onsdag 22. oktober 2014

Dag 4:

Eg kunne sverge på ringelyden frå klokka er meir lystigare enn vanleg når ho ringer 0640 i dag. Ein ny dag til sjøs er i emning. Eg finn ikkje lenge etter vegen til frukostbordet like flott so Oscar finn vegen til matfatet sitt heime. Etter spiseriet sit eg med det same bordet og nyt dagens fyrste kaffikopp. Eg tenkjer over kva eg skal sjå i dag. Eg kikker ut vindauget. Det er framleis mørkt ute. Men eg kan sjå konturane av holmar og skjær. Dagslyset kjem rundt klokka åtte.

Det er stort sett eg so er klar for frukost når restauranten opnar. Dei andre er vel i meir feriemodus enn kva eg er so dei ligg frampå. Gjer ikkje meg noko. Men ta det frå ein veteran. Gå tidleg til frukost so får du meir ut av dagen. Garantert! Det er fri sitting som sagt, men eg sit med stambordet mitt på denne turen.

- "ours! - ours!", som Smeagol so treffande seier det i Ringenes Herre.


Etter nok ein god frukost er det ut på dekk. Det ser ut til og verte ein fin dag. Me skal snart møte MS Polarlys. Eg gler meg. Det er perfekt lyssetting og fine naturfargar som motiv. MS Polarlys har eg enno ikkje reist med. Ho må nok vente litt. Hjertet mitt tilhøyrer den gamle dama eg seglar med no. MS Lofoten. Litt andaktig står eg bak på nederste dekket og ser på når dei to skipa møtast. Dei tutar til kvarandre. Det er flott. Enkelt og greitt.


 






Tre kvarter seinare skal me gjere anløp i Ørnes. Det var rett og slett fint og stå ute øverst på skipet og sjå då me glei inn til kai der. Eg liker særs godt og stå langs rekka og sjå på livet på desse små plassane. Her i Ørnes er det mange raude hus rundt kaiområdet. Nokre fiskebåtar ligg fortøyd og ventar på oppdrag. Eller er dei nett komen heim frå ein økt ute på havet? Kva er eigentleg forskjellen på ein sjark og ein fiskebåt. Om det er nokon i det heile teke. Sjark høyres meir koseleg ut syntes eg. Eg ser mange fritidsbåtar inne i moloen. Den sesongen er nok over for i år. Ein raud varebil med matchande tilhenger kjem inn i kaiområdet. Han stoggar og sjåføren kjem ut for og sjå på når kystens dronning legg te kai her. Ein pust i kvardagen for begge to vil eg anta. So set han seg inn i bilen att, tek ein kjapp usving og forsvinn att.


På andre sida av skipet ser eg ein horv med skrålande måker. Dei er i feststemning. For i vatnet vrimlar det av småspriltande fisk. Det var rart og sjå so mykje fisk akkurat der. 







Eg for tilbake til landliggje sida. Det var meir intressant. Ein gaffeltruck får ein palle med dekk. Der var piggdekka til nokon i boks for vinteren. Tommelen opp for den. Den andre lageransatte (han so ikkje køyrer trucken) sjekkar noko papir. 

- "Har du fått alt no", tenkjer eg.



Ikkje lenge etterpå var MS Lofoten ferdig med sitt landligge her og var klar til avgong. -" Neste anløp blir Bodø cirka klokken halv ett", seies det over høgtalaren.

Når me glir over Tennholmfjorden i bedagelige 14.2 knop har klokka passert ti og det er Polarsirkeldåp. Eg har vore på 8 rundturar tidlegare, men eg er døypt 9 gonger og ein gong fekk eg dobbel dose vatn. So eg må vel snart vere kvitt det sjølvpålagde landkrabbe stempelet mitt. Om du las reisebrevet mitt i fjor so bad eg ein turist ta bilete når eg skulle døypast på den turen. Han tok bilete av alt unnteken meg so eg måtte døypast ein gong til for og få bilete. For ordens skuld so var det ein annan person so tok bilete då. På min fyrste rundtur i 2006 reiste eg med MS Trollfjord. Då var eg so lur at eg gjekk med Voss Rafting jakke når eg skulle opp og få velsigninga mi frå Kong Neptun. Det var lurt. Kapteinen meinte eg tålte to auser med iskaldt vatn og isbitar sidan eg var vant det slike temperaturar. Då vart eg blaut.

So ein kald dåp er eg vant med. Eg pleier og vere ein av dei fyrste til og gå opp. Ein Vossing må jo gå foran med eit godt eksempel. Alle dei andre vert døypt i tur og orden. Til slutt skal reiseleder opp for og få sin velfortente dose og. Det er vanleg praksis, so eg stod klar med kamera og venta på det. Han får alltid heile bøtta. So eg var klar med kameraet. Men akkurat då kapteinen helte kom ei tysk jævel av ei kjerring fram for og ta sine eigne nærbilete av hendinga og øydela motivet for mange andre. Heldigvis hadde eg zooma inn so eg fekk eit blinkskot. Men ho var personleg bannlyst av meg for resten av turen.



Etter denne eventen var det ein liten time til og nyte dagliglivet ombord på. Dei som trur det er kjedeleg på ein rundtur må tru om att. Om ein time er det lunch. So er det anløp i Bodø halv eitt. Der ligg me til klokka tre. No sit eg i cafeen med hurtigrute koppen min. Renê kjem forbi og me tek ein kjapp prat. Rundt oss ser eg 3-4 damer her og der so sitt og strikker. Og dei pludrar nusselig med kvarandre. Nokon kan gle seg til jul! På to av borda sitt dei og speler kort. Det ser kjekt ut. På eit anna bord sit dei og skriv kort. Det har eg allerde unnagjort so ikkje noko stress der. På eit bord sit ein ung tyskar og les i ein bok. Han har musikk på øyret. Eg trur han duppar av no og då. Det er lite press på cafeen, so eg ser mitt snitt til bort og snakke med den kjekke jenta so jobber der. Og fylle opp den raude koppen min med endå litt meir kaffi. Eg har det ikkje akkurat vondt her ombord i MS Lofoten no.

So er tida gått og det er lunch. Eg liker og ve tidleg inn. Frukost, lunch og middag. Ikkje noko gale med det. Nokon må jo vere fyrst. Eller som då skigjesten kom bort til meg i Hangurstrekket og lurte på kor køen var. Det er du som er køen svarte eg. Og det var det jo når det berre var han so var der. No er det eg som er køen. Heilt aleine. Lunchen er vel kanskje himmelriket for onkel reisande Mac. Null stress og to overveldande bord med masse god mat. Eg finn meg alltid suppe fyrst. Set meg ned
med bordet mitt. Eg er heilt aleine i restauranten no. Men so kjem det ei dame inn. Ei dame i godt vaksen alder (say no more). Gå kjem sporenstraks bort til bordet mitt og gjer teikn til om det er ledig her. Og det er det jo sidan det er fri sitting.

Eg svarar høfleg "Yes" og ho set seg ned - på mi side! Eg tek berre ikkje den der. Heile restauranten er tom og ho set seg ned ved siden av meg. Det vert liksom litt teit. Ikkje har me snakka eit kløyva ord under heile turen til no. Og so set ho seg på mi side. Er ikkje det meir normalt og sitte vis-a-vis? Eg ventar på spent på fortsetjinga. Eg prøvde og konversera so fint eg kunne. Men ho kunne ikkje engelsk. Tommelen opp! Restauranten begynte og fyllast opp og so kjem det ein mann og set seg ned med bordet mitt. Det må vere mannen. Dei snakkar tysk med kvarandre. Dei manglar berre matchande grilldress so er saken i boks. Eg resonerar meg fram til at dei sikkert sitt her på 2, sittinga. Får ikkje hjelpa. 1. sittinga har retten. Trur eg.

Men eg tapar ikkje terreng av den grunn. Eg tek runde to med den deilige suppa. Før eg i runde 3 og 4 gir gass med alt det andre dei har og by på til denne lunchen.

No er me inne i moloen i Bodø. Snart til kai. Og snart landlov på dei reisande. Eg er ute på dekk for og få med meg innseglinga. Me seglar forbi ein flokk med ender so dupper som korker i vatnet. Her snakkar me om og halde saman. Flotte greier. På ein av livbåtane får eg auge på ei lita flue so har sneke seg ombord. Må vere ei lokal flue. Ei ekte Bodøflue. Kult. Det har eg aldri sett før. Har du nokon gong lurt på korleis fluene heldt ut i sterk vind? Korleis dei heldt seg fast der dei sitt når vinden hyler og dei små bevingede skapningane heldt seg fast der dei sit? Det har eg lurt på. Men vitenskapelege undersøkingar har funne ut fluene har små gripeklør på kvart bein. So dei har ingen problem med og halde seg fast. Før eg hadde tenkt ferdig tanken var den vetle flua forsvunne. Gud veit kor.

Her i Bodø skulle eg gjere nok eit forsøk på og finne batteri til laptopen. Eg fann ein kontordata butikk oppe i sentrum. Det var bestillingsvare sa dei. Og dei tvilte på om eg ville finne batteri andre plassar langs leia. Eg spurte om det var expert eller elkjøp her. Det var det men dei låg utanfor sentrum. Då måtte eg ta taxi. Ja, nei då fekk da ve sa eg.

Det er dårleg politikk av dei to store kjedene. Verken i Aalesund, Bodø eller Tromsø er det slike butikkar inne i sentrum. Eg tipper det ikkje er i Trondheim heller. Eg takka for hjelpa (eg ikkje fekk) og snudde i retur til kaia. No var det surt ute. Ok at det var opphaldsver, men det var surt og bitande vind. Eit par minusgrader var det og. Kjønnsligt og utrivelegt for ein reisande fant. Med krum nakke tok det ikkje lang tid før eg var tilbake og ombord i mor Lofotens varme vel.

