søndag 14. mars 2010

Den obsternasige flua

Skyene har trekt austover so den kulerunde sola titter fram bak dei enorme bomullsskyene. Det kvite snødekte fjellandskapet viser seg frå si beste side no. Ute er det snø, snø, snø og meir snø. Folk storkosar seg ute i dei flotte nypreparerte løypene. Er det ikkje flott? Hadde eg køyrt lastebil på denne vakre dagen so
hadde eg vel grått mine modige tårar. Men i dag gjer det ingenting. Her på dette fjellet er snøen svært velkomen.

Den obsternasige tenåringsflua "Albert" dukker plutseleg opp på vindaugsruta i 11-tida i dag. Kor kom den frå? Ikkje utanfrå. Eg har aldri sett ei flue utandørs når det er minusgradar. So den må ha halde seg i skjul innandørs.

"Albert" har sikkert låge i dvale ei stund etter utklekkinga, for han er tydeleg ikkje kjend med sine nye omgivnader. I løpet av den neste timen har han vore over heile ruta her. Han har mellom anna inspisert og utforska naudstoppen, termosen, kulepennen og mykje meir. Med ein likegyldig gange går han vidare. Små dytt med kulepennen min resulterer i irriterte og rampete hopp i lufta 1 cm frå ruta og 2-3 cm over den raude vindaugskarmen. Tilslutt står den i ro på løypekartet.

Det er klart det at når den får gå i fred (stort sett) so kjem nye fluer til. Ein ekkel flue med blå rompe har litt seinare komme inn i bua her. Kor kom den frå då?

Interessa for fluene forsvinn som sola gjer bak ein stor sky. Gradene (ute) stig som lysta gjer på ein god kopp kaffe.

(Skrevet vinteren 2002).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar