Eg sit i køyrebua. Eg kjeder meg. Det er lite folk. Sola steiker. Omnen står på fullt inne. Ole Lukkøye lurer rundt hjørnet. Men han kjem ikkje! Eg hiv ut ei flue. Og ei til. Kor kjem dei frå? Den fyrste flua eg heiv ut står på utsida av vindauget. Den vil visst inn att. Eg gjev den ikkje noko oppmerksamheit. Den forsvinn bort og set seg på ein tom stolheis. Og vert med oppover.
"Dæven. Det var en lat flue!", tenkjer eg.
Den andre flua har gjeve seg i kast med ei rosin som falt av ein av bollane eg åt før i dag. Kva er det den gjer??
Litt seinare snakka eg med toppvakten. (Fluene er berykta her på denne sida av fjellet). Eg spurte om han hadde sett ei flue som kom opp på ein av stolheisane. Han var med på dialogen og sa:
- "Ja eg måtte stoppe heisen med nødstoppen. Den ville sitte på rundt vendehjulet og verte med ned igjen".
Det er ikkje lov å bli med rundt vendehjulet av sikringsårsakar. So flua forsvann. Gud veit kor.
(Skrevet vinteren 2002)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar