Det bles friskt ute. Litt meir kast i vinden so stengjer me fjellet. Det føles rart å kunne ha so mykje makt. At ein kan sei ein stengte fjellet etter ein telefon.
Mens eg sit her i toppbua og ser ut på dei tomme stolane som passerer bua, bankar det plutseleg på døra. Eg lukkar opp. Utanfor står ein forblåst mann. Små smale auge ser på meg. Ut av ein munn forma som ein rosinsprekk kjem det på gebrokkent engelsk: "Can I go this way?" Han peiker mot Slettafjellet.
Eg forklarar kva heisar som er opne og korleis han kjem seg ned til Bavallen. (Bavallen er den andre heisen med tilkomst til fjellet. Og den ligg på andre sida av fjellet.) Vinden riv og slit i døra og gjer det ekstra ufyseleg å stå her i døropninga. Vinden vart målt til 20-25 m/s i kasta her på toppen akkurat no.
Superflue?
Kor er alle våre bevinga medskapningar i ein slik stund? Forståeleg nok at dei ikkje vil opphalde seg utandørs, men kor er dei? Ein fugl som er sterk i klypane kan kanskje gøyme seg i eit godt skjult tre og halde seg fast. Men ei flue kan eg liksom ikkje sjå for meg klora seg fast mot vindens herjingar. So kva gjer dei?
Har dei nokon form for innebygd "værvarslingsystem?" Me har høyrt om fuglar med innebygd "navigasjonsystem". Men la oss ta for oss desse fluene. Eg går ut frå at om ein har det so har alle det. Innebygd værvarslingssystem. Om ikkje ville vel denne eine flua so har det vere ein slags superflue. Kanskje det er ein slik ein som sit på ruta inne i køyrebua mi akkurat no?
Eg må innrømme at den har vore her eit par dagar. For eg har ikkje hatt hjarte til å kasta han ut. Ikkje plagar den meg nemneverdig heller. I løpet av dagen gjer den eit par forsvinningsnumre. Du veit..... Sometimes you see it, sometimes you don´t.
(Skrevet vinteren 2002).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar