søndag 26. oktober 2014

Dag 8:

No har me snudd og er godt på veg sørover att. Me har og snudd klokko. Snudd og skrudd. Ein time tilbake. Klokka sju var det frukost. Eller var det klokka åtte? Eg stilte den før eg la meg i går. Ein time tilbake. Eg skulle kanskje ikkje gjort det sjølv. No var eg djupt forvirra. Telefonklokka er innstilt på automatisk tidssone, so den stilte seg sjølv. Dvs. ho var 11 når 12 eller 02 når 03. Eg vakna 0640. Eller var ho 0740. Eller 0540. Eg skjønte lite når eg vakna der og då.

Eg måtte ha hjelp av Moder Norge. Ein kan få hjelp av både måne og karlsvogna i dei rette forholda. Det ville gå dårleg i denne settinga. No ville eg gå ut på dekk for og finne svaret. Anløpet i Havøysund settla saken. Klokka var 0740 no.

Eg ville sjå på møtet med MS Nordlys og vindmøllene oppå den flotte fjelltoppen rett ettter avgong Havøysund, so frukosten måtte venta i dag. Nye flotte naturscenar frå Moder natur si side i dag og. Eg fekk bekrefta begivenheiten med moderne hjelpemidlar so kamera og telefon.




So - kunne eg gå til frukost. Slik veret var ute no ville det bli lite innetid i dag. Hvertfall for min del. No med frukostbordet såg eg fleire so sleit med tida. Trur eg. Det vart opplyst om klokka over høgtalar om kvelden i går, men mange gjorde kanskje det som eg gjorde. Stilte tida før tida? No til frukosten var det eit par spisegjestar observert med sauestira. Eg er ekspert på og sjå etter slike. Kjenner eg dei vert dei gjort oppmerksame på det. Desse kjende eg ikkje so dei fekk so sitje der og sjå i duken. Prinsesso mi var aldri tidleg til frukost. Diverre. Men det var verst for ho.

Etter frukosten var eg innom lugaren og henta ein lur duppeditt av ein mp3 spelar. So trakk eg ut på dekk. Der forsvant ein god time, ja mest to. På øyret hadde eg musikk av Tore Ljøkjel. Perfekt hurtigrutemusikk. Den er som sagt spesiallaga til hurtigruta. Eg gjekk og nytte utsikten med den raude kaffikoppen i handa. Slik koste eg meg spint ihjel heilt til Hammerfest.




Byen sett med kunstneriske auge
I Hammerfest skulle eg i land. Banna bein. Reiseleder hadde tipsa om at det kunne vere ein fin tur og gå opp til Salen. Eit 80 m høgt utkikspunkt der ein kan få oversikt over byen. Her finst og ein restaurant. Det tok rundt 20 minutt og gå den korte vegen opp dit kunne han fortelje. Det var vert turen, spør du meg. Hvertfall i dag med dette fine veret. Me skulle liggje 2 timar i det so vert kalla verdas nordlegaste by so ein hadde god tid.




I Hammerfest er det og fleire severdigheitar og få med seg. Shopping er ein tradisjonell aktivitet. Er ein på rundtur med Hurtigruta er det finfin anledning til og fylle på med nødvendigheiter ein treng under landliggje her. Det var i Hammerfest turistanes oppfatning om at isbjørnen vandra rundt i gatene kom. Utanfor ein av butikkane i byen finn ein eit flott eksemplar av dette dyret so kan ha gitt grobunn for denne oppfatninga.



Ein finn og Isbjørnklubben nede på kaia. Det er ein blanding av museum og souvenirbutikk. Vel verdt og besøkje. Eg var so vidt innom klubben før eg var tilbake på skipet halv 12. Eg gjekk rett til cafeen ombord. Det var fullt av lokale "hammerfestingar" på denne tida. Her er nok hurtigruten eit flott cafealternativ. Hmm. Eg såg ikkje nokon cafe i Hammerfest sentrum. Dei var kanskje bortgøymde. Eller hadde hurtigruta for godt fotfeste som cafe her i byen? Det var hvertfall fullt av folk i cafeen til dette hurtigruteanløpet. Det var jo sundag i dag og greier.

Kl 12 var det lunch. Klokka var berre 12 og eg følte eg hadde opplevd mykje alt i dag. Fint ver, møte med MS Nordlys. To anløp og eit par andre severdigheitar. No var det mat. Eg burde ha teke bilete av alt so var på dei to borda under lunch'ane. Mekka for matmons. Eg sette meg ned. Magen var optimist. Eg sat ikkje lenge før ho fine Franske kom og heldt meg med selskap.

- "I could get used to this, you know", tenkte eg.



Då me forlot Hammerfest var det ca. 3 timar til me kom til neste hamn. Det var Øksfjord. Øksfjord høyres kanskje ut som eit vilkårleg anløp langs kysten. På nordturen er me her klokka 0215. På sørturen kjem me litt før klokka 1600. Då er eg på dekk. Stort sett kvar gong. Er veret fint er dette faktisk eit anløp høgt oppe på lista over anbefalte severdigheitar frå onkel reisande Mac. På ein rundtur eg var med MS Richard With her ein aprildag i 2011 var det knallsol her. Det tok pusten av meg. Med MS Lofoten sin vårtur i fjor var det mest det same. Med fint ver vert dette eit nydeleg anløp. Det var det i dag. Ha det i mente.

Etter avgong frå det som er sentrum for Loppa kommune er det ut på Lopphavet. Eg ser ikkje for meg bylgjer her i dag sidan veret er so fint, so på mine 9 rundturar har eg aldri hatt bylgjer over denne strekninga. So for meg har denne opne havstrekninga fått namnet sitt etter dei små vingeløse parasittane kalt loppar. Eg har tidlegare sagt Lopphavet var so flatt loppane stod på vatnski her. So godt so flatt var det her i dag og. For ordens skuld var det skumring no. For mørkt til og sjå om dei nemnde loppane verkeleg stod på vatnski på Lopphavet.

Før i tida då eg var ung og vakker stengde butikkane kl 1630. No på det same tidspunktet skulle det vere ein liten aktivitet frå kjøkkenet si side. Sjefskokken skulle komme i restauranten og lære dei av gjestane so ville, korleis ein lagar grava laks. Etterpå denne seansen ville ein få med fisken heim frå turen. Ein ville sjølvsagt sleppe og ha den tilgjorde fisken på lugaren til me kom til Bergen. Tviler på det hadde vore noko suksess. Eg stod over denne "læretimen".

Klokka 17 gjekk nordlys alarmen att. Heilmaks! Som sist varte showet ein god time. Det er fantastisk når ein kan sjå det klart med det blotte auge. Det var mange ute på dekk og såg. Men det var lite snakkelydar og høyre. Folk var vel mest i andaktig lynne. Eg fekk mange, mange fine bilete denne gongen og.




Ein time etter klokka seks var det middag. I kveld var det posjert laks fra Skjervøy på menyen. Eg har fiskekort ombord so eg får noko so har bein og gå på. Noko frå kjøtmenyen. Dagens (og turens) spørsmål er kvifor må det ta so lang tid og servera maten? Det gjekk 1 time og 5 minutt før middagen kom. Mine bordkavalerar reagerte og på dette. Det er greit nok at betjeninga vil me skal nyte maten og drikke mykje men dette er seigpining. Sjølv om eg ser det frå den kultiverte sida, at me skal sitje og nyte og konversere mellom måltida vil onkel reisande Mac bli full skal eit bordsete ta 2 timar.

Nordlysalarmen gjekk endå ein gong. Denne gongen medan me sat til bords. Nokon få for ut for og sjå. Eg gambla som ein rutinert pokerspelar og sjansa på at det ikkje vart det store nordlyset ute. Om det blei det veit eg ikkje. Eg vil ikkje vite det heller. Anløp i Skjervøy hadde me og medan me sat til bords. Det fekk eg allikevel med meg frå vindauget mitt. Tommelen opp.

Nordgåande MS Nordkapp møtte me midt mellom Tromsø og Skjervøy. Då var kystens dronning utpå Ullsfjorden. Det var kolmørkt ute i nitida. So eg såg berre lysa og konturane til MS Nordkapp. Det hadde vore kult og fått eit skikkeleg lysbilete av eit hurtigruteskip. Men der må eg øve meg. Lære meg meir tekniske innstillingar på kameraet.

Rett etterpå var det inn i barsalongen til eit kveldsmøte. Her skulle ein få smaka på multer. Nam. Det må eg få med meg. Alt for litt multer. Me fekk eit knøttlite plastglas på størrelse med eit shotteglas fylt opp av deilege multer. Prinsesso mi syntes ikkje noko om den ubehandla multegodbiten og gav den til meg.

Men reiseleder Asgeir stod og for anna underhaldning. Han fortalte om klippfisk og lutefisk på ein humoristisk måte. Mellom anna fekk me læra om kvifor klippfisken hang som den hang når den hang til tørk. Då vert det vanskeleg for fuglar og ete av han. Smart. Og at lutefisken er giftig for mennesker før den er ferdigbehandla. Den fenga blandt dei so høyrde på. Giftig eller ikkje. Eg heldt meg vekke både frå klippfisk og lutefisk. Men multer derimot.........


Er du på rundtur eller sørtur med hurtigruta kan du berre hukka av i dagsprogrammet for dag 8 at du ikkje må leggje deg før midtnatt denne dagen. Me har anløp i Tromsø midnatt. Er du lysten på ein nattleg utflukt er det midnattskonsert i ishavskatedralen her i nordkalottens hovudstad. Her får du norsk folkemusikk og tradisjonelle hymner. Kyrkja er utsmykka med Europas største glasmosaikk. Denne flotte stunden tek litt over ein time og er ein finfin måte og avslutta dagen på. Eg har vore med på denne utflukten ein gong tidlegare, og kan heilt klart gå god for den.  

Men i dag avslutta eg dagen i Tromsø med eit par runder på dekk for og snuse inn Tromsø lufta før eg slo meg til ro hjå Ronny i baren. Der tenkte eg over dei nye varige hurtigrute minnane eg har fått på turen so langt.


På menyen stod det i kveld:
Forrett: Patè av reinsdyr med akevittmarinerte tyttebær.
Middag:  Posjert laks frå Skjervøy med plommekompott og Gulløyepoteter.
Dessert: Fløtepudding med varme bjørnebær



1 kommentar:

  1. Du skulle jo tatt med prinsessa på nattkonsert i Tromsø !!!! Birger da........

    SvarSlett