Det er måndag i dag. Ein skikkeleg måndag. Eg har hatt fri fire dagar, so då vert det ein blåmåndag å gå på jobb att. Det er liksom eit eller anna med å gå på jobb etter ein har hatt langfri. Moder Natur verka heller ikkje i "slag" i dag. Det bles opp mot 25 s/m i kasta på fjellet. Dama er rimeleg bisk! Det er grått og overskya og snøen er blaut. Ein måndag som ikkje vik tilbake for noko(!).
Ein bæsj.
Ein flatklemt brun bæsj ligg utanfor restaurantdøra. Litt lengre borte står det uheldige offeret som tråkka på gørra. Han skrapar av restane på den brune dørmatta. Eg veit med ein gong at det kun er to mistenkte til denne udåden. Men dei er ikkje å sjå. Offeret har imidlertidig allereie utpeikt ein syndar.
- "Biiiirger!", navnet mitt skjer gjennom lufta, "Kameraten din har lagt en bæsj utenfor i hallen". Like etterpå får ein rutinert hand inni ein svart hundepose fjerna svineriet.
Bagatellar og kaffekoppar.
Før dagens harde verkelegheit, og kanskje brutalitet, innhenta meg i form av ei lita rue på golvet, sat eg i restauranten og koste meg med ein god spesialmixa kaffikopp. Eg lada opp til ein ny dag. Eg la merke til at dette var kaffimaskinas 604 produserte kaffikopp sidan sist det vart fylt på kaffipulver. Ein uintressant bagatell. Men som mannen sa då jakka hang seg opp i dørhandtaket: "Det er stort sett bagatellar ein heng seg opp i".
Eg luntar opp til skiheisen. Snøen her er skitbrun. Sekundar etter eg er komen inn i bua er cd-spelaren min i full vigør. Etter tidlegare ynskjer frå publikum har eg sett på ein cd med countrymusikk. Dei reisande i skianlegget er kvalitetsbevisst skal vete.
Det er to gamle speakere som heng høgt oppe på den svarte veggen ute som gjer nytten som høgtalarar. Dei er hengt opp med hjelp av to solide rustfrie bolter som feste. Dei gråkvite høgtalarane har sett sine beste dagar. Når eg spelar musikk via høgtalarane kan det av og til høyrast ut som det er eit helikopter inni den eine høgtalaren. Den gjennomtrengjande "flappelyden" overdøyver til tider musikken enkelte gonger.
Tankane mine dett fort frå dei kvite høgtalarane på den svarte veggen, og ned på den svarte snøen utanfor bua. Eg legg meg til sinns at den må eg prøve å gjere kvit att.
Møtestad?
So byrjer dei fyrste skigjestane og kome. Det irriterande momentet med folk som stoppar opp gjenntek seg dag etter dag. Folk som stoppar opp etter dei har gått gjennom teljeapparatet. Dei står innanfor sikringsnettet og framfor påstigningsfeltet til stolheisen. Eg har frå tid til annan lurt på om det er eit stort, blått skilt som seier "møtestad" her ein plass. Du veit slike skilt ein kan finna på jarnbanestasjonar og flyplassar. Ja, ein finn det og på små, smale vestlandsvegar der det er behov for det. Ja, for noko må det vere so gjer det. Gjer at folk finn det for godt å stå utanfor bua her og diskutera, vente på vener eller dei finn det for godt at dei må stilla litt på skia sine. Kvifor er det slik?
Motorveg?
Påstigningsfeltet til ein skiheis kan samanliknast, med ein påkøyringsrampe til ein motorveg. Dei har og ein annan ting felles. Ein verken kan eller skal stoppe opp her. Etter ein har gått gjennom teljeapparatet til heisen er det ca 5-6 meter fram Påstigningsfeltet til stolheisen til der ein set seg ned i stolen. Det er påfallande mange som stoppar opp her. Påfallande mange. Kvifor er det slik?
Eg skal ikkje påstå det er forbunde med den same fare som eit påkøyringsfelt til ein motorveg. Men prinsippa er dei same, og det kjem skjeldan noko godt ut av det når trafikken (les: skituristane) stoppar opp i desse felta. Men for min eigen del: Sjølv den verste hending har sine lyse sider. Eg irriterar meg betraktelig mindre når ei flott jente stopper opp framfor bua her. Eit fint blikkfang å kvila augene på i ein ellers stressa kvardag.
Fyrste mann til "mål".
Men tilbake til livets realitetar. Til skiheisens påstigningsfelt. Folk ser ut til å kjempa med nebb og klør (eller ski og stavar) for å koma fyrst i køen fram til heisens teljeapparat. Det kan ein forstå. Men straks dei er innanfor teljeapparatet er det stopp. Då hastar det ikkje fullt so mykje lengre. Kvifor?
I miniatyr målestokk kan ein samanlikna den stunda frå dei er komen innanfor teljeapparatet og dei metrane fram til heisens "løpebane" som eit skistadion. Eg sit på VIP-tribuna og fylgjer (spent) med. Og akkurat som i langrennssporet er det taktikken som råder her og. Ingen vil ta det fyrste steget. Sekundane går. Men plutseleg bryt den avgjerande spurten inn (eller ut?). Fyrste mann til mål gjeld. Til stolen.
Like etterpå......
Sigersherren snur seg triumferande og med eit mykje tilfreds smil og ser på taparane. Han seier "eg venter på toppen". Forstå det den som vil.
(Skrevet vinteren 2002).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Hahaha! Hurra :D
SvarSlett