Eg drep ikkje fluer eg. Eg berre hiv dei ut. Ut frå bua mi. Eg fekk inntrykk av at min snillisme - den spreidte seg fort. Som ild i tørt gras. Eg assosierte eigentleg min snillisme med alle fluene på veggen på utsida av bua her fyrst då ein skiinstruktør frå skiskulen peikte på dei og sa:
- "Look at all the flies!"
- "I don´t kill them anymore", svarte eg, "I let them hang around".
- "Oh so the word must be out then", sa han tørt, smilte, og sette seg i heisen.
Dei svakaste fluene låg på snøen og sprella hjelpelaust med beina i veret. Om det var den harde medfarten etter den ukontrollerte landinga eller sjokket over å framleis vere i live veit eg ikkje. Det var eit betydeleg antall fluer som låg utanfor her.
Dei av den litt meir levedyktige sorten "sat" ved dørkarmen og på utsida av vindauga. Om det er respekten for meg eller eit snev av "don´t push it" veit eg ikkje. So vidt meg bekjent har ikkje fluene intelligens, berre instinkt. So kvifor kjem dei ikkje inn då?
Dei erfarne og meir hardføre fluene er allereie kome inn i bua att. Til min grenselause irritasjon. Nokon av dei er blitt kasta ut opptil flere gonger. Andre har nettopp landa på vindaugsruta eller i den raude vindaugskarmen. Dei er alle godt i gong med "inspeksjonsrunda" etter no´ gamal mat eller kanskje ein sexpartnar.
Men tilslutt fekk eg nok. Plassen ute vart full av skadde, daue og lemlesta fluer. Eg hadde væpna meg med ein tjukk avis, og gått laus på dei plagsome små inntrengjarane. Det er eit gamalt eksemplar av Bergens Tidende som gjer nytte som slagvåpen.
Eit hardt, nådelaust dask på ruta. Ein knust, forvridd liten fluekropp dett ned på vindaugskarmen. Ferden går vidare ned i den blå søplebøtta i kroken.
(Skrevet vinteren 2002).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar