tirsdag 14. november 2017

Dag 12.

La grande finale. Siste dag på denne rundturen. Eg var opp til frukost klokka var sju. Eg visste det ville vere eit skipsmøte med MS Finnmarken sør for Måløy ca 0645. Eg droppa det sidan det var for mørkt ute. Hadde eg ikkje reist på rundtur med MS Polarlys hadde eg nok vore ombord på motgåande skip MS Finnmarken. Det var nemleg ein stor delegasjon av Hurtigutens vener ombord der.

Sjølv om eg var matlei tok eg godt for meg av det bugnande frukostbordet. Medan eg sat og åt, hadde eg Bremangerlandet ute i vest som frukostvindauget mitt. Det låg an til og verte nok ein flott dag med sol ute. Nattens anløp hadde vore Ålesund (0015-0100), Torvik (0215-0230) og Måløy (0515-0545).


I løpet av natta hadde me og passert turens siste opne havstykket Stadt. Og det var roleg det og. Slik dei har vore på alle mine rundturar. Eg hadde ingen forventningar til at det skulle vere store bylgjer her, sidan eg hadde fått insideinformasjon frå kapteinen om at det ikkje var noko ute på Stadt i natt.
Den informasjonen fekk eg i går kveld. Han hadde nemnleg vore i kontakt med nordgåande MS Nordkapp so akkurat hadde segla over Stadt. Kjekt med kjennskap og venskap.

Etter frukost ville eg få med meg innseglinga til Florø. Her skulle me liggje frå klokka 0745 og ein god halvtime fram. Mine bordkollegaer kom frå Florø so dei var og ute på dekk samstundes med meg. Det var mykje kjekt og sjå på her. Ein supplybåt utpå hamna. Staden hadde begynt og vakne til liv og eg fekk innside informasjon om at det ville komme 3 skyssbåtar frå ulike hald om ikkje so lenge. Og dei kom. På rekke og rad. Kjekt og sjå på. Lengre inne låg ein svær oljeplattform.

Rundt klokka 10 var det avskjedsamankomst på dekk 4. Ein hyggjeleg gest og arrangere. Eg droppa det (litt motvillig), sidan eg heller ville prioritere og snakke med folk oppe i salongen. På ein rundtur med hurtigruta får ein nye vener og ein kjem i kontakt med mange kjekke mennesker.

Eg har prata litt med eit nydeleg engelsk ektepar. Han var 91 år og ho var 95. Herlige mennesker. Dei hadde reist på rundtur 3 gonger no. Fyrste gongen var for 30 år sidan. Dei hugsa det hadde kyr ombord på den turen. Dei sat ofte oppe på dekk 7 og kikke på naturen so fløyt forbi. Av og til leste mannen dagens nyheiter for kona. Herlige mennesker.

Litt over 11 kom kaptein Hermod opp for og ta ein kaffekopp med meg og sei takk for turen. Hermod er ein utruleg likandes person og tek godt vare på sine gjester. No fekk han sitje med same bordet til to vossingar. Og noko og ta med seg på livet vidare i Hurtigruteleia for den blide kapteinen.

Eit anna lite høgdepunkt på ein rundtur er seglinga gjennom det vakre Steinsundet. Rett og slett fantastisk og sjå korleis skipet manøvrer seg gjennom sundet og forbi alle holmer og skjer. Godt sjømannskap. Denne øygruppen Sollund/Sula ligg utanfor innløpet til Sognefjorden og er vel verdt og få med seg. Synes det er rart at dette ikkje er eit must på dagsprogrammet til dei ulike skipa so segler langs kysten, for dette er Norges natur på sitt beste.

Turens siste måltid og lunch var åpen sitting frå klokka 1130 - 1330. Det var so vidt eg fekk i meg noko mat. Om eg ikkje hadde hatt skammavet hadde eg bedt om tilgodelapp slik at eg kunne komme ombord seinare ein gong og ete mat.



Innanfor Øygarden møtte me to av marinens fartøy. Flotte og sjå på.

Litt over klokka to såg me Hurtigruteterminalen i Bergen. Eg tok meg ein liten runde på skipet og takka nokre av betjeninga for den minnerike turen. Det er synd ein ikkje kan vise si takksemd til dei som jobber under "overflata". Som dekksgutane, dei i maskina og reingjeringspersonalet. Dei fortener ein stor takk for at skipet alltid er i orden.
I dagsprogrammet står det me skal ankomme Bergen hurtigrute terminal klokka 14.30, og me la til kai so presist so det går an. Landgangen kom inn til skipet nokre sekund over klokka 14.30. Me var overvettandes imponert der me stod på toppdekket og såg på. Eg og Geir Ove. Hurtigruta er proffesjonelt frå topp til tå. Enkelt og greit.

Då landgangen var opna var det dette litt småpatetiske racet om og komme fyrst av blandt dei andre gjestane. Eg gidd ikkje kave meg opp det det lengre. Ein kjem alltid av. Men der var det ei so skubba. Nærkontakt med ei fager, flott jente. Når folk skubber meg i kø prøver eg alltid og gjere motstand slik at eg ikkje taper plassen (og ansikt). Motstand gjorde ho og. So felt ho kunne vore med i motstandsbevegelsen under krigen. Me kom oss i land. Alle, kvar og ein. Koffertar og vesker kom på rullebandet i det eg for ned rulletrappa. Fantastisk kjapp service av mannskap.

Utanfor venta ein kompis so ville køyre meg og Geir Ove til toget. Me rakk det so gjekk kvart over tre. Det går alltid eit tog. Men det er ikkje alltid presise (slik som Hurtigruta). Og dette toget var heller ikkje presis til Voss. Me kom til Voss klokka 1639. Eit par minutt forsein. Men det gjer sjølvsagt ikkje noko i den store samanhengen. Eg var på Voss att etter ein ny SUPER rundtur med Hurtigruten.



---------


Eg oppsummerer for meg sjølv alle dei gode minna frå turen. Litt spesialbehandling frå Hermod Nilsen med kaffebesøk på brua, bordsete ved kapteinens bord som eit høgdepunkt. Besøk i maskinen, særbehandling i cafeteriaen, nye vener blandt dei ansette, nordlysshow , fantastisk mat og super service. Eg meiner ein hurtigrute rundtur burde vore på blå resept og kan anbefale alle og ta ein tur.


Eg kjem GARANTERT att på ein ny rundtur.






1 kommentar:

  1. Takk for turen Birger! Det var både hyggelig og lærerikt å bli kjent med deg, og håper du reiser med oss snart igjen.

    Din barkompis Dan

    SvarSlett