No er me skikkeleg i gong. Frukosten vert innteken medan me ligg i Måløy. Eg forsyner meg av det bugnande frukostbordet og nyt utsikta frå bordvindauget mitt. På utsiktsmenyen i dag har me Måløy med både før og etterinnseglinga. Fantastisk. Det er stille her på kaia i dag. Ein truck fer ut og inn av lagerporten med varer. Nemnast skal at Måløy er ein av Norges største fiskehamnar. Her vert årleg 180-200.000 tonn fisk dregen i land. Imponerande berre det. Eg hadde sjølv nokre lasting- og lossingar her då eg køyrde langtransport. Min kriminelle fortid so eg seier.
Like etter avgong er det ut på Stadthavet. Det berykta Stadthavet. Eg må liksom sei det. Men som eg har sagt tidlegare. Eg har aldri på mine 7 tidlegare rundturar hatt ruskever her. Skikkeleg ruskever. Og det var det heller ikkje i dag. For meg er Stadthavet som ei vakker, lokkande sylfide so ligg og ventar. Og i dag (og) kunne ho bjuda på flatt hav, sol og klårt ver. Men her var bylgjer. Eg kjente dei ja. Kapteinen hadde nok nekta å godkjenne desse som bylgjer. "Ikkje noko å snakke om", ville han sagt. So det var eigentleg flatt hav og fint ver over Stadt i dag.
Kvart over ti er det anløp Torvik. Sjølv om her bur rundt 8000 mennesker so vert det passeret i stillheit frå mi si side. Mike visste ikkje ein gong om at me hadde hatt anløp der pga at alt går so fint og roleg føre seg.
Midt på dagen er det lunch. Og lunchen er buffet. På nabobordet sit det nokre svenskar. Dei ser sympatiske ut. Seinare finn eg ut at han ein eer ein tidlegare containerskipkaptein. Dei tyske medreisande har (heldigvis) bordsett seg på andre sida av restauranten. Dei er sikkert greie folk på denne turen og men eg har svidd fingrane frå tidlegare erfaringer langs landevegen og det heng sterkt att i ein sart sjel. Eg er no meir oppteken av å nyte min eigen eksistens nett no. Her i restauranten med eit nydeleg lunchbuffetbord. Eg et so eg kjenner det. Nydeleg mat. Friske grønsaker lokkar i aust. Ulike varme rettar bugner i vest. Gi gass seier eg.
Klokka 12 anløper me Aalesund. Her bur det ca. 45000 mennesker og me legg til kai midt i sentrum. Ikkje overraskande dukkar velkjente og trufaste Jan Arild opp. Han er ein gedigen hurtigrute entusiast og må vel seiast og vere hurtigrutekongen framføre nokon. Han har passert 1000 (!) turar med hurtigruta. Mesteparten av dei har vore inn og ut av Geirangerfjorden. I kafeen kjem og den faste kaffigjengen innom for ein prat. Eg sit i kafeteriaen og studerar dei. Og tjuvlyttar til alt dei har og prata om. Eg kan ikkje sei eg vart so mykje klokare. Eller som ho sa dama bak disken på konditoriet ein namnlaus plass i Lofoten. "Dæm hær bollan ser litt beklæmt ut".
Eg og Michael vil gå opp til byfjellet Aksla. Opp alle trappene. Det tek sånn ca. 20 minutt. Det var rette dagen for ein globetrotter og ta turen opp. Det krydde av flotte jenter her denne fine vårdagen. Sola skein og det vart faktisk so varmt då me gjekk opp alle trappene at eg måtte kaste jakka. Og genseren. Kanskje ein ny personleg rekord for å gå i t-skjorte. Det er jo enno berre tidleg i april. Det stod og eit skilt med at det kosta 10 kr for å komme inn. Skarve 10 kroner. Spørsmåla hang laust. Kvifor berre 10 kroner? Mest meiningslaust spør du meg. Og kven skal eg betale til? Michael? Me kunne ikkje sjå ein sjel her so ville ha våre surt opptente pengar. Me gjekk innan for det oppmerka området. Ingen kom og gjorde anskrik til at me ikkje hadde betalt. Me gjorde vår fotoseanse slik dei andre gjorde, og so forlot me området.
Snøen var forlengst vekke her oppe på byfjellet Aksla. Men det stod ein stort, gult varslingskilt med "glatte trapper". Glatt var det garantert ikkje. Det var meir sannsynleg med snø i Sahara enn at ein skulle gli her på den bare, ruglete murtrappa. So for me ner att. Ner att dei same trappene me kom opp. Dei same våryre jentene møtte me både på opp og nervegen til Aksla. Dei var ein fest for auga.Litt før kl 18 kom me til jazzbyen Molde. Eg følte ikkje byen hadde noko og bjoda på i dag so eg heldt meg i salongen og nytte kaffen min. Det er ganske sytalaust når ein har kjøpt hurtigrutens raude kaffikopp. Då kan ein finne seg so mykje kaffe eller te ein berre vil. Og det gjer eg og.
Når me forlet Molde er det middagstid. Og no vert det spennande! Fyrste middag ombord. Under middagen er det reserverte bordplassar. Restaurantbetjeninga pleier og vere flinke og bordsette gjestane sine. Det er mange nasjonalitetar ombord. Nokon er utadvendte medan andre er einstøingar. Nokon reisar i flokk. Andre vil vere åleine. So dei ein vert bordsett med er liksom eit uoffisielt reisefylgje under turen. So då ER det litt spennande kven ein vert bordsett med. Eg har vore heldig på alle mine turar. Særs heldig vil eg sei.
No skal eg verte sett på plass. Bokstaveleg talt. Det er mest som eit lite høgdepunkt i høgdepunkta på rundturen. Dei pleier og ta hensyn og prøve og bordsette folk av same "kaliber". Eg og Mike set oss ned med bord 9. Spenninga er mest til og ta og føla på. So kjem fyrste "target". Ein brande av ein kar. Han kjem og set seg ner. Me helsar. Arthur heiter han. Og er tidlegare fiskarmann. Han viste seg og vere ein særdeles hyggjeleg kar. Me skulle komme til og løysa mange verdsproblemar, eg, Michael og Arthur undervegs på denne rundturen.
Framleis er det ein tom plass. Eg reknar med det kjem ein person til her. For det er dekka opp til det. Grueleg spennande. Mike og Arthur er godt inne i det tidlege, høflege stadiet av bordkonversasjonen. So kjem det ein målretta person mot oss. Me kikkar opp nyskjerrig. Det er ei dame i satt alder må eg sei. No gjettar eg skjeldan alder på jenter og damer men sidan eventuelle represaliar er minimale so vil eg anslå alderen på denne dama til 55-60 år. Ho heiter Kate og er frå Australia. Men bur no i Tyskland.
Medan middagen pågår vil me møte sørgåande hurtigruteskip MS Vesteraalen. Møte i rom sjø. Eg må forlate middagen ein kort stund. Ut og sjå. Og ta bilete. Eg må jo det. Veret er flott. Fantastisk til å ta bilete i. Eg prioriterar å ta video no. Medan eg står der kjem to av restaurantjentene ut for å vinke med hankle. Dei kjem med på videosnutten. Dei må jo det. Det hadde vore straffbart og ikkje. Eg føler meg vel der eg står. Nydeleg utsikt. - "Ja no byrjar det går rette vegen", tenkte den entusiastiske hurtigrutetravaren. Skipa tutar flott til kvarandre. So forsvinn dei mot nord og sør.
Me forlet Molde og veret er framleis supert. Seinare etter middagen legg me ut på Hustadvika. Og so i skumringa og då. Hustadvika er eit anna ope havstykke der Kong Neptun er kjent for å regjere og verte observert. Men han var ikkje og sjå i kveld. Det var flatt og roleg hav. Ja ein kunne mest ha køyrt tog over her følte eg. Utruleg motiverande og stå langs rekka og sjå ut mot det opne hav. Og det i fint ver. Då kan ein drøyme seg vekk frå alle bekymringar og berre synke inn i si eiga sjel. Litt over ti anløper me Kristiansund. Dette er det flottaste anløpet hurtigruten gjer på si rundreise. Det er for mørkt no til å verkeleg få nyta det, men på sørturen vil me anløpe kl 17. Då kjem det so for meg er eit av høgdepunkta på desse rundturane. Segle inn mot Kristiansund. Under brua og legge til kai midt i byen. Med hus rundt seg overalt. Eg gler meg alt.
Etter mine forrige reiseskildringar frå MS Richard With har eg fått mange oppmodingar om og skrive frå denne turen og. Det set eg pris på. Eg heng litt etter i skrivinga alt. Det alltid noko og sjå på ute og rastlausheiten er stor.
Maten ombord er so fantastisk og god at eg må ta med dei kreative menyane dei set opp kvar dag.
Meny:
Forrett: Grønn asparges med skinke og urtedressing.
Middag : Vårkylling tilsmakt med estragon.
Dessert: Eple strudel servert med vaniljekrem.




Var de først i Ålesund. so i Molde og so i ålesund att for so å vera i hustadvika? Gløymde du att noko i Ålesund sidan de måtte snu ?
SvarSlettjaja. du fann skrivefeilen. hehe. Michael gløymde att kameraet på kaia. So dei snudde sjølvsagt skipet for å hente det. Kjekke folk.
SvarSlettskulle berre mangla!
SvarSlett