Me skulle enno liggje til kai her ein god stund til. Det kjekke med hurtigruta og plassane dei legg til på er at mange plassar kjem folk ombord og bruker hurtigruteskipa som cafe. Det digger eg. Her i Bodø ser det ut som det er ein stor og trufast gjeng so kjem ombord. Nesten heile cafeen er fylt opp. Tommelen opp.

Lyden av summande ord fyller raskt opp i heile den trivelege cafeen. Ingen ledige bord og finne her no. Eg snik-set meg ned med eit bord og kjem fort i snakk med dei so sit der. Det er 2 bodøveringer. Me utvekslar erfaringar og historiar frå nord og sør.



***** tuuuuut  *****

Eit kort tut fem minutt før avgong betyr det no er tid for dei besøkjande til og forlate skipet. Nordgåande MS Lofoten er snart klar til avgong.

Vestfjorden står for tur. For meg virker det som der Hurtigruta seglar over Vestfjorden er midt mellom fjord og ope hav. Overfarten tek omlag 4 timar. Det er meldt dårleg ver. Eg er klar eg. Med nylada batteri på kameraet. Håpet om bylgjer lever i beste velgåande. For ordensskuld so er eg ikkje sjøsterk. Trur eg. Men skal me ha bylgjer skal eg jadn meg ha bilete av det. Eg får eit par sms frå vener og familie som vil fortelje meg kor mykje møkkaver eg har i vente. Gje gass seier eg. 

Middagen skulle vere klokka 18, men vart utsett til klokka 19 pga. dei dårlege vermeldingane. Då skulle det kun vere ein bordsetning. Ved mykje bølger bestemmer restauranten når middagen skal serverast. Den kan verte flytta fram eller tilbake alt ettersom. Og dei bestemmer når skipet kan reise frå havn. Det er vel sjølvforklarande at det ikkje er gunstig og ete i høge bylgjer. Men litt kult at det faktisk er nokon so kan overstyre kapteinen på eit vis. Men ikkje sei til han eg skreiv dette. Han kunne sikkert stampa seg over både vestfjorden og Stadt i stiv kuling og 12 meter høge bylgjer om han ville. Trur eg.

Det begynte og ta seg opp med bylgjer då me nærma oss lofot sida. Eg var klar ute på dekk. Eg fekk seinare vite at bylgjene "berre" var på ca 4-6 meter. Og det er jo ingenting. Men eg fekk noko so likna på dramatiske bylgjer då eg stod på nederste dekk. Eg håpte på ei bylgje so ville komme over skutesida. DET hadde vå kult. Men ho kom ikkje.



Me begynte middagen like før me kom inn til Stamsund. Litt forseinka etter tidsprogrammet. I mykje bylgjer går skipa med lågare fart for og gjere reisa meir behageleg for gjestane. Her skulle me liggje til middagen var ferdig. "Alle" dei andre må ha komme kvart på sju. Minst. For plassen min var teken. Eg hadde jo vore nede på dekk og teke bilete. Eg fann meg ein ny plass uten dikkedariar. Eg såg mest for meg stolleiken her. Det kom eit par stykker etter meg. Plassane sine hadde dei tapt. Dei forundra ansikta viste at dei ikkje hadde fått med seg at det kun var ein bordsetting. Eg hadde funne meg eit 6 manns bord. Der var eit sete ledig. Det var sjølvsagt eit bord med bare tyskere. Som ikkje snakka engelsk. Middagen var ølbresert oksebryst. Mmmmmm. Resten av menyen kan du sjå lengre nede.

Då MS Lofoten la ut frå Stamsund var eg ute på dekk heilt til me kom inn til Svolvær. Det var ikkje noko meir enn 5-6 meter høge bylgjer på denne strekninga heller, og det får ein aldri godkjent som høge bylgjer av dei so jobbar ombord. Vert bylgjene høgre vert det fort forbod mot og gå ut. Urettferdig for ein so vil ha bilete. Eg må finne ei løysing på det der.

Me skulle møte MS Vesterålen mellom Stamsund og Svolvær. Det fekk eg ikkje med meg. Merkeleg. Eg var jo ute på dekk. Kanskje dei skippa Stamsund. Då me kom til Svolvær gjekk eg fort inn att. Det var mørkt ute no. Ikkje noko og gå i land her etter heller. Min medreisande, Renè, frå Holland synest ikkje noko om overfarten på Vestfjorden. Eg kunne berolige han at det ikkje var noko meir bylgjer på to døgn no. Sånn cirka. Det sette han pris på.

Kvelden vart avslutta oppe i Baren. Ronny var på plass bak bardisken. Det var kjekt og sjå på at det var andre reisande so fann vegen opp her og. Må jo passe på at Ronny har noko og gjere på.

Eg la meg godt nøgd med denne dagen og. Fullt opp av nye inntrykk. Og i morgo venter Harstad, Finnsnes og nordens Paris; Tromsø.





På middagsmenyen stod det:
Forrett: Rødbetbyggotto med ost frå Aaland Gård i Lofoten.
Middag:  Ølbresert oksebryst servert med byggryn, rotgrønsaker og poteter.
Dessert: Nyr frå Grøndalen Gård med bærkompott.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar