søndag 14. mars 2010

Stolar og trøytte småfolk

Sagt på ein enkel måte so har eg ein jobb der eg får betalt for å sitje på ein stol og sjå på om andre mennesker kan setje seg på ein stol utan problem. Ikkje ein vanleg stol, men ein stol som beveg seg og fraktar deg med oppover lia.

Det finst stolar overalt. På skulen, i heimen, på arbeidsplassen og på venteværelset hjå både tannlækjaren og legen. Går du på besøk til ein ven so er det stoler der og. Du forventar at det skal vere ein stol der. Og du tek det som ein sjølvfylgje at stolane står i ro. Folk er van med at stolar står i ro. Og det gjer dei stort sett og. Men ikkje alltid, og ikkje her. Ikkje når ein jobbar i skiheis på fjellet.

So då er det ikkje so rart at enkelte mennesker vert litt smånervøse når stolane rører på seg. Me har "fuglemora" som kjem fram til heishuset og står lenge på utsida av sikringsnettet og studerar. Studerar og observerar om dette verkeleg er sikkert. Sikkert og trygt nok til at ho kan sende sine håpefulle små med opp i desse skumle stolane som rører på seg. Eg vert sjekka eg og! Sjekka og granska om eg er ansvarsfull nok til å få det ærefulle oppdraget med å passa på ungane hennar dei få sekundane det tek og gå på stolen.

Ho finn ut at det er trygt nok. Ho fylgjer køen og går gjennom teljeapparatet med ungane synleg framfor seg. Ho bankar på ruta mi. Ho ber meg sakka farten når minstemann skal setja seg på stolen. Denne nifse stolen som rører på seg. Eg senkjer farten og eit kort augneblink etterpå er dei på veg oppover lia. Ritualet med å senkje farten osb, vert eg beden om heilt til "fuglemora" får ein streng beskjed frå sin håpefulle om at det ikkje er nødvendig. Neste gong skal ungen gå på heilt åleine! Med ein tydeleg nervøs kroppshaldning står mora ved sida av i påstigningsfeltet.

Unger klarer seg nesten alltid betre enn dei vaksne når det gjeld av og påstigning av skiheis. Kvifor er det slik? Det mest rare eg ser er den overnervøse mora som ikkje kan halde fylgje med minstemann og kjem halsande etter for å hjelpe til når denne skal gå på heisen. Halvpanisk prøver ho å halde att stolen slik at ho kan festa på den grøne sikringslenkjen. Det er sjølvsagt nyttelaust. Og med det resultat at mora dett.

Tid for forandring.
Nordmenn er født med ski på beina heiter det so fint. Slik var det før i tida ihvertfall. Men ikkje no. Før hadde ein ski på beina og eit par stavar til å kome seg fram med. Til å få fart med. Men ikkje no. Stavane er so tunge og halde so dei står att i butikken. Skia er bytt ut med brett. Snøbrett eller snowboard.

For har ein to ski må ein sliten og trøytt ungdom rekna med han eller ho må lyfte beina. Og det er tungt skal vite! For dei unge i dag er so trøytte. Trøytte og slitne. Om det er alt skulearbeidet som slit dei ut veit eg ikkje. Men dei har tildels store problem med framkomelegheiten fram til påstigningsfeltet for stolheisen. Beina er som bly. So dei står begge godt planta på brettet. Og dei dreg seg fram med hjelp av tau og sikringsnett. Men dog......... dei som merkeleg nok klarar å lyfte eine foten av brettet vert so slitne av denne kraftanstrenginga at dei heng over nettet som tøy på ei klessnor. Eg klarer ikkje i mi medføling og medlidenskap og gje dei beskjed om at det ikkje er lov å hengje i nettet.

Kor e alle heltar hen?
Mangt og mye er forandra sidan tidenes morgon. Og folks haldning på fjellet. Og då spesielt ungdoms´ haldning. Mobiltelefonbruken florerer. Eit uunnværleg "hjelpemiddel" for dei. Det pip og det ringjer konstant. "Kor e du hen?", "Kommer du?", "Vent på toppen" osb osb. Korleis me greide oss før i tida då me gjekk på ski er for meg ei stor gåte.

Det spyttes, snuses, røykes og det bannes. Den merkelege sæggebuksemoten er og og finna på fjellet. Naken hud openberrer seg med jamne mellomrom. Er det ikkje kaldt? Dei som røykjer, og då spesielt gutane, er so tøffe at røykjen sovidt heng i munnviken.

Det vetle hovudplagget.
Det står ikkje betre til med hovudplagga heller. Då eg var liten (eg er framleis ung og vakker men....) hadde me ei vanleg hue på hovudet. Ferdig med den saka. No kjem ungdomane med ei merkelegaste "tinga" plassert på "toppetasjen".

Det mest "ekstreme" tilfellet var då eg berre måtte ringje opp til toppvakta og sei: "det kjem opp ein med ein fisk på hovudet". For vedkommande hadde ein tøyfisk montert på lua. Førre dag kom det ein med to horn i lua. Eg stod ute då eg fekk auge på denne ungdommen. Eg sa til skiskulelæraren: "Du har ein ku bak deg".

Ellers ser eg hjelmar og luer i alle fargar og fasongar. Ein hadde todelt dusk som gjekk ned til rompa. Ein annan kom med piggete lue. Eg ser ungar med både lue og hjelm utanpå, der lua er so svær at ein ser meir av lua enn hjelmen.

Eg har hatt besøk av gutar med hanekam (!). Eg må innrømme at eg heva augebryna då eg såg han. Den markante taggete hanekammen stod til værs. Kor mykje brylkrem so var inni der veit eg ikkje. Hanekammen må ha vore 5-10 cm. Han kom som ein av dei fyrste skigjestane då eg opna heisen ein vindfull dag. Då han kom att utpå ettermiddagen hadde hanekammen lagt seg fint ned til høgre side.

(Skrevet vinteren 2002).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar