søndag 14. mars 2010

Avskjedsfesten

Neimen har du sett! Flua eg slapp inn i går, "Mona", har funne seg ein ven. Etter to timar so dukker det plutseleg opp ein ny flue i vinduskarmen i køyrebua. Kor i all verden kom den frå? Fluene er vel som reven tenkjer eg. Dei har to innganger.

Eg kaller den nyankomne flua "Lars". Etter to sekunds "samtale" med Mona forsvinn Lars over i nabovindauget. Lars er merkbart meir skvetten enn Mona når eg "forstyrra" han med kulepennen.Ho er etterkvart blitt van til mine "tilnærmingar". Mona er meir aktiv i dag. Kan det vere p.g.a. den nye beilaren som er komen inn frå kulden? Men Lars viser meir interesse for sine omgivnader enn å kurtisere Mona. Neidå, det har ikkje rabla totalt for meg. Eg må innrømme at mistanken kan vere berettiga. Men det er faktisk litt fasinerande å studera kva ei flue gjer på nært hald.

Mona går med sine korte, forte flueskritt oppover ruta. Heilt til topps. Står og avventar situasjonen (venta ho på oppmerksamheit?) før ho flyg, halvvegs dett ned i vindaugskarmen. Ho landa på ryggen. Spreller hjelpelaust med beina. Er det eit spel for galleriet? Ein invitt til Lars? "Eit uanstendig forslag", tenkjer eg og gjev ho ein dytt med kulepennen. Ho er lynkjapp oppe att på alle seks bein. Står og ser på meg. "Hehe. Vart du sur no?", tenkjer eg for meg sjølv. Eller tok eg feil av jenta? Ho pussar bakbeina mot kvarandre og fortar seg bort i ein krok der ho stopper opp.

Den neste timen lar eg flue vere flue og konsentrar meg om andre (viktigare) gjeremål. Sjekker at graset gror (!), snakkar med nokon frå skiskulen, les ein Donald Duck pocket, et nista mi og høyrer på musikk. Etter min siste tur ut var det no blitt fem fluer på innsida av vindaugsruta. Her var det nokon som hadde funne seg til rette. For godt til rette? Det viser seg at det er Lars som har invitert på ope hus. Eg må innrømme at eg såg det var ein del fluer på utsida av køyrebua før på dagen. Men so lengje dei lot meg i fred.......

Men no var det full fest her. Piker, vin og song. (Tilsvarande fluer, smuler og song for fluene). Og det var eit tankekors at det var eg som hadde stått for musikken! Eg veit ikkje kva som var verst. At Mona som var leigebuaren (på korttidskontrakt vel og merke) ikkje ville eller fekk lov å vere med på festen.

Eller var det at Lars hadde invitert tre andre fluer utan mitt samtykke? Og ein av dei var tydeleg mindreårig. Dette mindreårige innsektet var so lite at eg fyrst ikke såg det! I vår verden heiter det seg at personar som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv skal syte for å bli frakta heim eller overlaten til politiet. Skulle eg ringje skipatruljen? Eg lot det vere. Men her måtte handlast!

"Nå går det over alle støvleskaft", tenkjer eg.

Og i løpet av sekunder er fire fluer "skibba" ut av køyrebua. Mona tek heile opptrinnet med knusande ro. Surrar ubesværa for seg sjølv i det andre vindauget. Veldig oppteken med ingenting. Av dei fire fluene eg kasta ut er det berre Lars som viser seg. Han står på utsida av ruta. Veit han i det hele tatt kva han har gjort?

No er det berre meg og Mona att. Eit gryande kjærleiksforhald? Neppe! Faktisk ein latterleg idiotisk tanke. Eg føler ingen tiltrekning til flua. For det er jo berre ei flue. Ei flue betyr like lite for meg som mange sjåførar betyr for befraktare/bilmeglare rundt omkring. Eller?

No lider eg valgets kval. Klokka er fem på fire. Skal eg la Mona bli i bua når eg går heim? Noko som er einsbetydande med den visse død. For i morgon kjem ein ny heisførar.

(Skrevet vinteren 2002)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar