Den grønne flekken ved heisen som vart synleg i forrige veke har no spredt seg som ein ondarta kreftsvulst. I februar måtte me stå på og spa snøen vekk frå påstigningsfeltet og heisområdet. No må me jammen spa den same snøen tilbake att. Veldig moro. Ingen folk i heisen. Og ingen fluer å plage! Dei har drege sin kos dei og. Den eine flua som vart att for å halde fortet, endte sine dagar brutalt utanfor døra til køyrebua. Kva er det med fluene på Voss? Ein kunne lure om dei har studert kalenderen og skjønar at det lakkar og lir mot sesongslutt.
Ein veit jo aldri. Eg ringjer opp til toppvakta.
- ”Hangurstoppen!”
- ”Ja, nede her. Fluene har forlatt meg. Har du ein flue til meg?”
- ”Død eller levande?”, var det kontante svaret.
Replikken var so henta ut frå ein Western film.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar