søndag 14. mars 2010

Om temperaturar og slikt

Etter å ha kjempa med knuta min kjære laga på posen med mandarinane i, retta eg blikket ut av køyrebua. Tankane mine flykta ut av bua og augene mine kvilte tomt på eit snøblåst landskap høgt til fjells.

Eg tenkjer på kuldegrader. "Kuldegradene er sponset av Subaru". Hørt den før? Reklamejingelen på P4. Har du høyrt noko so latterleg dumt? Kuldegradane utanfor køyrebua her på Hangurssida har lagt seg på akseptable seks grader. Med negativt forteikn. Det kan ein leva med. Nede i Voss sentrum har gradane krøpe endå lengre ned og stoppa på ubarmhjertige -14.

Då me var ute på byggjeplassen til Voss Rafting i forrige veke, då med -16 på gradestokken, sa eg med glød i stemma til ein arbeidskollega:

- "Det er 34 grader i bukselommo min!".

- "Hjelp ikkje noe det når ikkje eg får komme opp i bokso (buksa) din", svarte han tilsvarende pessimistisk.

(Eg har temperaturmålar på mobiltelefonen min. Praktisk?). Her inne i bua er det oppsiktsvekkjande tilstandar. Det er fluelaust her! Desse enkle trehytta gjennomgjekk ein ansiktslyftning, eller kanskje eg skulle sei restaurering, forrige sommar. På diplomatisk vis vert varmen heldt inne og fluene ute.

(Skrevet vinteren 2002).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar