onsdag 17. mars 2010

Eg hater..........

Eg hater..........

- Eg hater Hotmail og Start kontoen min og all reklamen so fløymer inn der.

- Eg hater brødet so berre heldt seg ferskt i 2 dager. Då er det som regel for seint. Må jo fråtse i det brødet skal ein rekkje å ete det opp før mygledyrene kjem.

- Eg hater nå kaffien vert kald so fort. Drikk eg for tidleg er det for varmt. Drikk eg for seint er kaffien blitt kald og eg får heilt lella når eg smaker kald kaffi.

- Eg hater rekningar. Dei kjem uansett. Og det finst ingenting so kort so ein betalingsfrist!

- Eg hater fisk. Brrr. Noko so ekkelt. Lukter ildt gjer det og.

- Eg hater smalahove og synst det er motbydeleg. Rett og slett. Det gjev grimme minner om korleis det var i den barbariske fortida. Sauer er alrighte dyr so la 'rem vær. (Tok du den?)

- Eg hater når dei har megatilbud i ein butikk og eg må jobbe den dagen ein plass so gjer at eg ikkje rekk ned att for å handla den tingen. But who cares anyway?

- Eg hater når eg har teke bilete av ting og gler meg til å sjå det på papir. Og so vart bilda dårlege! Ein kan grina av mindre.

- Eg hater i hvertfall bilistar so køyrer seint. Noko so frustrerande. Unge frustrerte menn. Kan ikkje de bruke spegla? Ve so snill då!!

- Eg hater eplekjekke kvinnfolk. Menn er ikkje eplekjekke. Dei er berre uoppdragne, uhøflege, brælete, masete, sjå-lenge-på-tvsporten type, Men eg hater eplekjekke kvinnfolk.

- Eg hater å måtte ta opp bommelommen til bikkja. Clean up your own backyard! Om det no er slik at det finst folk ute i verdsrommet; Kven trur du dei ser på som sjefen? Bikkja som drit og går sin veg? Eller eg som kjem bak og må plukke opp driten? Noko so flaut!

- Eg hater å bruke bereposer med reklame på utan å få betalt for det.

- Eg hater TV'en og program eg vil sjå. Dei byrjer aldri når dei skal pga den jæv.... reklamen. So du.........gløym å stille inn videoen.

- Eg hater når det lyser for lite diesel/bensin på bilen.

- Eg hater når folk (les: jenter) ikkje svarer på mail. Får de for mykje mail? Ansett ein sekretær. Oi, no provoserte eg vel. Provosere, provosere, provosere.

- Eg hater å stå i kø på posten. Då får eg so god tid til å tenke på kor dårleg den tjenesten er. Kva tjeneste? Dei dyre prisane dei opererar med. Firkantheiten innan systemet der. Og heile den regla.

- Eg hater den vesle varmetanken til dusjen. Den held aldri lenge nok til at eg skal få meg ein GOD dusj. Det er eit stressmoment. Ein må få gjort unna pliktjobben før det kalde vatnet kjem.

- Eg hater ihvertfall varmetanken til kummen på kjøkkenet. Den er so liten at det er kaldt vatn etter ein halv vaskebøtte. Hallo? Kan nokon gje meg en tyggepinne? Eg vert so sint!

- Eg hater å måtte skriva so mange eg hater setninger.

2 kommentarer:

  1. Du virker halvfrustrert! Ta deg en ferie! :-)

    SvarSlett
  2. Nei er ikkje det. Dette var skrevet i 2003. Berre tek fram nokre gullkorn.

    SvarSlett