Den vesle flua "Ivar" skrik - lydlaust. Ein edderkopp har kome seg inn i køyrebua. Inn i det same rommet han oppheldt seg i. Edderkoppen er enno på den andre sida av rommet, men den har retning mot godbiten. Mot Ivar. Med alle dei utallige augene kan han ikkje unngå å sjå faren som lurar i det fjerne.
Ivar er "skadeskoten". Han manglar det høgre bakbeinet. Det som han styrer med. Og høgre framfoten er lettare forstuva. Eg trudde fyrst den var vekke den og, men han hadde berre trukke den opp under den magre fluekroppen. Panikken er i ferd med å bre seg. Redninga kjem i form av ei avis. Eg lempar edderkoppen ut av vindauget. Eg skal ikkje ha noko blodbad i mi køyrebu! Berre flaks hindra den vetle flua frå å verte fanga, "pulverisert" eller "innbakt" i spindelvev, og vidare oppløyst og eten.
Korleis Ivar kom i denne stakkarslege forfatninga veit eg ikkje. Då eg kom i køyrebua i dag so låg han urørleg på ryggen i vindauget. Korleis hamnar fluene på ryggen (når dei berre har opphelde seg på bakken)? Ser ein nærare på ei flue ser det ut som den har fullt av "veltebøylar" på kroppen. Men ser du ei død flue so ligg den alltid på ryggjen. Kvifor?
Ivar hadde låge urørleg på ryggen i litt over ein time. Eg sat og las VG, då eg merka ei rørsle i augnekroken. Rørsla kom frå Ivar.
"Han rører jo på seg!"
Det var fyrst då eg vart oppmerksam på den elendige forfatninga han var i. Kor lengje han hadde låge slik må gudane vete. Eg skubba til han med kulepennen min. Ingen reaksjon. Eg dytta til han att. Den kom seg på bena, men ikkje for eiga maskin. Ivar verka heilt forkommen. Han står urørleg og ser på meg med sine utallige auge.
Etter å ha stått urørleg slik lenge byrja han forsiktig å flytte seg rundt i vinduskarmen. Ha beveger seg mot kanten. Han vil opp på vindauge. Men han klarar det ikke. Han står på "halv åtte". Men den dårlege foten ville ikkje lystra.
Neste gong eg ser på han ligg han på ryggen (att). Det er tydeleg kva han har prøvd på. Han gjer tilslutt opp. Ivar har gjeve opp å komme seg opp på dette vindauget. I si desperate kamp for å kome opp på vindauget, kjem Ivar på at det er fleire vindaugsruter å prøve seg på. Men korleis kome seg over til nabovindauget? Eit dilemma for Ivar. Men den vesle flua veit råd. Og utruleg nok. Han beveger seg på kanten og går rundt karmen og over i neste vindauge.
Neste dag eg kjem på jobb i bua ligg flua død i vindaugskarmen. Dei gode forholda vart for mykje for den vetle flua. Den døde av påkjenningane.
(Skrevet vinteren 2002).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar