sjølv om dei er meir enn lange nok.




Tilbake ombord att går eg til cafeteriaen. Sidan me ligg her so lenge er det sikkert mange Tromsøværingar so kjem ombord for eit kaffebesøk. Og det var det. Her er mange mennesker og beskua. Mill to my grist. Eg rekk både to og tre kaffekoppar sjølv før eg går lei og finn noko anna og gjere på.

Tida er allereide begynt og nærme seg 18. Då skal det vere ein konsert ombord. Det blir spennande og sjå kven so byr opp til dans. Det viste seg og vere to lokale aktørar so kjem ombord for ein kort visitt. Det skal spele i baren. Dei skal synge og spele noko folkedansmusikk so har tilhøyrigheit til distriktet her. Det var faktisk flott og sjå og høyre på.


Halv sju var det middag. I dag var det kun ein sitting. Og fri sitting. Eg hugser ikkje kvifor. Lurer på om det er blitt mindre folk ombord. Kanskje nokon gjekk av i Tromsø. Nokon av gjestane får ikkje dette med seg so det vert annonsert 2 gonger over høgtalaranlegget at det kun er ein sitting. Då kjem dei etterkvart. Eg visste det og var tidleg ute. Min bordkavaler Renè var og på plass. Våre Australske medreisande prøvde og gå til eit anna bord. Men fekk korreks og beskjed om og sitje ned her. Dei måtte jo det. Tenk kva anna godtfolk so kunne finne seg eit sete her då?

Middagen var bakt ishavsrøye. Sikkert knallgodt for dei so liker det. Eg heldt meg vekke frå ting so rører seg under havoverflaten. So eg fekk okse i staden for. Eg får alltid ekstra blikk når eg får noko anna enn fisk. Folk seier det ser betre ut. Det er jo berre og sei ein ikkje vil ha fisk. Tallerkenen vart reinskrapt igjen.

Eg var klar for dessert. Det skulle vere multer i dag. Her sku far ha vert! Desserane kom ut til dei andre borda men ikkje til oss. Men venta. Og me venta. Etter at dei andre begynte og nærme seg ferdigete hadde me framleis ikkje fått noko dessert. Men ingen av oss ville gå. Det var jo multer me venta på jo. Hallo? Ein servitør kom til bordet. Ho hadde tydeligvis tenkt og rydde av. Ho såg dei reine tallerkane, stussa litt og forsvann. Ho kom ikkje att til oss. Tilslutt måtte Russel gå og gjere anskrik for manglande dessert. Då - vart det fart i sysakene. Og me fekk ein stor unnskyldning. Det fekk våga seg for min del hvertfall. Sidan deserten var so god. Det var jo multer.

Då me hadde kveldsmøte med MS Nordnorge stakk eg sovidt kroppen min ut på dekk for og sjå på. Eg såg ikkje so mykje anna enn lysa og konturane til skipet på veg sørover. Det var vindfullt, kaldt og ufsleg ute. Ingen plass for onkel reisande Mac og ve, so eg for fort inn att. No skulle det vere ein liten samling i Baren.

Reiseleder skulle snakke om noko intressant, eg ikkje hugser kva var. Hmm.

Kvelden begynte og gå mot slutten. Det var ein del bylgjer då me nærma oss Skjervøy. Det overraska meg. Eg hadde lova Renè at det ikkje var meir bylgjer før kanskje over Lopphavet. No var me over Fugløysundet. Kanskje det var slike spøkelsesbylgjer. Dei skulle eigentleg ikkje vere her. Dei var berre ikkje klar over det. Eg la meg tidleg i kveld. Medan me låg til kai i Skjervøy. Eg låg og leste då me for over Lopphavet. Der var rolig sjø for dei so håpte på stampebylgjer og stiv kuling.

Og ikkje lenge etter det var onkel reisande Mac i drøymeland.


zzzzzzz



På middagsmenyen stod det:
Forrett: Gulrotsuppe med sprøstekt fenalår.
Middag:  Bakt ishavsrøye frå Sigerfjord med syltede grønsaker, bakte rødbeter og Gulløyepoteter fra Troms.
Dessert: Multer fra Nord-Norge servert med rømme.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar