søndag 14. mars 2010

Fluene på Voss........

Her sit eg i dag. Føler det går nedanom og heim. Klokka nærmar seg to. Sidan eg opna heisen halv ti i dag tidleg er det registrert 30 skituristar gjennom teljeapparatet. Og sytten av dei kom før klokka ti. Stønn!

Den grøne flekken ved heisen som vart synleg i forrige veke har no spredt seg som ein ondarta kreftsvulst. I februar måtte me stå på og spa snøen vekk frå påstigningsfeltet og heisområdet. No må me jammen spa den samme snøen tilbake att. Veldig morro. Ingen folk i heisen. Og ingen fluer å plaga! Dei har drege sin kos dei og. Den eine flua som vart att for å halda fortet, endte sine dagar brutalt utanfor døra til køyrebua. Kva er det med fluene på Voss? Ein kunne lure om dei har studert kalendaren og skjønar at det lakkar og lir mot sesongslutt.

Ein veit jo aldri. Eg ringjer opp til toppvakten.
- "Hangurstoppen?"
- "Ja, nede her. Fluene har forlatt meg. Har du en flue til meg?"
- "Død eller levende?", var det kontante svaret.

Replikken var som henta rett ut frå ein Western film. Eg ser på dei fire døde fluekroppane som ligg i vindaugskarmen. Dei ser ut som dei har vore gjennom ein forferdeleg oppleving. Kva er dette? Eit snev av dårleg samvittigheit brer seg over meg.

Eg minnast Frank Molstad´s suverene samanlikning av fluer og sjåførar. Eg tenkjer: Me mennesker (og bikkja mi) ser på fluer som ein pest og plage. Men har dei nokon nytte i det hele teke? Har dei ein misjon her i livet? Me kan trekkje ein parallell der og! Til sjåførar. Dei vert sett på som ein pest og plage når dei kjem halsande til terminalen fem på halv fire. (At dei har køyrt over køyretida for å klara det er uintressant!)

Den dårlege samvittigheiten lyser av meg. Eg skotter bort på dei fire døde fluene i vindaugskarmen. Plutseleg sit det ein flue på vindaugsruta. Om det er for å gjere bot eller eit snev av galskap som farer over meg her eg sit, veit eg ikkje, men eg opner vindauget og slepp flua inn!

Den surrer bort til vindaugskarmen i andre enden av det vetle rommet og set seg fornøgd ned. Halvt i sjokk sit den heilt urørleg i minst eit halvt minutt. Eg studerer den vesle fluekroppen, og tru det eller ei. Den begynner å gni frambeina mot kvarandre som om den forsøker å få varmen i seg. Eg skjenker i ein kopp kaffi mens eg studerar flua. Det verker nesten utruleg. Den gjer nokre små røyrsler som ikkje er til å misforstå. Pussar vingene sine, gnir føtene mot kvarandre, går litt fram og tilbake i vindaugskarmen. Litt ustø i gangen kanskje. Og etter ein stund beveger den seg oppover ruta. Ein ferd som strider mot alle dei fysiske lovane, men ikkje naturens eigne lover. Men dette veit sjølvsagt ikkje den vesle flua. Geir Sundet har fundert på det før.

Sitat: "Jeg ser på den lille humlekroppen igjen. Et eller annet sted har jeg lest at humla egentlig ikke skal kunne fly. Vitenskapen har nemlig beregna at overflaten på vingene er for små i forhold til kroppsvekta. Grunnen til at humla likevel flyr er at den ikke kan lese, og derfor ikke er klar over dette."

Flua har vore på ruta ein halvtime no. Den ser ut til å stortrivst der den går opp og ned, fram og tilbake i si kvilelause jakt på gud veit kva. Av og til stopper den opp. Står heilt i ro. Strekkjer på vengjene, gnir på nokre av sine utallege bein. Og so forsett den si meningslause vandring hit og dit.

Eg filosoferar: Kor mange auge har ei flue? 30? 50? Kanskje endå fleire. Å sjå for seg ei flue med rusk i auget er vel ein sjølvmotseiing. "Rusket" måtte vore ekstremt lite. Og kva flua hadde tenkt kan ein jo berre gjette seg til.

"Pokker. Der fekk eg eit rusk i det 13 auge på venstre side".

Om han i det hele tatt finn ut kva auge han fekk rusk i då. Flua veit ikkje at han lever på lånt tid. Mi tid! Men eg er i godt humør i dag. So flua fekk vere attende i bua då eg var ferdig for dagen og skulle heim. Då eg gjekk forbi bua stod faktisk flua i det siste vindauge den kan sjå meg i! I min fantasiverden vinker den vel farvel til ein kjekk kar?

(skrevet vinteren 2002).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar