søndag 14. mars 2010

Eit trent auge

Eit trent auge kan oppdage sjølv den minste ting som går vekk frå "normalen". Eg sit på Hangursrestauranten og nyt ein varm kopp kaffi ein solrik og nydeleg vinterdag i februar. Eg har fri frå jobben i dag og har teke turen opp på fjellet for å stå på ski.

Mens meir og meir av det kvite på innsida av pappbegeret kjem tilsyne legg eg merke til noko gale som ikkje er rett med ei lita fluekropp i vindauget. Kva som gjorde at eg retta oppmerksamheiten mot flua veit eg ikkje. Eg ser på den der den går på vindauget.

Den har berre fire bein. Eg studerer den. Kun fire bein. Tre på venstre side og eit bak på høgre side. Går det an og gå med det? Eg ser flua har problem med vektfordelinga. Den går på skakke. Eg filosoferte ein augneblink på kva den ville gjere om siste foten på høgre side forsvann. Korleis ville den gjere det med takeoff og landinga? Ville nok vorte eit par krasjlandingar tenkjer eg. Grublinga mi stogga momentant då eg oppdaga at kaffikoppen var tom. Eg fann tida moden til å trekkje ut att i skiløypa.

Det er "godt" for kropp og sjel og sjå dei andre kollegaene mine som sit rundt i dei forskjellige heisbodane. Mange av dei ser ut som dei sit halvt i svime og kjeder rævva av seg. Eg føler med dei, men kan ikkje unngå å kjenne litt skadefryd. Eg veit so inderleg godt korleis dei har det.

Men min medkjensle for mine kollegaer forsvinn i det eg suser nedover eit solbada, snøkvitt landskap. Eg har vore rundt i heile skianlegget i dag. Som eg sa til min kjære: "I´ve been swooshing all over the mountain today".

Eg nyt i dobbel forstand turane opp med Hangursheisen. Som ein tidlegare radiomann sa det: "Ja livet er herlig, dere". Eg er overbevist om at sola konsentrerer sine varme, mjuke strålar om meg for å gjere dagen min perfekt. Eg vert tilsnakka av toppvakten då eg kjem opp på ein av turane.

- "Det er krise her! Kaffikanna mi er ødelagt", sa han.

- "Har du knust den? Det må du gjøre noe med. Det går på sikkerheten løs", svarte eg.

Like etter har eg gløymt problema hans og "slalomerar" meg ned ein nydeleg blend(a)kvit, snødekt fjellside langt vekke frå alle problemar og bekymringar.

(Skrevet vinteren 2002).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar